Kjære folk!
I dag er det heile 30 år sidan me tok imot meldinga om at kong Olav var død, og kong Harald overtok som statsoverhovud. Eg var i Oslo berre nokre dager etter, og hugsar godt at Slottsplassen var fylt av blomar og ljos. Kong Harald har fleire gonger snakka om den varmen og trøysta han kunne kjenne.

Eit sitat eg vil dele
«Å more er eit edelt fag», sa Johann Wolfgang von Goethe
Store norske leksikon definerer humor slik: «evne til å oppfatte det morsomme i en situasjon eller sans for det komiske.» Kanskje det er evna mi eller sansen min det er noko i vegen med.

Nokre gonger synes eg at TV-humoren er så pinleg at eg gøymer meg bak ei pute sjølv når eg sit heilt aleine og ser på. Eg likar for eksempel svært dårleg å vere tilskodar til at folk dummar seg ut. I staden for å le, får eg lyst til å trøyste eller hjelpe til.
Problematisk synes eg også at det er med vitsar som byggjer oppunder myter og gammaldagse haldningar. Eg har aldri likt svigermorhumor og har alltid reist bust av kvinnediskriminerande vitsing. Eg veit at eg har blitt stempla som ei prippen raudstrømpe når eg har sagt ifrå om at noko ikkje er morosamt.
For meg er den beste humoren smilande og har gjerne ei tåre i augnekroken.
Det er stas å le saman.
Det er godt å le med.
Det kan gjere vondt når nokon ler av.
Eg forstår ikkje alltid kvifor nokon finn det formålstenleg å gjere seg morosam ut frå, og le av, ting som dei veit at nærmast er heilagt for andre. Me har alle noko som er spesielt sterkt festa til identiteten, kjenslene eller til trua vår. Dette er slikt me ikkje ynskjer at andre skal le av.
Sjølvsagt kan det vere naudsynt å få fram ein viktig bodskap, og sjølvsagt kan humoren vere eit brukbart middel då, men eg meiner at det alltid er lurt å spørje seg sjølv; kva ynskjer eg å oppnå med dette? Dersom svaret er at dette gjer eg berre for å framheve meg sjølv, då er det kanskje best å la spøken liggje?
Kva ler eg av?
Fyrst og framst ler eg av overraskande poeng, ordspel og kjappe replikkar.
Dersom eg ikkje berre skal smile høfleg, men le godt av ein vits, må poenget vere overraskande både når det gjeld innhald og timing. Å fortelje vitsar er ein kunst som eg sjølv absolutt ikkje beherskar, og eg blir imponert når eg møter dei som er kunstnarar på området.

Eg trur me treng humor i tunge tider. Det er grunnen til at born på sjukehus blir så glade i Sjukehusklovnane. Dei gjer ein viktig jobb.
Phil Bosman skal ha sagt det slik: «Når livet gir deg en smell, er humoren en god støtdemper.»
Me kan lage humor om kva som helst dersom me har ein svært god grunn til å gjere det, og dersom me gjer det med respekt. Me kan fortelje vitsar om det meste dersom me vil vel og gjer det med kjærleik til folk. Det er vel slik at det berre er du sjølv som heilt trygt kan fleipe om heimen din, ungane dine og trua di, ikke sant?
Prippen? Ja, det er mogeleg at eg er det. Men eg kan le både rått og lenge av ein grovis berre poenget er godt og uventa.
Dette har eg tenkt på denne veka
Eg har lenge sagt til meg sjølv at eg må ha noko å bryne meg på, noko å finne ut av og noko å fundere på. Eg må bruke hovudet, har eg sagt. Men no, når eg skal flytte til eit gammalt hus med tre uthus og i overkant av to mål tomt, har eg kjent at eg også gler meg til å vere eit praktisk menneske. Eg ser fram til å vere ei som ikkje berre sit og funderer, men som gyv laus og brukar kroppen og hendene. Og det er nok å ta fatt på.
Me er så heldige at me kan gjere eit av uthusa om til eit lite gjestehus. Eg ser for meg eit koseleg ekstrarom med brune tømmerveggar der gjestene kan trekkje seg attende for å slappe av og få seg ei god natt svevn. Det er litt arbeid i vente før det kan bli slik.

Eit anna arbeidsområde er hagen. Det fyrste året må eg bruke på å sjå kva som kjem opp. Kanskje dukkar det opp små skattar i form av gamaldagse kulturplanter. Eg vil gjerne ta vare på det som finns der.
Deretter kjem det arbeidet som verkeleg er morosamt; å bruke det eg har lært om denne hagen gjennom året, – for så å planlegge den hagen som skal vere vår.

Eg ser ljost på dette arbeidet, og det er ingen grunn til å vere redd for at livet skal bli keisamt og einsformig. Det gjeld å ta ein ting om gongen, vere tålmodig og ikkje tru at alt skal vere på plass det fyrste året. Dessutan må eg jo også ta meg tid til å sitje og fundere.
***
Det er mykje eg ikke forstår i verda vår, og av og til gjer folk ting eg aldri kunne ha kome på å gjere. Det hender at eg kjenner at eg er glad for at det berre er mine eigne handlingar eg har ansvaret for.
Men vakkert er det desse kalde vinterdagane.

Ha ei fin veke.
Håpar me skrivast/lesast komande laurdag.
Helsing frå Karen-Margrethe