EINSEMD, PÅ PLATTFORMA OG AKKURAT PASSELEG

Kjære folk!

Det hender at eg, når eg skal skrive eit blogginnlegg, kjenner meg som ei skulejente som skal høyrast i leksa. Då trøystar eg meg med at dette er berre eit blogginnlegg og at eg skriv berre fordi eg sjølv har lyst.

Slik ser det ut på skjermen før jeg byrjar å skrive.

I dag vågar eg meg frampå om både einsemd og forseintkomarar.

Fortsett å lese «EINSEMD, PÅ PLATTFORMA OG AKKURAT PASSELEG»

EIT JERNBANESPOR GJENNOM LIVET

Kjære folk!

Me har vel alle ein eller fleire heilt spesielle ting som me festar ein del av identiteten vår til. Eg har blant anna NSB. Vy derimot … Det verste med Vy er ikkje namnet, men å bruke 300 millionarkroner på å byte ut eit tradisjonsrikt og meiningsfylt namn med noko så meiningslaust, det er heilt sprøtt.

Det som no er Vy, er ikkje noko anna enn eit bemanningsselskap. Norske tog AS eig toga. Mantena AS held på med vedlikehaldet. Stasjonsbygningane blir drivne av Rom eiendom. Bane NOR eig skinnegangen osv ,osv, osv.
Det jernbanesporet som går gjennom livet mitt heiter NSB, og det handlar om mykje meir enn skinnene, sjølv om det er dei som både ber og styrer toget. I tillegg er det sjølve banelekamen, svillene, signalanlegget og straumforsyninga. Her kunne eg sikkert ha skrive og brukt både skinner og signalanlegg som bilete på forteljinga om eige liv, men så poetisk blir  det ikkje i dag. No skal eg vere heilt konkret.

Fortsett å lese «EIT JERNBANESPOR GJENNOM LIVET»