Å FINNE RØTENE

Kjære folk!

Det er ikkje så dumt å kjenne og å kjenne på røtene sine.

Det er ein trend i Noreg å leite etter eigne røter. Slektsgransking har blitt stort, og mange nyttar alle tilgjengelege fristunder til å finne opplysningar for å fylle ut eige anekart. Er dei heldige, finn dei og opplysningar om kva som skjedde med forfedrane og -mødrene gjennom livet. Eg har ikkje tålmod til slikt. Med det seier eg ikkje at røter ikkje er viktig for meg. Eg veit mykje om dei to ledda før meg. Det får halde, – i alle fall førebels.

Besteforeldra mine kom alle frå små kår. Dei bokstaveleg tala klatra seg framover i livet, ein frå ein husmannsplass i Gudbrandsdalen og ei frå ei veglaus bygd inst i Sognefjorden. Eg er stolt av småkårsgena mine.

Eg har flytta mange gonger. Dei to fyrste åra mine budde eg på Finse. Det hugsar eg ingenting av, men eg trur det var fint. Det var jo der mor mi og far min var. I 1955 flytta me til Ål, og mor og far levde resten av liva sine der.

IMG_1375
Her i Ål kan eg kjenne på røtene mine.

Eg har alltid visst
korleis ein lukkeleg mann
skal lukte
Lyng
Sveitte
Gammal ryggsekk

Eg har alltid visst
korleis ei forrventningsfull kvinne
skal lukte
Brun saus
Nystroke forkle
4711

Kampen på likestillingsbarrikadane
kjentes av og til
som eit svik

Eg har flytta mange gonger. Eg har budd i Øygarden, i Oslo, i Sirdal, i Våler i Solør, i Elverum, i Bærum og no i Holmestrand. Eg har funne meg til rette over alt.

Som godt vaksen, og vel så det, merka eg at det brann ein lengt i meg, og dersom nokon kom til å spørje kvar eg kom ifrå, kjende eg at svaret ikkje var Våler eller Holmestrand. Svaret var Ål i Hallingdal.

No når eg har ordna meg slik at eg kan dra til Ål ofte, ha det fint med gamle vener, tusle på kjende stigar og høyre elva suse, då har noko i meg roa seg.
Eg trur eg kjenner meg sjølv på ein annan måte når eg er på Ål. Eller kanskje det er slik at eg kjenner etter på ein annan måte når eg er der. Dette gjer at eg har det endå betre når eg er heime i Holmestrand og. Merkeleg kanskje, men sant.

Min gode ven, Arne Sigurd, som dessverre døydde i 2011, kjende på desse kjenslene då han skreiv denne teksten til Hellbillies:
«(…) For eg har røta eg ikkji kan fløta
slutte lure meg sjøl
det går ein veg mellom fortid og framtid
ikkji heft meg med møl
det renn ei elv gjennom ro og larm
ein puls av liv, gjer sjele mi varm (…)»

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: