DIALEKT

Kjære folk!

Mor mi var vossing, og morsmålet mitt vart derfor slik ho snakka. Eg snakka vossing heime til eg vart ganske stor. Ute, saman med ungane der eg budde, og seinare på skulen, snakka eg sjølvsagt halling.

IMG_2301
Sjølvsagt les alle hallingar Hallingdølen, som vert laga i dette huset på Ål.

Slik var det fram til eg flytta til Oslo og den utprega hallingdialekta bleikna meir og meir etter som åra gjekk. No har eg det slik at eg snakkar halling i Hallingdal og saman med hallingar, men slår elles om til eit slags austnorsk, – men alle a-endingane er sjølvsagt på plass. Eg er ikkje klar over sjølv at eg byter om og veit heller ikkje når dette skjer, men han eg stort sett er saman med, merkar det godt og veit å seie ifrå.

IMG_2311

Då eg flytta frå Ål, var eg nok ikkje så oppteken av å flagge at eg var halling. Det var kanskje derfor eg vart ei slik ei som snakkar både slik og sånn. Har eg fleire identitetar i og med at eg skiftar måte å snakke på? Eg er i tilfelle ikkje den einaste. Eg kjenner fleire, og ikkje berre hallingar, som har det slik.

Det er ikkje mogeleg å fastslå eksakt kor mange dialektar det eksisterer i Noreg, men tidlegare rekna ein med at det fantes ei dialekt for kvar stad.

No er det i ferd med å skje ei utjamning. Dialektane innanfor eit område er i ferd med å miste spesielle ord, og det kjem til nye ord som er felles for alle dialektar. I boka «Typisk norsk» kan me lese om det som vert kalla regionalisering. Det vil seie at forskjellane mellom dialektane ikkje vert borte, men at dei blir færre og at kvar dialekt kjem til å dekkje eit større område. «Man regner med at det er sannsynlig at vi ender opp med fem dialekter i framtiden: Østlandet, Sørlandet, Vestlandet, Midt-Norge/Trøndelag og Nord-Norge.»

Eg kjenner at eg blir glad, og at det gjer identiteten min godt når eg høyrer Åling-dialekta på radio. Det er faktisk heller ikkje så sjeldan at eg gjer det, i og med at Hellbillies, Stein Torleif Bjella og Tove Bøygard alle er frå Ål.

Det er mykje å vere glad for her i livet.

Helsing frå K-M

 

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: