KULTURLIVET PÅ KULTURHUSET, BARNEBARN OG DEN VESLE GLEDA

Kjære folk!

I dag vil eg byrje med å minne om at det er FN-dagen for avskaffelse av fattigdom i dag. Å utrydde fattigdom er nedfelt i FN sitt bærekraftmål nr 1.
I 1990 levde 35 prosent av befolkninga i verda i ekstrem fattigdom. I 2013 var andelen redusert til 10,7 prosent. Det er likevel ein lang veg å gå før fattigdomen er utrydda. 


For meg har 17. oktober vore ein glad dag dei siste 17 åra. Det er noko av det eg vil skrive om i dag.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Me likar godt å ha noko fint som ligg og ventar, – noko å glede oss til. Difor har eg og han eg deler livet med, som vane å ordne oss billettar til framtidige kulturopplevingar, og har dei liggjande på vent i ein skuff. 

Koronaen reiser framleis på turné rundt i landet vårt og gjer det vanskeleg for kulturlivet. Konsertar, show og andre scenearrangement blir stadig avlyst eller utsett. Alt det me hadde gledd oss til denne hausten er no avlyst, og det er ikkje mogeleg å seie kor lenge denne unntakstilstanden vil vare. 

Fleire forskarar har funne ut at det er helsebringande å gå på teater eller konsert. Ein får ikkje kjenne på den same atmosfæren og nyte godt av fellesskapet heime aleine framfor ein skjerm. I ein mørk sal blir merksemda dratt bort frå oss sjølv når sceneteppet går opp og me kan leve oss inn i musikk, bilete og framføring av tekst.

Det at eg saknar å gå på kulturhuset, er så si sak, men korleis står det til med kulturhusa rundt om i Noreg?

I august kunne me lese at halvparten av kulturhusa våre har ramla utanom dei statlege kompensasjonsordningane for bortfall av inntekter i koronatida. Bakgrunnen for dette er at kulturhusa er organiserte som kommunale einingar og kunne difor ikkje søke om kompensasjon. 

Her er inngangen til Ål kulturhus

I Hallingdølen torsdag 8. oktober kunne eg lese at Ål kulturhus treng 600 000 friske kroner for å kome i balanse mellom kostnader og inntekter og for å unngå redusert drift med reduksjon av tilboda. Lokalpolitikarane uttalar seg positivt i avisa og seier at dei har både trua på og vilje til å bidra slik at kulturhuset skal overleve stormen.

Eg reknar med at denne situasjonen ikkje er spesiell for Ål kulturhus, men at alle kommunar med kommunale kulturhus kan kjenne seg att både når det gjeld kompensasjonsordningar og driftsmiddel.

Då eg var på Ål sist helg, tok eg ein prat med kulturhusleiar Anita Skoglund på Ål. Ho kunne fortelje at Ål kulturhus var i den heldige situasjonen at dei hadde sitt eige organisasjonsnummer for kinodelen på huset. Dei søkte og fekk kompensasjon for mars, og har søkt utan å få svar for resten av kompensasjonstida. Men no blir kompensasjonsordninga fasa ut utover hausten, og det kjem ei stimuleringsordning i staden. Problemet er berre det at sidan ingenting er lagt ut om kva denne ordninga inneber, er det heller ingen som veit kva dei kan forvente av økonomisk stønad frå staten. Å booke no er risikabelt, seier kulturhusleiaren, men fortel at dei likevel har valt å setje opp ein del scenearrangement utover våren. Det er ikkje mogeleg å forutseie nokon ting. 

Ål kino – ein dag i oktober

Ei anna utfordring er publikum, seier Anita Skoglund. Nokre vel å ikkje gå i kulturhuset fordi dei er redde for å bli smitta eller fordi dei har personar nær seg som er i risikogruppa. Andre har vant seg til med digitale kulturoverføringar, og nokre har mista inntekta si og kan ikkje gå på grunn av manglande økonomi. «Kulturbransjen ligg i respirator», seier ho.

Låge driftsbudsjett er det eine, og kulturhuset har lågare driftsbudsjett i dag enn i 2012. Korona er det andre: Kulturen var det som vart stengt fyrst, og det ser ut som om kulturen er det som skal vere stengt lengst. Slik er det på tross av at kulturhusa har stålkontroll på at alt det som skjer innanfor kulturhusdørene er så trygt at det er godkjent av kommunelegen. «Me held god avstand og me har namn og telefonnummer på kven som har sete på kvar einaste plass», seier ho. 

«Eg har ei frykt,» avsluttar Anita Skoglund, «og det er at me ikkje kjem til å få publikumstalet opp på normalnivå sjølv når det kjem ei vaksine og alt blir heilt trygt att.» 

Ein triveleg og opplysende prat med kulturhusleiar Anita Skoglund

Min sluttkommentar til dette er slik: Me får håpe at både politikarar og publikum skjønar kor viktig samfunnsoppgåve kulturhusa har, og at me blir eit mykje fattigare folk utan å kunne møtast til felles kulturopplevingar. Me må heller ikkje gløyme at kulturhusa sysselset svært mange (ofte sjølvstendig næringsdrivande) som no, når kulturlivet ligg nede, står i fare for å miste heile livsgrunnlaget sitt. Det er mykje kompetanse som kan bli borte dersom alt framfor, rundt og bak scena ikkje blir pusta liv i att. Det er tid for kulturdugnad! 

Eit ord å snu og vende på
I dag har eg valt meg ordet barnebarn, – og absolutt ikkje utan grunn. I dag, for akkurat 17 år sidan, vart eg bestemor for fyrste gong. Eg var 50 år og slett ikkje budd på dei store kjenslene som skulle fylle meg denne dagen.

Før 17. oktober 2003 hadde eg vel tenkt at alle som fekk barnebarn oppførte seg ganske tussete. Eg hadde eigentleg bestemt meg for at eg ikkje skulle bli ei av dei som nytta kvart einaste høve til å vise fram bilete av vidunderbarnet og fortelje alle, som eigentleg ikkje var interesserte i å høyre, om alt det den fantastiske ungen gjorde, kunne og etter kvart sa. 

Dette var før eg visste om alle kjenslene som strøymde på allereie ved det fyrste møtet mellom ei farmor og det fire timar gamle barnebarnet hennar. Då eg kom heim frå Ullevål sjukehus denne oktoberdagen, sette eg meg ved kjøkenbordet og skreiv:

I armkroken til farmor for fyrste gong.

Eg var ikkje budd på deg.
Det var både som å bli forelska for fyrste gong
og å bli fylt av djupe kjensler frå før i tida,
så full at det rann over.

Noko hadde lege klart inne i meg og venta,
venta på deg.
Eg held deg tett inntil.
Eg strauk deg varsamt med ein finger.
Eg la munnen inntil kinnet ditt
og kjende sjela di danse på lepane mine.
Eg sansa
Eg inhalerte
Eg visste at dette var for alltid.

No, 17 år etterpå, er det like stas kvar gong han kjem inn gjennom døra, helser med djup røyst og smiler. I dag skal me feire 17 års-dagen hans. Veslesystera hans er sjølvsagt med. Det var like stas då ho kom til verda. Eg kunne ikkje sjå meg mett på ho heller. Eg er både glad og takksam for dei båe. To menneskeborn har bustad inne i farmorhjartet.

Dei har vore innom hos farmor og er på veg heim.


Ei lita kjensle

Den vesle gleda
Det nyttar ikkje
å springe frå ho
eller etter
for ho skal ingen stader
Det nyttar ikkje
å rope høgt
for ho høyrer ikkje
Ho berre sit og er
inderleg lita
medan ho ventar på
å bli funnen.

***

Det hender at eg rotar meg inn i eit kommentarfelt og les litt av det som er der. Eg skjønar ikkje korleis folk kan velje å bruke tida si på å krangle og slenge drit.
Livet er for kort til slikt!


Du må ordne deg ein god laurdag.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: