Kjære folk!
Eg elskar årstider! No er det tida for horisontalt regn, lauv som fyk gjennom lufta, høg himmel eller lågthengjande tåke. Eg går ut og nyt det. Inne er det tida for varm kakao, fyr på peisen og tende ljos. Eg nyt det og.

Og brått dukkar det opp ein dag med opphald og litt sol. Då kan eg gå ut og plukke haustens siste bukett.
Eit sitat eg vil dele
Dei siste vekene har eg, slik eg pleier å gjere, lese aviser. Det vart mange tankar om norsk politikk, og då eg sette meg for å skrive, vart det ikkje berre eit sitat, men fleire.
Partiet Sentrum har sett dagens ljos, og Geir Lippestad, tidlegare Arbeidarpartipolitikar, er no i ferd med å samle 5000 underskrifter slik at han og partiet kan stille til val i Noreg neste haust. Dette gjer han saman med blant andre tidlegare KrF-nestleiar Odd Anders With. Eg siterar eit spørsmål frå Klassekampen og det Geir Lippestad svarte:
«- Eit problem eller paradoks er at de vil hente veljarar frå partia som liknar, og både MDG, KrF og Venstre ligg og kavar under sperregrensa?
– Vi stiftar ikkje partiet for å øydeleggje for nokon. Men for dei partia som vakar mellom 2 og 4 prosent, kan ein jo spørje om dei treffer tidsånda.»


Framstegspartiet syntes ikkje det var spanande nok å sitje i regjering. Men spaning ser det ut til å kunne bli. Carl I. Hagen er visst nominert som fyrstekandidat på Oppland Frp si liste til stortingsvalet. På nrk.no kjem det fram at fleire har sagt at dersom det skal vere slik, ynskjer ikkje dei å stå på den lista. Samstundes er den same Hagen foreslått på tredjeplass på Oslo-lista, og nominasjonskomitéen der håpar at han for alvor kjem seg inn i manesjen att.
Eg kan ikkje tru at Siv Jensen er den som jublar høgast. Under overskrifta «Carl I. Hagen åpner for at Siv Jensen må gå av» blir Hagen sitert slik: «Det er ikke unaturlig om det blir en debatt i Frp om lederskap.» Dette var 20. januar. No seier Hagen, i fylgje VG, at han ser fram til ein «spennende politisk høst».
Hagen er ikkje den einaste som bidreg til det.
Senterpartiet har lenge gjort det dårleg i Oslo. I 2017 fekk dei 2,1 prosent av stemmene. Då Jan Bøhler forstod at han ikkje var aktuell som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet, byrja han å shoppe litt rundt før han til slutt stansa opp hos Senterpartiet. Slik vart i alle fall saka framstilt i dei fleste media, og tonen var svært hard. Nokre kalla Bøhler for ein svikar, medan Trygve Slagsvold Vedum beskreiv han som heil ved.
Eg sette meg ned for å leite fram ei god forklaring på kva me meiner når me omtalar eit menneske som heil ved. Denne fann eg på bloggen mork2014: «Ein person av heil ved står usminka, autentisk og fjellstøtt opp for sine verdiar.» Utan å meine noko som helst om nokon, så er vel dette slik me ynskjer å kunne omtale alle politikarane våre.

Eg opna dette avsnittet med å skrive om partiet Sentrum. Kvar vart det forresten av det politiske sentrum? KrF valde med knappast mogeleg fleirtal å gå til høgre. Venstrepolitikarar er innimellom meir liberale enn det liberalistiske Frp, og ser ut til å like seg godt i ei Høgredominert regjering. Senterpartiet har for lenge sidan gått inn i ekteskap med Ap, og dei som no kallar seg Sentrum, har valt seg venstresida. Kva med MDG? Dei seier dei er blokkuavhengige, men det er det ingen som trur på.
Då TV2 publiserte den siste meiningsmålinga si sist veke, viste det seg at Arbeidarpartiet hadde 18,4 prosent oppslutning. Det kan vel berre karakteriserast som eit katastrofalt elende. Kvar har veljarane tatt vegen? Til eit sentrum som ikkje finns?
Me har nesten eit heilt år på å bestemme oss for kva me skal stemme. Eg håpar politikarane no har gjort unna persondebattane og er klare for å gje oss klar tale om dei politiske vala me har framfor oss.
Dette har eg tenkt på denne veka
Dersom du er heilt ærleg, – har du, tenkjer du eller veit du noko som ingen andre veit om deg? Har du gjort, tenkt eller følt noko som du aldri nokon gong kjem til å fortelje om? Eg har. Høgst sannsynleg har du det og. Alle har noko som er hemmeleg. Nokre har kanskje mindre enn andre, men alle har.
For to veker sidan høyrde me om folk fortelje i media om slikt som hadde vore stort, vondt og vanskeleg å bere på aleine. Ein ordførar hadde halde skjult at han lenge hadde levd på sosialhjelpsats og hadde panta flasker for å få økonomien til å gå rundt. Ein kvinneleg TV-kjendis fortalde oss alle om avhengigheita si til kokain. For båe var det godt å få sagt det, og støtta frå omverda var stor.
Å gå rundt og halde slikt skjult, kan både gå på den fysiske helsa laus og gå ut over korleis ein har det med vener og familie. Svært tungt må det vere for kjendisar og folk i offentlege rollar. Dei må i tillegg til å halde maska for dei næraste, tenkje på kva heile folket vil seie dersom bobla skulle sprekke.

Men ting må ikkje vere korkje stort eller vanskeleg for at me skal ynskje å halde noko hemmeleg. Ein del av det eg er, er berre mitt. Eg likar det slik. Sjølv dei som veit mest om meg, veit ikkje alt. Slik er det, og slik skal det sjølvsagt vere.
Visse delar av eige liv er det best om me ikkje deler med nokon. Dei mest intime kjenslene er best å halde for seg sjølv. Slik er det også med tankar og intuisjonar som får oss til å handle på måtar me knapt nok kan forklare for oss sjølv. Det er ikkje alt som er for andre.
Det kan også godt hende at personlege draumar og planar for framtida ikkje skal delast med kven som helst. Det er jo ikkje naudsynt å utsetje seg for misunning og kritikk. Diskresjon kan difor vere fint å ty til når ein arbeider for å nå eigne mål i livet.
Mange seier at eg kan snakke med kven som helst om kva som helst, og dei trur difor at eg er opnare enn dei fleste. Eg trur ikkje utadvendte pratmakarar held færre ting hemmeleg enn andre. Eg har i alle fall mitt personlege univers som eg ikkje viser fram til nokon. Det finnes til og med folk som eg har funne verdige til å få leve eit hemmeleg lite liv i minnet mitt.

Dersom me derimot ber på noko som er så tungt og vondt at det kjennes vanskeleg, – og me ikkje har nokon å snakke med om det, då trur eg det er lurt å vende seg til eit profesjonelt snakkemenneske. Det er ikkje alle bører me bør bere aleine.
Fine hemmelegheiter derimot, dei skal me samle på med godt samvet, ta dei fram som små sukkertøy, og suge på dei kvar gong me treng noko fint å tenkje på.
***
Det er så lett å gløyme å skryte. Me skal ikkje undervurdere krafta i å gje kompliment. Den som får høyre hyggelege ting om seg sjølv blir glad, og den som gjev bort godord til andre, blir også glad.
Og så må me ikkje gløyme å takke dersom me får høyre noko det er verdt å takke for.

Med ynskje om ei fin oktoberveke.
Helsing frå Karen-Margrethe