VAKKERT OG NYTTIG OG STRAM MAGE

Kjære folk!

Eg er både litt forundra og ganske glad for at dei som les bloggen min viser så stor interesse for den prosessen me er midt oppi. Det gjer at eg har noko å skrive om. I dag vil eg difor vise fram litt meir av korleis det no ser ut i det som etter kvart skal bli heimen vår. 

Det hender at eg tenkjer på litt anna enn hus og. Her er to små eksempel:
– I Holmestrand har vinteren regna vekk, og eg vil jo helst ha skikkeleg vinter når det er vinter, men det hender at det er vakkert her likevel. 

Slik var det då eg vakna i går.

– Sist helg fekk eit oppslag i Dagbladet pulsen min til å stige såpass høgt at eg måtte skrive litt om det. Men fyrst hus.

Eit sitat eg vil dele
Nokre månader framover no, kjenner eg at eg kjem til å ha mange ulike tankar og kjensler rundt ordet «heime». I Holmestrand bur me på lånt tid. Me snakkar om kva me skal ta med oss vidare og kva me skal kvitte oss med. I garasjen har det allereie laga seg ein liten stabel med kasser, og i bua på Ål står det både lamper og stolar som ventar på å bli tekne i bruk. 

«Ikke ha noe i ditt hjem som du ikke vet er nyttig eller synes er vakkert», las eg her ein dagen. Det var orda til den engelske kunstnaren, forfattaren og aktivisten William Morris. Me skal prøve å leve opp til det, men det er nok ei stund til me kan nytte vakkert og nyttig om det som skal bli heimen vår. Her er nokre bilete som viser korleis stoda var då me sist vitja huset på Ål:

Her var det eit tilbygg som no er borte. Når det kjem opp att nye veggar, skal det bli ein liten gang, bad og vaskerom her:


Døra er fin den, og her har me tenkt å vise fram den 111 år gamle tømmerveggen. Det skal bli vakkert:

Her står eg på kjøkkenet og ser opp i badet. Nyttig er det førebels ikkje, men det blir trygt med nye takbjelkar:

Her har det kome prøver på golvet. Me leita lenge før me fann det golvet me ville ha. Eg trur det blir både vakkert og nyttig:


Det er mange ulike val å ta. Eit av dei handlar om fargar. På det området kan eg vere pirkete, sta og umogeleg å rikke. Heldigvis er mannen min så raus at han overlét fargevalet til meg. 
Skal eg velje den eller den gråfargen, tru?

Med utgangspunkt i golvet gjeld det å finne den rette fargen til gelender, lister og dekor på dørene.

Valet er gjort. Her er fargepaletten:

Det blir mest kvitt, ein del gråstein-grått og med innslag av svart.

Me er heldige som har flinke folk som tek seg av det meste. Dei har både fagkunnskap og kreativitet. Her diskuterer dei noko teknisk som heilt sikkert vil kome til nytte.

Det er god kommunikasjon mellom dei me har i hus.


Dette har eg tenkt på denne veka
Eg blir så irritert! Er det verkeleg naudsynt med slike framsider som Dagbladet hadde laurdag for ei veke sidan? Det er greitt nok at slikt sel, men kven har ansvaret for konsekvensane av at me stadig blir tuta øyrene fulle av kropp og utsjånad. Er det rart at folk får eit usunt forhold til mat? Er det rart at folk ikkje klarar å vere glad i kroppen sin?

Eg er kjempeglad for vere så gammal at det ville ha vore bortimot latterleg å vere oppteken av «sumarkroppen». Men berre vent. Det er ikkje lenge til det vil verke som at det viktigaste i livet blir korleis me kjem til å sjå ut i bikini den komande sumaren.

Mange gjer alt det dei kan for å kome så nært som mogeleg opp til (eller kanskje me bør seie ned mot) det som vert rekna som kroppsidealet.

Eg undrar meg over kvifor det ikkje blir sett pris på at kroppar ser ulike ut. Kvifor er higet etter å sjå ut som eit oppkonstruert ideal så stort?

For eitt par sumrar sidan sat eg på ein benk i Oslo og fylgde med på unge kvinner som gjekk forbi der eg sat. Eg kunne ikkje unngå å leggje merke til kor like dei var; langt, slett og ljost hår, solbrun hud, rosa lepar, tronge bukser, digre vesker og kvite joggesko. Det kan godt hende at dei ser annleis ut i dag, eg har ikkje fylgd så godt med på trendane, men eg er sikker på at dei framleis er like. 
Kvifor er det slik?
Ulikskap er jo vakkert.
Mangfald er spanande.


For meg ser det ut som om nokre reklamerer for at kroppar kan endrast akkurat slik me sjølv vil, og at me alle kan ende opp med «idealkroppen». Det er vel difor det er mogeleg å få operert inn implantat både framme og bak, og kundane kan velje storleik, form og profil på det som skal bli dei sjølve. Det er ei sjuk verd.

Eg har vondt av dei som er unge og som blir pådytta haldningar som får dei til å tru at det er utsjånaden som gjer om dei er bra nok eller ikkje. 
Det hadde vore svært trist og veldig kjedeleg dersom me alle hadde vore like. 

Fram for det sunne, for personlegdom og det individuelle.

***

Sundag 10. januar hadde me visning på huset her i Holmestrand. Me hadde kjøpt blomar, slik ein skal når eit hus skal visast fram. I går fotograferte eg buketten. Nesten like fin etter 14 dagar utan stell, i det same vatnet i ei varm stove. Ikke verst.

Eg ynskjer dykk alle ein god sundag og at veka som ligg framfor oss blir så bra som den kan bli.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s