SPENNINGA STIG, NYSGJERRIGPER, TREET OG DEN GAMLE DAMA

Kjære folk!

I dag er det allehelgenskvelden og/eller halloween. 
Markeringa av denne kvelden er opprinneleg ei heidensk feiring, som seinare vart gjort til ein kristen skikk, men som i vår tid har utvikla seg til ei ikkje-religiøs høgtid.

Sidan årtusenskiftet har det blitt stadig vanlegare å feire halloween i Noreg. I fylgje undersøkingar som Virke har gjort, brukar me mellom 200 – 300 millionar kroner på godteri, kostymer og pynt i samband med halloween-helga i Noreg!!! I år blir det nok annleis, og eg reknar ikkje med å få utkledde ungar på døra i kveld.

Nok om det. Eg har heilt andre ting på hjartet.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Slik me alle veit, held USA presidentval komande tysdag. Eg er spent. Donald Trump ligg bak Joe Biden på så godt som alle meiningsmålingane, men valordninga i USA er slik at det er mogeleg å vinne presidentvalet utan å ha flest stemmer på landsbasis. Slik er det sidan presidenten blir peika ut av 538 «valmenn», som igjen er peika ut av delstatane.

Eit anna spenningsmoment er at stadig fleire meiningsmålingar viser at demokratane også kan kome til å overta fleirtalet i Senatet. 35 av dei 100 plassane i Senatet er på val i år. 23 av desse er i dag republikanske. No tyder fleire målingar på at republikanarane står i fare for å miste overtaket.

Fleire republikanske senatorar har visst byrja å distansere seg frå Trump den siste tida. I Aftenposten tysdag 20. oktober blir Senator Ben Sasse frå Nebraska sitert slik:
«Hva i alle dager var det vi tenkte på da vi mente at det var en god idé å selge en TV-besatt narsissist til det amerikanske folk

Trump er for mange veljarar det personifiserte biletet på eit USA der folk har stor fridom til å vere seg sjølv, – uansett kor ufordragelege dei blir oppfatta av andre. Trump bøyer ikkje av. Han er seg sjølv, og det er dette tilhengjarane hans elskar han for. Så då spørs det om han kan klare å hale i land sigeren ved å få så mange som mogeleg frå fan-skaren sin til å gå til urnene. 

Førehandsstemminga i USA knuser alle rekordar, og valdeltakinga kan bli den høgaste på 110 år. Så spørs det kven som tener på det. Eg skreiv at eg er spent på utfallet. Eg er også redd for at valresultatet kan medføre bråk og uro, – uansett kven som går av med sigeren. Eg har høyrt at det er mange som er budde på vald. 

Er det ikkje også litt merkeleg at dette valet får fram så mange kjensler her hos oss? Det fortel vel berre at det er mykje meir enn politiske konsekvensar for folk i USA som står på spel.  

Eit ord å snu og vende på
I dag vil eg skrive om ordet «nysgjerrig». Sjølv om det ikkje verkar slik i byrjinga, går det forhåpentlegvis etter kvart opp for dei som les, at det er det eg skriv om.

For meir enn ti år sidan hadde eg ein mann til bords på ein middag. Han prata om seg sjølv i fleire timar, og eg fekk vite mykje om alt han hadde oppnådd i livet. Etter ei stund byrja han å fortelje om kjærleikslivet sitt, og eg fekk blant anna vite at han var einsleg fordi dama hans nettopp hadde gjort det slutt, og at det slett ikkje var fyrste gongen han hadde opplevd dette.
Mine bidrag til samtalen hadde så langt stort sett vore «ok», «jasså», «seier du det», «så fint», «det var leit» og så vidare.

Då me kom til desserten sa han: «Har du eit råd eller to om korleis ein mann, ein slik som meg, kan halde på damene?» Då datt det utav meg at «dersom du oppfører deg, når du er saman med dama di, slik du gjer mot borddama di, så trur eg det vil hjelpe dersom du startar med å vise litt meir interesse og vere litt meir nysgjerrig på korleis ho har det.»

Det var den siste gongen han og eg snakka saman, sjølv om me måtte møtast mange gonger etter denne middagen.

Han var ikkje nysgjerrig på noko anna enn korleis eg reagerte på han og kor mykje eg kom til å juble og klappe han framover.

Eg tenkte på denne episoden då eg las ein tekst i «Magasinet» kalla «Nysgjerrigper». Der fortalde relasjonspedagog Bjørk Matheasdatter at ho ofte møtte folk som ynskte seg meir merksemd frå partnaren sin, og at mange kjende seg uinteressante fordi den dei budde saman med aldri spurde dei om noko som helst.

Dei aller fleste av oss blir glade for å få enkle spørsmål om korleis dagen vår har vore, om me har opplevd noko interessant eller korleis me likar den boka me sit og les.

For meg er det ein god ting å vere nysgjerrig, eg likar ordet «nysgjerrigper» og eg likar meg godt saman med dei som spør.  

Alle er samde om at det er bra at born er nysgjerrige. Der bør vere like bra at vaksne er det. Å vere nysgjerrig er jo ei av dei viktigaste drivkreftene bak både vitskap og menneskeleg utvikling. Å vere ein «nysgjerrigper» er også viktig for å halde på damene, – i alle fall på denne dama.

Ei lita kjensle

Treet og den gamle dama
Eit gamalt tre kan ha opplevd svartedauden,
ei gamal dame ein verdskrig

Eit gamalt tre har ikkje fått svekka dei biologiske funksjonane sine, og lauva er like grøne kvar vår. 
Treet står der det alltid sto.

Den gamle dama har vonde ledd og krokut rygg, men smilet er like strålande. 
No sit ho helst i ro. 

Både treet og dama har fått historia si rissa inn.
Treet har årringar innanfor barken.
Dama har silkemjuke skrukker rissa inn i barken sin.

Sterk vind, store snømengder og manglande kjærleik kan gjere uboteleg skade på dei båe.

***

Det er rart dette: Tida går og me blir eldre, men likevel kjennest det som om ungdomen ikkje er forbi. Så då er det vel berre å nyte dagen.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

- Halling med bostedsadresse i Holmestrand - Avsluttet en mangslungen karriere innenfor norsk skolevesen - Gift, mamma, farmor og bonus- både det ene og det andre - Stort sett blid, glad og fornøyd med livet Hvorfor begynner ei nesten gammel dame med blogging? Jeg blogger først og fremst fordi jeg er glad i å skrive og for å kunne utfordre meg selv ved å gjøre noe nytt. Jeg tror også at mange synes det er trist når det skapes et inntrykk av at det som virkelig betyr noe i livet er ungdom og skjønnhet. Derfor kan det hende at noen har interesse av å bli invitert inn i hverdagen til en litt gammel dame.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s