VISNING OG KVIFOR ÅL?

Kjære folk!

God sundagsmorgon!
Til jul var eg heldig å få Hans Børli «Samlede dikt» av ei god venninne. I dikta hans er det mykje å finne både til glede og til ettertanke. Eg opnar bloggen min i dag med eit Hans Børli-dikt som eg synes høver til desse dagane med så skiftande kjensler.

Dagene
Dagene kommer, kommer –
De ser på meg,
ventende,
fylt av lys som håper.
Så dimmes de i kvelden,
bortvendt, sårt –
Lik barneøyne som strålte av
en forventning
som brast

Eit sitat eg vil dele
I dag er det visning, – og eg kjenner det litt i magen.
Eg har vore inne på eiendomsmegler.no og funne ei sjekkliste for folk som er ute etter bolig; «14 tips til kva du bør sjekke på visning» og overtydd meg sjølv om at dette bør gå bra. Det er faktisk ikkje mykje gale å finne her i huset vårt. 

«De fleste har som oftest sett boligen allerede før visning, i avis, på nett og/eller video. Når de kommer på visning er det for å oppleve den. Da er alle sansene i bruk.» Slik står det på proaktiv.no.

Me har gjort det me kan: Det er sett fram stearinljos i alle rom, og alle ljospærer er sjekka. Alt må vere i orden. Me har rydda og ordna slik at boligen er så lik som mogeleg slik den ser ut i annonsen. No er det berre å håpe at folk likar «opplevinga».

Snart kjem eigedomsmeklaren for å ta over. Me skal sjølvsagt ikkje vere heime. Termosen vår er full av kaffi, og me har godsaker i matboksen. Me skal på biltur.

Me har det ikkje travelt. Me må ikkje selje i januar, men eg kjenner at dette er ei spanande helg. Dessutan er det ei rar helg med vekslande kjensler, – og slik skal det vere når ein er midt i ein av dei store overgangane i livet. 

Dette har eg tenkt på denne veka
Det er jo ikkje så rart at eg har lyst til å flytte heim att til barndommens dal, men mange har spurt kva det er som gjer at han eg deler livet mitt med har lyst til å bli med på denne reisa? Me har tenkt mykje på og ofte snakka om det. Det er fleire svar på spørsmålet, og summen gjer at ingen av oss er i tvil om at dette er ei god avgjerd.

Sundre sett fra vestsida

Ål er ikkje akkurat ein kjempestor kommune, med sine 1173 kvadratkilometer og rundt 4800 innbyggjarar, men tilboda er mange og passar for folk i alle aldrar. Me har sjølvsagt fokusert mest på det som er aktuelt for oss i godt vaksen alder.

Den fyrste grunnen til trivnad er like viktig for ungar som for gamlingar: Ål er rekna for å vere kulturkommunen i Hallingdal. Eit levande kulturliv er viktig for oss når me skal velje ein stad å bu for den siste delen av livet vårt. 
Ål kulturhus har heile tre scener, der det blir sett opp både eigenproduksjonar og sceniske framføringar med artistar av høg internasjonal kvalitet. 

Ål kino har vunne prisen for «årets kino, liten klasse» fleire gonger. Her kan me gå på kinopremiere samstundes med at det er premiere i dei store byane, og fem dagar i veka kan me velje mellom fleire framsyningar. 

Inngangspartiet til Ål kulturhus

Men dette er berre litt av kulturtilbodet i kommunen. Kvart år blir Noregs beste kulturkommunar kåra av Telemarksforsking. Kommunane blir rangert og målt (per innbyggjar) i ti kategoriar. Ål ligg heilt i toppen, berre slått av Røros.

Helsetilbodet i ein kommune er også viktig for folk som nærmar seg 70. Hallingdal sjukestugu ligg i Ål sentrum. Dette er ei avdeling under Ringerike sjukehus og gjev sjukehustilbod til heile dalen i tillegg til å stå for det kommunale helsestellet. Ål er også base for Norsk Luftambulanse. Dette, saman med felles legevaktsentral, gjev bygda stor helseekspertise og mykje helsepersonell. 

Me er svært glade i å gå tur. Dersom me tek med oss ei flaske og set oss ned midt på Torget og snurrar flaska, finn me gode alternativ for turar uansett i kva retning flasketuten peikar. Kvar sumarsesong blir det lagt ut ti turfavorittar. Desse er valt ut blant meir enn 50 gode vandreturar.

Strandafjorden

Men det finnes også gode turalternativ midt i Ål sentrum. «Elvelangs» er ein stig som passar for alle. «Elvelangs» strekkjer seg frå Hallingdal Feriepark til Ål Camping. Langs stigen er det mange stoppestader der det er mogeleg å fiske, bade eller prøve seg på ei hinderløype. 

No har eg ikkje nemnt Ål skisenter, at Ål har meir enn 430 kilometer preparerte skiløyper, Hallingdal feriepark med klatre- og sykkelpark, Leveld Kunstnartun, låveopera og alt det andre fine. Det går vel ei grense for all skryten. Dessutan får me vel sjå om me kjem til å trivast så godt som det me trur me kjem til å gjere. Time will show, – er det ikkje det det heiter på halling?

***

Heilt på tampen: Det blir bra, veit du. Ta vare på deg sjølv så lenge.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: