TIL Å RISTE PÅ HOVUDET AV, HENDER OG FARGEBYTE

Kjære folk!

Eg har høyrt at Knut T. Storbukås, betre kjent som Sputnik, skal ha sagt «I hele min tid har jeg aldri lest en bok». Heilt ærleg tala, så er det no lenge sidan eg har lest ferdig ein roman. Det er så mykje anna å lese og så mykje anna å tenkje på og gjere, at eg finn inga ro. Eg håpar det betrar seg etter kvart. Enn så lenge er det trøyst å finne i desse orda til Toralv Maurstad: «Man blir ikke nødvendigvis dypsindig av å bo i en lenestol og lese bøker.»

Då tek eg fatt på denne laurdagsbloggen, som blant anna har eit lite avsnitt om ei bok.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg har tidlegare laga lister over ting i media som har gjort meg motlaus og over saker som det er mogeleg å glede seg over. I dag har eg laga ei liste over små og store saker som får meg til å riste på hovudet. 

I fjor stemte landbrukskomitéen i EU-parlamentet for å foreslå eit forbod mot å bruke ord som «burger» og «pølse» om anna enn kjøtmat. Slikt kan eg ikkje kalle anna enn meiningslaust byråkrati, sludder og pølsevev. Det treng då vel ikkje vere korkje kjøt eller tarm i ei pølse? Så vidt eg veit, har det blitt laga fiskepølser i meir enn 1000 år. Ordet hamburger er heller ikkje beskytta. Når ham er borte, kan me då vel bruke burger om alt som liknar. Og dersom det står «vegetarburger» på ei pakke i butikken, vil ingen tru at innhaldet er laga av kjøt. Bønder har kjempa for at dette skulle bli vedtatt, men EU-parlamentet har no, klokt nok, avvist forslaget. 

Józef Váradi, sjefen i det ungarske flyselskapet Wizz Air , avviser at det er aktuelt å inngå tariffavtalar med fagforeiningar dersom flyselskapet skal ha tilsette i Noreg. Wizz Air er eit flyselskap utan fagforeiningar, seier han. 
I Noreg trudde eg det var slik at det var forventa at alle skulle arbeide for å oppretthalde eit velfungerande partssamarbeid mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Det er faktisk ein menneskerett å kunne organisere seg. Kvifor let me slike selskap etablere seg her?

Konspirasjonsteoriar er på frammarsj. Kanskje ein av dei aller verste er QAnon: Folk trur at verda er styrt av ein satanistisk kult der mange av dei mektigaste menneska i verda deltek. Dei kidnappar visst ungar og utfører menneskeofring. Donald Trump skal, ut frå det konspirasjonsteoretikarane seier, vere den einaste som kan nedkjempe denne onde gjengen. Mange av dei som har knytt seg opp til denne konspirasjonsteorien er samstundes motstandarar av koronatiltak, og dei finnes i fleire land. Er det mogeleg? Trump sjølv har, så lang eg har klart å finne ut, ikkje tatt avstand frå alt dette. Her nyttar det ikkje berre å riste på hovudet. Sjølvaste FBI har definert desse folka som ein trussel.

Det hender det skjer ting i Noreg óg som får meg til både å riste på og klø meg i hovudet. Ein fakultetsdirektør i Stavanger har funne det naudsynt å spørje: «Er fargevalet og posituren meint å leie tankane mot «50 Shades of Grey»? Det er Framsida på boka til Hadia Tajik «Frihet» det er snakk om her.

Dette er 2020!! No må me snart ha kome så langt at det er lov å vere kvinne, sjå flott ut og samstundes vere flink og seriøs. Eg har aldri høyrt nokon ha lurt på kvifor mannlege politikarar kler seg som dei gjer. At kritikken kjem frå ei anna kvinne, gjer saka i tillegg litt trist.

E 39, vegen frå Kristiansand til Trondheim, er planlagt å bli ferjefri. Vegvesenet seier at når vegen er ferdig, vil den gje lågare utslepp av klimagassar enn slik vegen er i dag. Det er berre det, at langs strekninga der vegen skal gå, ligg det hundrevis av karbonhaldige myrer. Dersom desse blir øydelagde av vegen, blir dei klimagassbomber. Dette er det ingen som har tenkt på, og ingen har målt kor mykje utslepp av klimagass som vil kome frå myrene.

No kan Uber strate opp att den ordinære verksemda si i Oslo. Alle som har  hatt førarkort i klasse B i to år, kan få løyve til å drive persontransport mot vederlag dersom dei registrerer bilen sin som drosjebil. Dette vil gjere det endå vanskelegare å kunne leve av å køyre drosje. Når regjeringa tillét dette, er det stor fare for at useriøse aktørar tek livsgrunnlaget vekk frå dei som driv drosjeselskapa i dag.

Men eg kan ikkje avslutte denne lista utan å riste kraftig på hovudet over presidentvalsirkuset i USA der dei er i ferd med å gje sjefsklovnen sparken. Før han går, gjer han alt det han kan for å undergrave legitimiteten til det demokratiske systemet. USA ser ut til å liggje att fastlåst i to fiendtlege leirar. Her må det til meir enn hovudristing.

Eit ord å snu og vende på
Ordet i dag er «hender». 
Eg har dei med meg heile tida. Eg ser ofte på dei, men som oftast utan å tenkje over kor viktige dei er. Tenkjer du på hendene dine av og til?

Det var mor mi som fekk meg til å tenkje på mine. Ho sat ved kjøkkenbordet medan eg stod ved strykebrettet. Me hadde ein hyggeleg samtale om ingenting då ho plutseleg sa: «Hendene dine har så mjuke og samstundes så raske rørsler. Dei er gode å sjå på.» Eg hugsar at eg stansa opp litt i arbeidet, men det vart ikkje meir snakk om det. Dette er noko av alt det ho sa til meg som eg hugsar godt. Det fekk meg til å sjå på mine eigne hender. Det fekk meg og til å sjå på hendene hennar. Når eg er lei meg, ser eg på hendene mine. Ho hadde rett. Dei er mjuke og raske. 

Hender har sitt eige språk. Hendene våre kan snakke svært høgt sjølv når me ikkje seier eit einaste ord. Samtalepartnaren vår kan vise fram sinte knyttnevar, utålmodig fingertromming, sjølvsikker peiking, usikre hender som er putta i lommene eller opne hender som fortel at ho er avslappa og gjerne er med på nye idear.

Når eg tenkjer på alt det hendene mine har gjort og kva dei har vore med på gjennom livet, blir eg fylt av mange slags kjensler. Eg tenkjer på dei som har lagt handa si i mi og dei eg har kunne late handa mi kvile hos. Eg tenkjer på barnehender, små, mjuke og varme, som har funne tryggleik berre fordi dei hadde mi hand å halde i. Eg tenkjer på kjærastar som hadde hender som ville altfor mykje og på andre som ikkje våga noko. 

Hendene mine har prøvd og dei har feila. Hendene har prøvd igjen og fått det til. Hendene har varma seg over glør og vore iskalde inne i våte vottar. På kvinners vis har dei vaska, vaska og vaska endå meir. Dei har prøvd å rekke over alt, klappa i høglydt begeistring og ramla slapt ned langs sidene når ingenting gjekk som det skulle. Dei har alltid vore der og gjort det eg har bedt dei om å gjere. Ingenting har nokon gong vore hendene si skuld. 

Det aller siste minnet eg har av mi kjære mor, var dei vakre hendene hennar som låg så fredeleg på bringa hennar. Dei hadde gitt meg all den trøyst, hjelp og omsorg ei mor kunne evne å gje.
Eg saknar framleis dei hendene.

Ei lita kjensle
Eg trur kjensler er smittsame. Det vil seie, – eg veit at kjensler smittar.

Fargebyte

Kan eg få stå her
i ljoset frå deg
berre ei lita stund
eller aller helst litt lenge
for her,
inntil deg,
kan eg fargeleggje 
innsida mi.

Eg har mange vakre gråtonar
som du 
kan få i byte
mot litt raudt og rosa.

***

Hurra for ein heilt vanleg laurdag! Det er ingenting å heise flagget for, ikkje noko spesielt å pynte seg for og ingen som forventar anna enn at alt skal vere som det pleier.
Eg gler meg!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: