Kjære folk!
Den siste tida har det dryssa litt vinterstemning ned over Holmestrand. Det er eg glad for.

Verda er slik no at det er mykje å skrive om, og det gjer at eg har mykje på hjartet.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Nyhende er overskrifta, og kva anna kan eg skrive om denne laurdagen?
Onsdag sat eg og hadde levd meg langt inn i ein spelefilm då det vart så travelt med meldingar på mobilen min at eg måtte finne ut kva som stod på. Eg trudde nesten ikkje mine eigne auge og vart rysta av bileta av dette valdelege angrepet på det amerikanske demokratiet; Trump-tilhengjarar som braut seg inn i kongressbygningen og folkevalde som måtte barrikadere seg på kontora sine. Korleis kunne mobben kome seg inn så enkelt? Eg har vore der og opplevd kor godt bevakta den bygningen er. Hadde heile sikkerheitsopplegget kollapsa? Korleis kunne dette opprøret kome så overraskande på dei som skulle passe på? Demonstrasjonane var jo varsla. Eg har også høyrt fleire seie at dersom demonstrantane hadde vore svarte, hadde dei blitt skotne.

Kven har skulda? Sjølvsagt må hovudansvaret leggjast på Donald Trump. Då han tidlegare på dagen talte til dei demonstrantane som hadde møtt opp framfor Det kvite hus, kunngjorde han at han ikkje ville gje seg. Mange av tilhengjarane hans såg nok på denne demonstrasjonen som den siste mogelegheita til å få omgjort valresultatet. Høgreekstremistar og konspirasjonsteoretikarar var med og leia an. Dei var frykteleg sinte. I fire år har Trump dyrka hat og polarisering og prøvd å viske ut skilnaden mellom lygn og sanning. No endte det opp i noko som likna eit kuppforsøk.
Donald Trump klarte å overtyde tilhengjarane sine om at valresultatet i USA var fusk og fanteri. Men heldigvis fungerte demokratiet, og Joe Biden vart utropt til den 46. presidenten i USA.

Kva er det Joe Biden har vunne? Gevinsten hans er å overta leiarskapet i eit land der høgreekstremistar og antifascistar brakar saman i gatekamp, ein nasjon der mange fryktar at demokratiet har tatt stor skade under Trump si leiing og som i tillegg er svært hardt ramma av korona. Meir enn 3000 menneske døyr dagleg.
Det seiest at mange rundt Trump no signaliserer at dei vil gå, medan andre synes at dei må bli i kretsen rundt Trump for å trygge situasjonen. Me får håpe at republikanarane no innser til fulle at dette har gått for langt og at dei finn attende til dei meir moderate røtene sine.
I går vakna me opp til at Trump hadde fordømt dei støttespelarane sine som storma Kongressen og han kalla det heile «eit avskyeleg angrep.» Han lova også ein ryddig overgang til Biden. Det er 11 dagar fram dit. Trump meldte i går at han ikkje ville delta på insetjingsseremonien, men ingen hadde vel heller trudd at han ville sitje i bakgrunnen og applaudere.
Det viser seg at demokratiet er ei sårbar ordning.
Me må vere vakne.
Me må avvise lygn.
Me må passe godt på demokratiet vårt ved å delta i val og respektere kvarandre sjølv om me ikkje er samde.
Eit ord å snu og vende på
Kva tyder det at noko er «normalt»? Er det det same som vanleg? Gjennomsnittleg? Det motsette av merkeleg og rart? Begrepet er vanskeleg, og eg vil halde meg til ordet i tydinga; slik eg kjende kvardagen min før koronaren.

I januar i fjor var det heilt normalt for meg å planleggje utanlandsferiar, gå på konsert, klemme dei fleste som kom innom og vaske hendene etter do-vitjing og før maten. Endringane kom brått og brutalt. Det som var heilt normalt ved førre nyttårsskifte har no blitt heilt unormalt. No er det heilt normalt å stort sett halde seg heime, aldri oppleve noko nytt saman med mange, vaske hendene «heile tida», gå med nye munnbind i lomma og handveska, og den einaste som får ein klem er gubben. Det er ikkje noko gale med klemminga hans, men litt variasjon hadde vore kjekt.
Eg likar å vite kva som er normalt. Eg likar å vite kva som er forventa av meg. Eg veit også at eg trivst svært dårleg når alt flyt. Eg må vite kva eg har å halde meg til og kva slags reglar som gjeld for meg i kvardagen min. Eg innrømmer gjerne at eg også er litt treg når det gjeld endring. Når noko fyrst har blitt normalt, skal det litt innsats til dersom eg skal snu utan å rynke litt på nasen.
Mange av endringane er ikkje slike som einskildvis er grobotn for store bekymringar, men summen av den nye normalen er alvorleg, og det dukkar opp tankar og spørsmål som gjev grunn til ettertanke. Eg lurar for eksempel på om denne pandemien er i ferd med å ta livet av kinofilmen. Eg er også litt redd for at det har blitt normalt for oss å ha ein kvardag der me ikkje vitjar kvarandre.

Eg dekker på for to no, men det vil bli kjekt å innimellom kunne dekke festbord for fleire.

No, medan eg sit og skriv, kom eg på at eg heilt har gløymt å nemne handhelsing. Det har faktisk blitt så unormalt å rekke fram handa, at eg nesten ikkje hugsar korleis den skikken var. Kjem handhelsing nokon gong til å bli normalt att? Eg tvilar litt på det. Men me må finne ein annan måte enn denne albogehelsegreia. Er det ikkje både vakrare og enklare å sjå kvarandre inn i augo, smile og ta seg til hjartet?
Våren 2020 teikna ungane i barnehagar og skular regnbogar, skreiv «Alt blir bra» og festa det til vindauga. Det var ei trøyst. Det var håp. Det var trua på at dette vonde snart ville forsvinne. Me må ikkje miste håpet. Me må bevare trua. Me har betre tider i vente, – me må berre vere tålmodige.
Me kan ikkje puste ut og seinke skuldrene, for det er teikn på at ei ny smittebylgje er på veg. No må me vere med og ta eit nytt krafttak for å unngå at smittesituasjonen kjem ut av kontroll.
Sundag for omtrent ei veke sidan sette regjeringa det sosiale livet vårt på vent. Slik skulle me ha det i minst to veker. Eg er glad for at det i alle fall kjennest litt unormalt.
Ei lita kjensle
Dagane,
livet,
å leva
er ikkje alltid berre
solskin,
karamellpudding
og strålande framføringar,
er det vel?
Rett som det er
må me lide oss gjennom
snøslaps,
ein fårikål-middag
og endelause tåketalar,
men sidan me no eingong har
dette vesle livet,
kan me vel like gjerne
lære oss
å danse masurka
Eller var det litt i overkant
på ein laurdag
i januar?
***
Eg er spent på sundagen, men det skriv eg meir om i morgon.

Ha ein så fin laurdag som mogeleg.
Helsing frå Karen-Margrethe