EI FORTELJING OM EI PRESIDENTINNSETJING, SERVICE OG ALEINE

Kjære folk!

Når eg meiner noko positivt om folk, vil eg gjerne formidle det vidare. Sann skryt skal ein ikkje halde for seg sjølv. Sist laurdag fekk eigedomsmeklaren sitt. I dag er det ein annan sin tur.
Men fyrst ei lita forteljing om ei presidentinnsetjing.

Det viser seg stadig at det er lys i tunellen.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
I fire år hadde den bortskjemde gutungen fått lov til å herje som han ville. Ingen hadde stansa han, – ikkje eingong når han mobba og laug. No var det så mange, ja faktisk meir enn halvparten, som ikkje ville vere med på dette meir. Dei hadde sagt tydeleg ifrå om at no var det nok.

Då dei vaksne reiste seg for å fortelje korleis dei ville ha det i framtida, furta han slik bortskjemde ungar gjer, og ville ikkje vere til stades. Slikt ville han ikkje høyre på. Det var han som skulle vere midtpunktet. Difor drog han for å leike med den store flygemaskina ei siste gong, og han sette på veldig høg musikk slik at han kunne overdøyve orda til dei vaksne. Det var berre nokre få som gret då han drog, og ingen visste sikkert kva han no skulle finne på. Eg veit ikkje om han visste det sjølv heller. Men han kjem nok heilt sikkert til å leite etter folk som vil applaudere, for applaus er slike bøller sjukt opptekne av.

Dei vaksne brydde seg ikkje. Dei song songar om det landet dei elska, bad bøner om fred og held alvorsame talar med glede i. Heile verda fylgde med på dei fine orda om samhald, håp og rettferd, og heile verda ynskte dei all mogeleg lukke til, for alle visste at det ville bli hardt og vanskeleg arbeid å rydde opp etter langvarig uro og splid.

President Joe Biden

Det kan hende at i framtida kjem mange smågutar til å forstå at det er fleire måtar å kome seg fram på her i livet, enn ved å berre tenkje på seg sjølv. Og eg er heilt sikker på at på grunn av denne dagen kan fleire småjenter få andre draumar å drøyme enn dei som handlar om å bli prinsesse eller influensar. Kanskje dei heller no skal satse på å bli visepresident.

Visepresident Kamala Harris

Eit ord å snu og vende på
Kvar laurdag vel eg meg ut eit ord som eg har lyst til å skrive om. I dag fall det seg heilt naturleg å skrive om service.

Me seier at me forventar god service, men kva er det eigentleg me ynskjer å få? For meg handlar det om å bli sett, å bli møtt og om å få god hjelp. Når eg er kunde i ein butikk, handlar god service om den totalopplevinga eg får når eg er inne i butikken. 

Den siste tida har me naturleg nok hatt mange opplevingar i mange ulike byggevarebutikkar, og me har opplevd mykje god service. Den siste gongen var hos Flisekompaniet i Hønefoss. (Er fliser det einaste det er uråd å få tak i Hallingdal, tru?)
Opplevinga starta med eit smil, eit hei og eit velkomen. Deretter fekk me høyre at me skulle få hjelp om ein augneblink, og at me kunne få oss ein god kopp kaffi medan me venta. 

Butikken var ryddig, innbydande og me fekk lyst til å gå rundt og sjå på varene. Me fekk raskt hjelp til å finne fram i vareutvalet, og med stor fagkompetanse svarte Jørgen Thoresen, som kallar seg «Kremmer & Entusiast», på alle dei spørsmåla me hadde, – og i tillegg på alt det me ikkje visste at me lurte på.

Jørgen Thoresen, Kremmer & Entusiast

Kunnskap er ein viktig del av god service.
I tillegg til gode svar, fekk me gode og inspirerande idéar. Det vart handel, og då me gjekk ut av butikken, opplevde me at den siste timen hadde vore både nyttig og triveleg.

Ei lita kjensle

Aleine
Aleine?
Det er greitt det
berre det er heilt 

utan forventning

Aleine?
Det er fint det
berre ljosa er
tende

Aleine utanfor?
Saman med alle dei 
som forventar
for mykje?

Så kald du er på hendene. 
Vil du ha ein bit av eplet mitt?

***

– Me er i ein skjør situasjon og me må vere budde på smitteverntiltak fram mot sumaren, sa Erna Solberg for ei vekes tid sidan.
– No ser me ljoset i tunellen, og det ljoset heiter «Sumaren 2021», sa Espen Nakstad.
Bodskapen var vel eigentleg den same frå dei båe, og eg byrja (litt forsiktig) å glede meg til å sitje ute i kjole og sandalar og ha det kjekt saman med glade, gode vener.

Dei heng klare og ventar på ein sosial sumar.

Eg vil halde fram med å glede meg!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: