Kjære folk!
I dag er det FN-dagen. Dagen vart innstifta for å informere om målsettingane og resultata til FN. Visste du at i 1971 vart det foreslått at 24. oktober skulle vere offisiell høgtidsdag i alle medlemsland? I Danmark, Finland og Sverige er denne dagen flaggdag. Det blir flagga anten med FN-flagget eller med landet sitt eige flagg.

I Noreg har det ikkje vore fleirtal for å gjere FN-dagen til offisiell flaggdag.
Men nok om det. I dag har eg litt av kvart anna på hjartet.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg spør meg sjølv og eg spør dykk som les: Er dette verkeleg naudsynt?
Det nye regjeringskvartalet var berekna til å koste meir enn 24 milliardar kroner!!!, – og nokre dagar etterpå hadde det visst blitt endå meir. Picasso sin verneverdige kunst er diverre allereie øydelagt, og det er brukt ein haug med pengar (åtte milliardar!!) på planlegging og prosjektering, men det må då vel likevel vere mogeleg å stanse opp og tenkje seg om: Er dette verkeleg naudsynt?
Eg skulle like å vite kva anna me kunne fått for alle desse milliardane. Budsjettet til slike bygg har dessutan for vane å sprekke så det smell.

Eg kan kome på mange både saker og ting som regjeringa heller burde bruke pengar på. Her er ei lita uprioritert og hulter-til-bulter forslagsliste:
- Å oppretthalde støtte til barnebriller
- Å oppretthalde retten til feriepengar på arbeidsløysetrygd
- Å gje meir støtte til bustad for unge i etableringsfasa og andre som har problem med å skaffe seg ein stad å bu
- Å gjere tannhelse til ein del av folketrygda
- Å gje meir pengar til kommunane slik at dei kan utføre dei opplærings- og velferdsoppdraga dei er sette til
- Å gjere det enklare og billigare å leve miljøvenleg
Det var det eg kom på i farten.
Det er klart at regjeringskvartalet må byggjast opp att etter terrorangrepet i 2011. Alle er jo samde om at regjeringsapparatet må ha kontorplass, men må alle stuast saman i eitt kvartal? Forsvarsdepartementet skal, slik eg forstår det, ikkje forlate Akershus festning. Kvifor må Utanriksdepartementet bli flytta frå Viktoria Terrasse? Har dei det ikkje bra nok der dei er?

Kvifor må byråkratar og politikarar sitje så tett saman for at dei skal få til god kommunikasjon? Hallo!, – me er i 2020, – året då me fann ut at avstand er bra og at heimekontor kan vere effektivt.
Sannsynlegvis er det for seint å surve om slikt, og det kan godt vere at eg no skriv om ting eg ikkje har greie på, men er det verkeleg naudsynt med eit slikt gigantprosjekt? Eg berre spør.
Eit ord å snu og vende på
Då eg googla «overgang», fekk eg flest treff på sider som var knytt opp mot fotball. Det er ikkje slike overgangar eg skal skrive om i dag. Eg skal heller ikkje skrive om jernbaneovergangar, sjølv om det var under ein slik ein eg fekk mitt fyrste kyss.
«Ja, det har vore ein overgang», seier me.
Når kvardagane ruslar av stad nesten heilt av seg sjølv, når det ikkje hender noko uventa, då kan me kvile utan at det vert stilt spørsmål ved noko vesentleg ved livet. Når overgangen kjem og krev oss, då kan alt bli usikkert.
Ein overgang er når noko går over frå å vere ein ting til noko anna, når noko er i endring. Den tida endringa går føre seg, er ein overgang. Nokre overgangar tek tid, nokre set djupe spor medan andre ikkje er så merkbare.

Her er ei lista over overgangar, – mange av oss har vore gjennom alle.
Byrje på skulen
Byrje på Ungdomsskulen
Gå vidare på utdanning
Flytte heimanfrå
Gifte seg/flytte saman med (fleire gonger?)
Få born (fleire?)
Flytte (kor mange gonger?)
Skifte jobb (fem gonger? sju?)
Bli skilt
Miste foreldre eller andre nære
Borna flyttar ut av reiret
Takle sjukdom
Nå pensjonsalder

Nokre overgangar er friviljuge, medan andre blir me meir eller mindre tvinga inn i.
I 2019 var det nesten 20 000 som gifta seg medan nesten 10 000 skilde seg.
I 2019 vart det født 54 495 born i Noreg medan meir en 40 000 menneske døydde.
Omlag 58 000 gjekk av med pensjon i 2019.
Tre av fire born i Noreg har ein eller fleire av besteforeldra sine i live. (Desse tala har eg funne i «BY», magasinet til Kirkens Bymisjon.)
Desse tala handlar om overgangar, og her ligg det gøymt mange gleder, mykje bekymring og mange dagar med sorg.
Eg trur me er ekstra sårbare når me står midt i slike overgangar. Alle overgangar kan bli opplevde som krevjande. Når me forlét noko, veit me ofte ikkje kva som ventar. Me har ikkje oversikt over kva me er på veg til.
Min erfaring gjer at eg kan kome med eit godt råd: Prøv å gjere det slik, dersom det er mogeleg, at du ikkje gapar over meir enn ein overgang i slengen. Fleire overgangar samstundes kan vere svært krevjande og gjere oss veldig sårbare.
Eg har tidlegare skrive om den store overgangen det var å bli ufør. No er eg 67 og pensjonist. Overgangen frå å vere ufør til å nå pensjonistalderen var berre god. No treng ingen å lure på kvifor eg «berre» går heime.
Utviklinga med stadig høgare levealder gjer at overgangen frå me går ut av arbeidslivet til me får behov for pleie og omsorg, kan bli lang for mange av oss. Kvar og ein må finne svar på korleis me skal nytte denne overgangen. Her finnes det ingen fasit.
Ei lita kjensle
Eg trur på å kjenne etter og å kjenne dei forskjellige kjenslene frå kvarandre. Eg trur det er lurt å øve seg på å ha dei inne i kroppen sin.
Kjenslene våre er nok den informasjonskanalen me alle bør velje å lytte til. Dei er rett og slett eit av dei viktigaste signalsystema som finnes, og dei kjem sjeldan med «fake news».

Alle desse kjenslene
Dei aller fleste dagane
er verda
ein kunstskatt som eg framleis
ikkje har oppdaga
Eg kan
leite meg fram
i kaskadar og symfoniar,
mellom glitrande ljossetjing
og lokkande akkompagnement
Men så
ein morgon vaknar eg
og ser at fargen har bleikna
Det sit ikkje eingong
ein liten songfugl
på morgonkvisten min
Men eg kan vente
Eg veit at gleda har døgnopent

Me kjem til jorda utrusta med evna til å vere glade, redde, triste og sinte. Det skal me setje pris på.
***
Det får vere nok ord på ein laurdagsmorgon.
Ha ein god dag vidare.
Helsing fra Karen-Margrethe