PERSONLEGDOM OG GAMLINGAR, TILPASNINGSDYKTIG

Kjære folk!

God morgon og velkomen til november.
For akkurat femti år sidan vart det halde folketeljing i Noreg. Då var det 3 874 133 av oss. (1. januar i år var folketalet 5 367 580) 

1. november 1985 kom Noregs fyrste pengeseddel med nynorsk tekst. Det var ein 50-lapp. 

Eg må innrømme at eg aldri har studert teksten på pengesedlane, – ikkje har eg sedlar å titte etter på heller. Eg lurar forresten på kor lenge det kjem til å finnes folk som går rundt med pengar i lommeboka si. 

Eit sitat eg vil dele
Eg har høyrt at nokre sider ved personlegdomen vår blir forsterka etter som åra går og me blir eldre og deretter gamle. Dersom dette er sant, bør jo det få alle og ein kvar til å tenkje etter korleis den personlege utviklinga kjem til å arte seg.

Det hender for eksempel at eg glefsar og ikkje alltid er særleg høfleg mot telefonseljarar. Det hender også at eg går rett forbi og utan å helse på straumleverandørar som står gatelangs og masar. Kor tverr, uhøfleg og vanskeleg kjem eg til å bli før eg endar mine dagar?

Ein annan ting eg veit, er at eg innimellom kan plumpe ut med både det eine og det andre, og det er ikkje berre spaden eg kallar med sitt eigentlege namn. Kan eg kome til å ende opp som ei vulgær kjeftesmelle?

Då Anine, barnebarnet mitt fekk ny iPad i mai, var dette portrettet av meg noko av det fyrste ho laga.

Dette med endring av personlegdom måtte eg finne ut meir om, og eg vart glad då eg fann både forskarar og psykologar som kunne gjere meg litt meir ubekymra.

Psykolog René Mõttus ved University of Edinburgh:
«Folk blir snillere, mer sosialt tilpassede og de blir flinkere til å balansere sine forventninger til livet opp mot kravene fra samfunnet

Aldersforsker Per Erik Solem ved OsloMet:
«De fleste eldre blir ikke gretne og inneslutta

Tidsskriftet Psychology and aging:
«Forskning tyder på at flere hyggelige personlighetstrekk styrkes når vi blir eldre.»

Eg var nøgd og syntes at eg hadde funne dei svara eg leita etter då det dukka opp noko som tyda på at den forskinga eg hittil hadde lese noko om, handla om folk fram til dei fylte 70. Det eg fann om folk i 70- og 80-åra var slik:

Sosialpsykolog Rodica Damian ved University of Housten:
«Men om vi blir rundere i kantene med årene, kan det hende at det på et tidspunkt snur igjen

Då var eg i grunnen like klok. Men eg har kjent såpass mange snille og morosame gamle damer at eg vel å behalde trua på at dei fleste av oss ikkje blir bitre og gretne, men held fram med å vere både venlege og omgjengelege. 

Eg skålar for venlige, snille og omgjengelege gamle damer.

Dette har eg tenkt på denne veka
Eg har tenkt på det; kor utruleg tilpasningsdyktige me er. Det hender me survar og syt litt i byrjinga, men me tilpassar oss. Kvifor er det slik? Veit me innerst inne at det er sant at det er slik som Leon C. Megginson uttrykte det: «Det er ikke den sterkeste som overlever, heller ikke den mest intelligente. Det er den som er mest tilpasningsdyktig til endring

Dette fyrste avsnittet skreiv eg i byrjinga av mars då eg hadde tenkt å skrive om å vere tilpasningsdyktig. Men korona-en kom, Noreg vart stengt ned, og det vart vanskeleg å skrive om å tilpasse seg endringar. Korleis skulle folk kunne tilpasse seg ein situasjon med ein slik uforutsigbar pandemi? Det var jo heller ikkje det å vere god til å tilpasse seg, me snakka mest om når folk stod utan inntekt og krisa kom og truga så nært inntil.

Etter kvart som me har levd med korona rundt oss i nokre månader, kan det etter kvart likevel kjennes meiningsfullt å tenkje over det å vere tilpasningsdyktig.

Læringskurva har vore bratt for oss alle. Det er vel berre å vere imponert over kor tilpasningsdyktige folk har vist seg å vere. Kreativiteten har blomstra, det har vore jobba for fellesskapet, for mindre egoisme og meir kollektiv tenking. Me har halde avstand, vaska hender, halde oss heime og godtatt nye rutinar. På mange område har me tilpassa oss situasjonen, og det skal bli spanande å sjå om køkulturen har endra seg for godt, om me kjem til å fortsetje å sprite oss før og etter daglegvarehandelen og om me for alltid har slutta å  klemme folk som ikkje står oss veldig nær. Har me tilpassa oss så godt at me har fått nye vanar?

Mange arbeidstakarar har i fleire år kjent på presset i ein hektisk jobbkvardag med stadig høgare krav til tempo kombinert med knappe ressursar. Med pandemien kom det fleire andre og nye krav. Eg kjenner dei som brått måtte snu om til heimekontor i mars og som framleis har arbeidsplassen sin ved kjøkkenbordet. Mange andre har måtte endra  arbeidsmåte og skifta fokus på grunn av smitteverntiltak. Som aldri før har det å vere tilpasningsdyktig vore naudsynt i arbeidslivet.

Me veit at livet kan vere både omskifteleg og uforutsigbart. Me veit også at å vere menneske er å leve i forandring. Nokre gonger er forandringane etterlengta medan andre endringar kan vere både skremmande og vanskelege å takle. Me menneske er dessutan ulike også når det kjem til måten me opplever det at ting er i endring.

Då skuleelevane måtte halde seg heime i fleire månader med skule på nettet, veit me at det var store forskjellar på korleis denne store endringa verka på kvar einskild. Mange likte å få sitje heime i ro og fred utan å bli forstyrra i arbeidet, medan andre kjende seg einsame og hadde vanskeleg for å konsentrere seg.

Kan det vere slik at nokre endringar tilpassar du deg ganske så lett, medan eg slit? Er det slik at når me snur opp ned på noko i livet, vil eg nesten ikkje leggje merke til det, medan du kanskje blir både trist og redd?

No lengtar me alle attende til den vanlege kvardagen, men risikoen for ei ny nasjonal smittebylgje er absolutt til stades. Smitten er aukande. Difor vart det sett i verk nasjonale innstrammingar denne veka.

No må me støtte opp om tiltaka. Eit felles krafttak no kan gjere at me kan feire jul saman med våre nære og kjære. Den viktigaste regelen er å halde seg unna. Ikkje håpar eg, og ikkje trur eg at det vil bli ein vane som varar. Så tilpasningsdyktige er me heldigvis ikkje.

Det er berre 54 dagar til julekvelden. (Dette biletet tok eg i Operaen før jul i fjor.)

Vi veit lite om den tida me har framfor oss, men me anar at den kan bli omskifteleg. 
Eg håpar at solidaritet og fellesskap vil liggje i botnen for dei endringane me som samfunn har styring over.

***

Eg sluttar av med nokre ord av Heljar Mjøen:
«Den positive moral er opptatt med å gjøre noe godt – den negative nøyer seg med å passe på at andre ikke gjør noe galt.»

Eg let det synke inn og ynskjer alle ei positiv veke.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

- Halling med bostedsadresse i Holmestrand - Avsluttet en mangslungen karriere innenfor norsk skolevesen - Gift, mamma, farmor og bonus- både det ene og det andre - Stort sett blid, glad og fornøyd med livet Hvorfor begynner ei nesten gammel dame med blogging? Jeg blogger først og fremst fordi jeg er glad i å skrive og for å kunne utfordre meg selv ved å gjøre noe nytt. Jeg tror også at mange synes det er trist når det skapes et inntrykk av at det som virkelig betyr noe i livet er ungdom og skjønnhet. Derfor kan det hende at noen har interesse av å bli invitert inn i hverdagen til en litt gammel dame.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s