Kjære folk!
Eg er heldig. Eg vaknar om morgonen og veit at det ikkje er ein einaste ting som eg må. Eg står opp berre fordi eg har lyst til det. Når eg har skrive ferdig, kan eg gå ned på kjøkkenet der det ventar kaffi, egg, müsli-brød og ein liten haug med aviser. Er det mogeleg å vere heldigare ein heilt vanleg koronalaurdagmorgon?

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
På presidentinnsetjinga i USA 20. januar sa Joe Biden noko slikt som at «Demokratiet er skjørt, men demokratiet har vunne.» Det er ikkje berre på andre kontinent at det er viktig å passe godt på demokratiet.
Måndag 13. september skal me velje nytt Storting. Det er berre sju og ein halv månad fram i tid. Det er viktig, og det blir heilt sikkert interessant.
Raudt, SV, Arbeidarpartiet, MDG og Senterpartiet har alle sagt at dei vil ha ei raudgrøn regjering dersom dei får fleirtal. Det har forresten partiet Sentrum sagt óg. Dei tre partia som no sit i regjering, går høgst sannsynleg til val på at dei gjerne vil fortsetje med Erna Solberg som statsministar. Fremskrittspartiet vil ikkje støtte ei regjering som dei sjølv ikkje er med i. Så langt er alt klårt som dagen. Men blokkane både til høgre og til venstre kjem heilt sikkert til å skulde kvarandre for at ei stemme i «feil» retning er ei stemme for kaos.

Eg synes dette er spanande greier. Me har mange parti å velje mellom i Noreg, og i 2021 vil styrkeforholdet dei imellom bli viktigare enn på lenge. Kanskje det verkeleg går opp for oss denne gongen at det er sant at kvar einaste stemme er avgjerande, for det er mange spørsmål å stelle;
– kjem småpartia til å karre seg over sperregrensa?
– kva slags veg kjem vinden til å blåse?
– får det nye partiet Sentrum nok stemmer til få bli med på «leiken»?
Eit anna spaningsmoment er kva parti som kjem til å bli det største på venstresida. 5. januar hadde Ap den verste målinga på tre år. Jonas Gahr Støre er no leiar for det tredje største partiet i Noreg. Kven blir statsministar dersom venstresida vinn?
Den eksplosive veksten til Senterpartiet har gjort at forholdet mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet har endra seg. Sjølv om det er mest vanleg at det største partiet har statsministaren, så er det jo ikkje obligatorisk at det skal vere slik.

Mange synes sikkert at det er altfor tidleg å byrje å snakke om slikt allereie no i slutten av januar. Men eg håpar på stort engasjement for viktige saker, gode debattar som folk forstår seg på og at mange til slutt vil finne vegen til stemmeurnene.
Den norske staten er ein velferdsstat. Det betyr at alle menneske er like viktige og skal ha dei same mogelegheitene til å leve gode liv. Noreg er eit demokrati. Det betyr at me har ein styreform der folket bestemmer. Det er me som bestemmer kven som skal styre velferdsstaten vår, og meiningane våre betyr jo ingenting dersom me ikkje nyttar dei sjansane me har til å seie ifrå. Dersom me vil ta vare på demokratiet vårt, må me bruke det.
Eit ord å snu og vende på
Den siste tida har kjøkkenet vore det rommet som har fått mest merksemd. Ordet mitt i dag er difor «kjøkken», og me har verkeleg både snudd og vendt på det denne veka.
Eit kjøkken blir brukt så annleis i dag enn for hundre år sidan, at dette nok er det rommet som har gjennomgått dei fleste endringane det siste hundreåret. Kjøkkenet vårt i huset på Ål er lite og «stengt inne» mellom lafta tømmerveggar. Me kjenner oss heldige som har ein entreprenør som bryr seg om sluttresultatet og som er god til å sjå mogelege løysingar. I tillegg har me søkt eksperthjelp hos Wenke Foss hos Sigdal Kjøkken i Eggedal. Ho har hjelpt oss med å få til ei så optimal løysing som mogeleg.
Torsdag var me i utstillingslokala i Eggedal for å bli einige med oss sjølve:
Skal me prioritere kjøkkenbenk eller skåpplass?
Skal me ha ein eller to/stor eller liten oppvaskkum?


Det hadde vore fint å kunne ha trylla fram nokre ekstra kvadratmeter, men ingen av oss innehar den eigenskapen. Det gjorde det enklare å ta gode avgjerder då me både kunne sjå på og ta på innreiinga.
Ei lita kjensle
I dag har eg kalla den kjensla eg beskriv for Gamle sko

Han og eg er
kvarandre sine
gamle, gode sko
som me må passe på
aldri å slutte med
å kjenne etter
kor godt
dei passar på foten
med plass
til mine bulkar
og hans såre tær
Me må smøre
børste
pusse
slik at ingen
av oss ynskjer
å titte innom eit skosal
For me veit jo båe
at det stadig er
tilbod
på andre fint brukte

***
Eg ynskjer for deg som les bloggen min i dag ein god laurdag.
Lytt til noko vakkert og les noko fint!
Helsing frå Karen-Margrethe