Å GÅ OG VÅR FELLES PLATTFORM

Kjære folk!

Dersom det hadde vore forventa av meg at eg skulle tenkje nye tankar, då hadde eg ikkje tort å skrive ned ein einaste ein av dei. Det er jo ikkje mange forunt å vere nytenkjande. Gamle tankar derimot, det har me alle, og eg likar å skrive ned mine. 

Opp denne bakken har eg tenkt for det meste glade tankar fra eg var seks år gamal.

Eit sitat eg vil dele
Det er rart at det er slik, men eg har ofte kjent at det er sant. Når tankane mine balar med noko som er litt vanskelegare enn det eg set pris på, då hjelper det å gå. Det hjelper å kle på seg og marsjere av garde. Eg har lurt på om det er rytmen frå skritta mine, utelufta eller at kroppen blir oppteken med noko anna enn å kjenne etter, som gjer så godt. Eg veit ikkje, men eg veit at det er fleire enn meg som har det slik. 

Her kjem sitatet, og det er sjølvaste Søren Kirkegaard som er opphavet:
«Tap for all del ikke lysten til å gå. Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag, og fra enhver sykdom. Jeg går meg til mine beste tanker, og jeg kjenner at ikke en tanke er så tung at man ikke kan gå fra den. Når man fortsetter slik å gå, så går det nok
Fint, ikkje sant?

Ute og går i Holmestrand. Snart heime.

Eg har ikkje høyrt nokon som i fullt alvor meiner at det ikkje er bra å gå. Då er det forunderleg, tenkjer eg, at så mange negative faste uttrykk har «å gå» i seg. Sjå berre her:

Gå ad dundas Eit latinsk uttrykk som betyr at noko går tapt, går til grunne eller går i vasken.
Gå fem på som betyr å bli lurt
Gå fløyten Dette uttrykket nyttar me når noko går tapt eller blir borte
Gå i baret Som betyr å dumme seg ut eller bli lurt. Dersom me dumpar oppi ein haug med granbar, er det sjølvsagt umogeleg å ta seg fram.
Gå i hundane Det vil eg helst sleppe. Dersom eg gjer det, går eg til grunne anten økonomisk eller moralsk. Uttrykket kjem visst frå det elendige livet som hundar levde i gamle dagar.
Gå nord og ned I boka «Ugler i mosen» av. Arngeir Berg blir uttrykket forklart slik: «Etter at Loke hadde lurt Hod til å skyte Balder med en misteltein på tinget, red Hermod, broren til Balder til Hel for å hente broren sin tilbake. Han fikk beskjed om at Balder hadde ridd over brua og «ned og nord ligger veien til Hel».» Dit vil eg helst sleppe å ta vegen.

For meg er ein spasertur eller ein fottur ein veg til eit meir stressfritt tilvere. Det er ein vanleg oppfatning at det er mogeleg å sjå på ganglaget til folk om dei er glade. For meg er det slik at eg kan gå meg glad, og når eg er glad, er eg betre rusta til å takle kvardagsutfordringane.

Ute på rusletur med låg haustsol i ryggen.

Uttrykket «å gå over streken» kjem frå den tida då det vart kjempa tvekampar. Det vart rissa opp strekar på bakken i kamparenaen for å vise kvar partane skulle opphalde seg. 
Eg har høyrt at det berre er dei som tek sjansen på å gå for langt som finn ut kor langt det er mogeleg å gå. Det er vel ikkje tilrådeleg å prøve, eller?

Dette har eg tenkt på denne veka
Eg hugsar godt den tida då alle vaksne såg Dagsrevyen, alle ungdommar såg Halvsju og alle born såg Barne-TV. Me hadde felles referanseramme til alt det som hende i verda. Vaksne i alle aldrar hadde fått med seg dei same politiske debattane og på skulen kunne læraren ta utgangspunkt i eit nyheitsinnslag for å få i gang ein samtale i klassen.

No er valfridomen så stor at sjølv om alle ser på ein eller annan skjerm store delar av dagen, har ikkje eingong kjernefamilien eit felles utgangspunkt for samtalar rundt middagsbordet. Mediebruken har flytta seg frå TV-en, som tidlegare var leirbålet som alle samla seg rundt om kveldane, til ulike plattformer der kvar og ein loggar seg inn med kvart sitt passord. 

Facebook har visst blitt ei plattform for gamlisar, YouTube har blitt den viktigaste informasjonskanalen for mange unge medan Tiktok har blitt mest populært blant dei yngste. Ingen av oss har oversikt over kva som går føre seg på skjermane til våre nære og kjære.

Så blid og glad på Facebook, – like glad i å bruke Facebook?

Det blir færre og færre av oss som ser lineær-tv. Me loggar oss inn på nrk.no, leitar etter filmar og seriar på for eksempel Netflix eller HBO, me betalar for nokre kanalar og vel bort andre, me vel å sjå på det me vanlegvis ser på og skrotar alt det me trur me ikkje likar eller er interesserte i.  Utviklinga har gjort at det har blitt meir enn vanskeleg å ha ein god samtale om noko som helst. Mogelegheitene er tallause. Her er ein ørliten brøkdel:


Me er framleis ganske mange som likar å få avisene som papirutgåver, men meir enn halvparten av papiropplaget har forsvunne på under ti år. Dei fleste les avisene på nett. Det fører med seg at mange les berre overskrifter og ingressar og går sjeldnare djupt inn i eit tema. Når avisene legg innhaldet sitt bak digitale betalingsløysingar, er eg redd for at majoriteten kan bli ståande utanfor, utan innsikt i viktige saker. 

Kva vil alt dette ha å seie for den debatten som er så viktig for at eit demokrati skal fungere godt? Er det i ferd med å oppstå eit informasjonsgap?

Dei gongene me har vore på ferie i USA, har me sett at dei ulike nyheitsflatene har presentert dei politiske sakene svært forskjellig. Folk vel seg ein fjernsynskanal og ser ikkje på andre. FoxNews har vore Trump sin favorittkanal, medan CNN har vore meir kritisk til den sittande presidenten. Dette er med på å bygge oppunder polariseringa i samfunnet.

No har det dukka opp  ein ny kanal, OANN, One America Network, som serverar konspirasjonsteoriar og får folk til for eksempel å tru at Verdens helseorganisasjon driv feilinformasjonskampanjar og at koronaviruset er utvikla i eit laboratorium i Nord-Carolina. 

Kan me klare å stanse utviklinga her i Noreg slik at me ikkje tek etter USA og blir eit samfunn der me kan risikere å bli einsidig presentert for kva som helst, og dermed vil tru på kva som helst, fordi me har så mykje å velje mellom og difor kan kome til å velje berre det som er moro og det som passar oss best. 

***

Før eg sluttar av for denne helga, vil eg minne om at TV-aksjonen 2020 går til WWFs kamp mot plast i havet. Det hamnar åtte millionar tonn plast i havet kvart einaste år. Plasten er ein trussel mot både dyrelivet og oss menneske. 


Det kjem ingen bøsseberar på døra di i dag fordi

Eg ynskjer alle ein raus sundag og ei oktoberveke med mykje glede.

Ta vare på deg sjølv, kvarandre og havet.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: