Kjære folk!
Eg har lurt på kva som er spesielt med dei folka som gjer meg så godt. Har dei noko til felles? Eg trur eg har funne ut kva det er. Dei smiler med augo og dei er snille. Kanskje meininga med det heile er å vere snill og glad?
Eit sitat eg vil dele
I dag byrjar eg rett på sitatet. Det er eit lite dikt av Kolbein Falkeid som både er til å smile av og finne trøyst i:
«Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype.
De var skogskarer og fjellvante.
Jeg finner nok frem.»
Det er som om Falkeid skriv om mine eigne kjære. Dei kara seg fram på fjellvidder, langs uferdige jernbanelinjer og i veglause bygder. Dei tålte mang ein steil oppoverbakke og gav ikkje opp før dei måtte.

Eg er takksam for at det var famntaka til akkurat desse som gjorde at eg vart meg. Mine viddevandrarar, bergbuarar, fjellfantar, hushjelper, jernbanesluskar og vaskekjerringer har sendt meg ut i verda som mykje rikare enn om dei hadde fylt lommene mine med gull.

Og kven veit, – kanskje dei fylgjer med, smiler og tenkjer sitt. Det er ein tanke som er god å kjenne på. Kvisting av løyper var i alle fall ein kunst som dei beherska alle saman.
Dette har eg tenkt på denne veka
Me har mange flinke politikarar i Noreg som både har gode hensikter og vil vel, men det hender at eg lurar på om dei veit kva dei snakkar om og om dei tenkjer over kva konsekvensane er av dei vedtaka dei fattar. Eg har ingenting imot at dei som styrer landet har både høg utdanning og god råd, men har dei realkompetanse? Innimellom tvilar eg sterkt på det.
Her kjem to små eksempel frå det reelle livet til ganske mange:
Ein einsleg person som må leve på sosialpengar får utbetalt 6 250,- kr i månaden. Dette skal dekkje alle grunnleggjande behov som mat, klede, kommunikasjon, hushaldningsartiklar, fritid og sosialt liv. Dersom sosialklienten skulle vere så «uheldig» å få for eksempel 500,- kr i bursdagsgåve inn på kontoen sin, blir dette trekt frå utbetalinga fra nav.
Arbeidsavklaringspengar utgjer 66 prosent av det som var løna året før. Dersom eg brukar ein arbeidstakar som utfører reinhald som eksempel, skal han eller ho ha minst 187,66 kr i timen. Då vil arbeidsavklaringspengane utgjere rundt 13 000,- kr utbetalt i månaden. Dette skal dekkje alle utgifter, men denne personen får lov til å behalde bursdagsgåvene sine.
Alle ser at det ikkje er mogeleg å flotte seg med slike budsjett. Kva dersom desse folka har ein kronisk sjukdom og må ofte til dokter, knekk ei tann, treng nye vintersko, skal i 60 års-dag til far sin, – ja, kva om livet kjem og bankar på døra?
Dette går ikkje i hop! Likevel ser det ut som om dei politikarane med mest makt har som mål å slanke velferdsstaten og la dei med den dårlegaste råda betale for slankeoperasjonen.
Attende til realkompetansen. Alle er best når dei snakkar om noko dei har greie på. Det kan ikkje vere mange i regjering og på storting som har prøvd å klare seg for så lite som dei forventar at dei som har det aller vanskelegast skal gjere.
***
Dess meir eg lurar på ting og leitar etter svar, jo fleire spørsmål får eg, og endå sikrare blir eg på at det er svært lite eg veit.
I veka som kjem har eg ein god del praktiske ting eg skal finne ut av. Det er også kjekt!

Eg håpar det ligg ei fin veke framfor deg som les.
Helsing frå Karen-Margrethe