EIT JERNBANESPOR GJENNOM LIVET

Kjære folk!

Me har vel alle ein eller fleire heilt spesielle ting som me festar ein del av identiteten vår til. Eg har blant anna NSB. Vy derimot … Det verste med Vy er ikkje namnet, men å bruke 300 millionarkroner på å byte ut eit tradisjonsrikt og meiningsfylt namn med noko så meiningslaust, det er heilt sprøtt.

Det som no er Vy, er ikkje noko anna enn eit bemanningsselskap. Norske tog AS eig toga. Mantena AS held på med vedlikehaldet. Stasjonsbygningane blir drivne av Rom eiendom. Bane NOR eig skinnegangen osv ,osv, osv.
Det jernbanesporet som går gjennom livet mitt heiter NSB, og det handlar om mykje meir enn skinnene, sjølv om det er dei som både ber og styrer toget. I tillegg er det sjølve banelekamen, svillene, signalanlegget og straumforsyninga. Her kunne eg sikkert ha skrive og brukt både skinner og signalanlegg som bilete på forteljinga om eige liv, men så poetisk blir  det ikkje i dag. No skal eg vere heilt konkret.

Eg reknar meg sjølv for å vere ein ekte jernbaneunge.
Farfaren min var jernbaneslusk. Han var med og bygde Bergensbanen.
Morfaren min var banevaktar i regionen rundt Voss. Eg var fleire gonger med han på dresinen hans. Han lærde meg å lytte på skinnegangen om det kom tog og delte matpakka si med meg i skråninga ned mot toglinja.
Den eine bror til far min var banemeistar rundt Hønefoss, medan den andre gjekk gradene frå telegrafist til stasjonsmeistar på Geilo.
Bror til mor mi arbeidde på Flåm stasjon og vart til slutt stasjonsmeistar der.
I heile ungdomstida mi budde me i andre høgda på Ål stasjon. Der var far min stasjonsmeistar fram til i 1980.

IMG_3052
Ål stasjon. Her budde eg mellom spor 1 og spor 9.

Overskrifta på dette innlegget burde kanskje heller ha vore «ein Bergensbane gjennom livet». For det er slik det kjennes. Eg har barndom, ungdom, feriar, sorg og glede på toget mellom Oslo og Bergen. Eg fekk mitt fyrste kyss i ein jernbaneundergang og spydde ut mi fyrste fyllesjuke på ein do på eit nattog mellom Nesbyen og Ål. Kvar påske tok «skitoget» meg og venene mine høgt til fjells til sol og skiglede, og den fyrste teateropplevinga hadde eg etter ein togtur til hovudstaden. Slik kunne eg ha fortsett denne oppramsinga lenge.

Bergensbanen vart opna i 1909, og vart så seint som i 2009 kåra til å vere ein av dei 20 beste jernbanestrekningane i verda. Bygginga av Bergensbanen seiest å ha kosta eit heilt statsbudsjett.

Når folk tidlegare klaga på NSB, kjende eg at eg fekk lyst til å gå i forsvar. Når for eksempel mykje snø og ekstrem kulde førde til forseinkingar, høyrde eg meg sjølv seie: «Dei gjer så godt dei kan. Har du vore på Finse ein januardag i ruskever kanskje?» Denne høgfjellsstrekninga er sjølvsagt modernisert, men Bergensbanen er fortsatt ein av dei mest krevjande banar å halde open for trafikk året rundt.

No, dersom nokon vil klage på Vy, vil nok ikkje eg kjenne nokon ting. No har det ikkje lenger det aller minste med identiteten min å gjere, – og slik trur eg mange har det. Den regjeringa me har no, bryr seg meir om effektivitet enn om identitet.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

- Halling med bostedsadresse i Holmestrand - Avsluttet en mangslungen karriere innenfor norsk skolevesen - Gift, mamma, farmor og bonus- både det ene og det andre - Stort sett blid, glad og fornøyd med livet Hvorfor begynner ei nesten gammel dame med blogging? Jeg blogger først og fremst fordi jeg er glad i å skrive og for å kunne utfordre meg selv ved å gjøre noe nytt. Jeg tror også at mange synes det er trist når det skapes et inntrykk av at det som virkelig betyr noe i livet er ungdom og skjønnhet. Derfor kan det hende at noen har interesse av å bli invitert inn i hverdagen til en litt gammel dame.

2 kommentarer om “EIT JERNBANESPOR GJENNOM LIVET”

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s