EIN SPANANDE DAG, BASSGANG OG EI MORGONKJENSLE

Kjære folk!

Det hadde vore kjedeleg dersom livet var perfekt og alle morgonar like vakre. Me treng nokre motbakkar og at det er litt humpete av og til,


– men i dag har eg ingen motbakkar å skrive om.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Måndag i veka som gjekk var ein spanande dag. Eg vakna grytidleg med ein ørliten sommarfugl i magen. Det vart fleire og større sommarfuglar etter som timane gjekk. Det fyrste bodet skulle ligge ute til klokka 12, men fram til klokka 11:25 var det veldig stille. Men når det fyrst sette i gong, skjedde det mykje. Klokka 14:19 var huset selt, me var nøgde med resultatet og salsskiltet kunne plukkast ned.

Då bestemte oss for å selje huset, bad me fire eigedomsmeklarar om å kome innom. Alle kom med tilbod og alle vart bedne om å fortelje korleis dei ville gå fram for å selje boligen vår. 

Me valde Alexander Hassum frå Krogsveen AS ut frå den måten han snakka om huset vårt på, at han stod fram med høg profesjonell integritet, var likandes og hadde ei klar meining om kva som måtte framhevast spesielt. 

Her kjem Alexander Hassum frå Krogsveen AS. Klar for visning.

Det viste seg at me hadde gjort eit godt val. 
Me kan anbefale Alexander på det varmaste. Han er triveleg, blid, kjapp, kreativ, yt god service og er presis og arbeidssam. 
Me kunne ikkje ha gjort eit betre val, så litt skryt på bloggen min, det fortener du, Alexander.

Eit ord å snu og vende på
Eg blir levande ut i kvar einaste nervetråd. Eg blir fysisk glad. Det er få ting som verkar like overveldande som ei god musikkoppleving, og eg er spesielt svak for bassgangar, så det er ordet mitt i dag. Musikk er jo ikkje berre lyd, men ein komponert samansetning av eit lydbilete. Basstonar som blir spelt etter kvarandre rytmisk og melodisk set seg i hjernen og spreier seg i bylgjer til resten av kroppen.

Likar eg best el-bass eller kontrabass? Svaret må bli; kvar til sitt bruk. 

Kontrabassen var det tradisjonelt mest brukte bassinstrumentet i populærmusikken i fyrste halvdel av nittenhundretalet. Etter kvart fekk kontrabassen problem med å trenge gjennom det kompliserte lydbiletet, og frå byrjinga av 1960-talet vart kontrabassen i stor grad avløyst av el-bassen i band-samanheng.

Bassen skal høyrast.
Bassen skal kjennast.
Bassen er motoren i musikken.
Bassen gir rytmane djupne og klang.
Bassen framhevar det dansbare.

Eg elskar jazzbassistar som produserer desse lange linjene som går, går og går.
Eg elskar også dei synkoperte bassgangane som skapar variasjon og framdrift.
Bass er sexy. 
Basstonane treff slik ingenting anna gjer, – rett i livmora.

Her er ei god bass-liste dersom einkvan skulle være interessert:

  • Michael Jackson: Billy Jean
  • Jonathan Wolf: Seinfeld Theme
  • Madrugada: Hands up I love you
  • Aquarius fra musikalen Hair
  • Umulig sang: Kari, Ola og Lars Bremnes

Eg må også nemne Scared of Heights med Espen Lind. Det viser seg nemleg at tuba også kan produsere lekre bassgangar.

Ei lita kjensle
Det kjendes slik
som om
morgonen hadde vore her
på vitjing allereie,
tala vakkert med draumane mine
og fortalt dei
kva som skulle kome


Det kjendes slik
då eg vakna og gledde meg

til alt det eg ikkje
visste kva var

***

Dei siste dagane har me vore på Ål og hatt møte med entreprenør, røyrleggjar og elektrikar. Flinke folk! Dette er moro! Eg skal sjølvsagt skrive meir om husprosjektet vårt etter kvart.


Ha ein retteleg god laurdag!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: