Kjære folk!
Det hender at eg, når eg skal skrive eit blogginnlegg, kjenner meg som ei skulejente som skal høyrast i leksa. Då trøystar eg meg med at dette er berre eit blogginnlegg og at eg skriv berre fordi eg sjølv har lyst.

I dag vågar eg meg frampå om både einsemd og forseintkomarar.
Eit sitat eg vil dele
Den britiske professoren Noorena Hertz, har skrive boka «Ensomhetens århundre».
21. oktober fortalde Aftenposten om eit møte med Hertz og siterte henne slik:
«Ensomhet er like skadelig for deg som å røyke 15 sigaretter daglig.»
Norske Thomas Hansen har forska på einsemd, og i fylgje han, er det grunn til å vere bekymra for ei auke i einsemd og psykiske plager blant unge vaksne og spesielt hos jenter. Han har også gjort urovekkande funn blant dei eldre: «Fra cirka 75 – 80 års alderen ser vi en klar økning i andelen som sliter med ensomhet. Det speiler tap og endringer som blir mer alvorlige og hoper seg opp i siste livsfase», seier han til Aftenposten.
(Er det naudsynt med ein definisjon:
Aleine er ei stund utanfor fellesskapet.
Einsam er utan fellesskap.
Aleine er frivillig.
Einsam er ein ufrivillig og pålagt situasjon.)

Me er sosiale vesen. Ting har forverra seg under pandemien, og for mange har dei siste månadene vore tøffe. Klemming er så godt som forbode, å få nye vener i sosiale lag er umogeleg, mange sit aleine på heimekontoret sitt, dei gamle får sjeldnare besøk og studentar må fylgje forelesningane på nettet.
Men at me har eit samfunn med auka einsemd, har slett ikkje berre med koronapandemien å gjere. Det moderne samfunnet vårt, med alle dei digitale og teknologiske nyvinningane, har gjort at me ikkje møtes så ofte ansikt til ansikt som det me gjorde før. Det er ikkje det same å få «likes» som å få smil retta mot seg.
Me har det best når me blir sett. Helst kvar dag. Eg trur det blir naudsynt å setje inn tiltak mot einsemd. Slikt som biblioteket, samfunnshuset, ungdomsklubben og eldresenteret må få auka fokus både i budsjett og i tiltaksplanar.
Me må kanskje også bli tvinga til å leggje frå oss mobilen mykje oftare.
Noorena Hertz seier det slik til Aftenposten:
«Hvis vi fortsetter i samme retning, vil de samfunnsmessige, økonomiske og politiske problemene bli enorme. Forandring er mulig. Vi må bare vise vilje til å iverksette den, både hver for oss og som kollektiv.»
Dette har eg tenkt på denne veka
Slik eg har fortalt før, sannsynlegvis mange gonger, budde eg i andre etasje på Ål stasjon i fleire år medan eg voks opp. Dette gjorde at togtider var ein av dei tinga som prega meg då, og som nok pregar meg framleis. Eg fekk det inn omtrent som intravenøst at «dersom toget går klokka 07:34 og du ikkje er der til tida, då går toget frå deg og du blir ståande att på plattforma aleine eller saman med dei andre upresise».
No går formiddagstoget frå Ål til Oslo klokka 11:14, og ingen treng å gjere meg merksam på at det ikkje nyttar å kome springande kvart over.

Det tok nokre år før eg forstod at dette er like aktuelt for mange andre situasjonar i livet enn når ein skal ut og reise.
Når for eksempel ein høyringsfrist går ut 14. november og folk får beskjed om at svaret må bli levert innan midnatt, kvifor er det då likevel så mange som ikkje synes at det er viktig å skunde seg litt for å få ting av garde i tide?
Dette lurte eg på mange gonger då eg var den som sat og skulle ta imot høyringssvar. Aller mest forundra var eg over dei som var sure fordi dei måtte engasjere seg, som let vere å gjere det og som likevel presterte å klage på resultatet etterpå. Eg omset det til jernbanespråk: Ikkje hadde dei kjøpt billett, ikkje møtte dei opp før toget skulle gå, men likevel klaga dei på at dei ikkje kom fram.

I dei fleste fellesskap er det ein eller fleire personar som har ein lei tendens til alltid å kome for seint. Det er ikkje få gonger eg har laga reknestykke på tavla som viser kor mykje skuletid elevane går glipp av berre på grunn av sommel. Men dette gjeld sjølvsagt ikkje berre ungar og ungdom. Kva med desse godt vaksne som trur dei har si eiga tid, som aldri er presise og som ikkje forstår at dei et opp andre si tid når dei let folk stå der og vente.
Kva er det folk manglar? Burde alle vekse opp på ein jernbanestasjon?
Det er nok ofte litt mi eiga skuld. Når forseintkomaren spør «har du venta lenge?», – då smiler eg og seier «nei, nei, det går så fint, så. Ikkje tenk på det du».
***
Eg vil vere slik akkurat passeleg.
Passeleg gamal, passeleg blid, passeleg lita og passeleg stor.
Slik som du som les.
Eg vil ete passeleg sunt, tru og tvile passeleg mykje og le og grine passeleg ofte.
Ja, vere akkurat slik som passeleg lukkelege meg,-
og deg.

Ha ei akkurat passeleg veke
og ver nøgd med det.
Helsing frå Karen-Margrethe