DOTTER TIL FJELLFOLK

Kjære folk!

Eg har vakse opp med turterreng på alle kantar og med foreldre som hadde fjellturar og matauk som ein heilt naturleg del av livet. Det skulle mykje til dersom me ikkje skulle ha ski på beina i helgene både vinter og vår. Likeeins var sumar og haust tida for å ferdast på meir eller mindre oppmerka stigar.

IMG_2318
Far og mor – ein god dag i fjellet.

Brått
kvekk eg til
kjem på at
begge er borte
for alltid og
ei lita stund
er eg
den aller mest einsame
som veit
at det eg
må gjere
må eg gjere
sjølv
utan å møte trøyst
frå desse milde
augo

Sjølv om eg no hatar å gå på bærtur og kjedar vitet av meg med pilkeutstyr på eit attfrose fjellvatn, er eg takknemleg for ein barndom ute på tur.

Eg har lært meg å respektere fjellet, snøen, vinden og dei raske skiftingane.
Eg har høyrt korleis alle lydane vert dempa når skodda sig innover.
Eg veit kva eg bør ha i ryggsekken og kroppen min har minner om korleis det er å liggje på magen i steinheimen og sjå reinsflokken langt der borte.
Eg har sett ned i fossejuvet og høyrt korleis vatnet der nede lokkar og syng.
Eg er gjest i dette fjellet, likevel er det mitt.

IMG_0865
I Ålingsfjella er det gode stigar å gå over alt.

Eg veit med heile meg korleis all denne vakre villskapen roar sjela mi og ber meg kome attende.

Helsing frå K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: