Eg er heldig. Eg vaknar om morgonen og veit at det ikkje er ein einaste ting som eg må. Eg står opp berre fordi eg har lyst til det. Når eg har skrive ferdig, kan eg gå ned på kjøkkenet der det ventar kaffi, egg, müsli-brød og ein liten haug med aviser. Er det mogeleg å vere heldigare ein heilt vanleg koronalaurdagmorgon?
God morgon! Veit du at det er Nilsmesse i dag? På primstaven er 6. desember merka av med ei bispelue, ein bispestav eller ein N. Den heilage Nikolas var biskop i Myra i Lykia. Han døyde midt på 300-talet og vart helgen for dei sjøfarande. Legenda fortel også at han hjelpte fattigfolk med gåver. Dette er ein av grunnane til at St. Nikolas og julenissen kjem med gåver til borna.
I Noreg var det visst tradisjon for å reparere sko denne dagen. Det handlar framleis om sko i Tyskland. Mannen min kan fortelje at der set borna fram skoa sine om kvelden før dei legg seg 5. desember. Dersom dei har vore snille, ligg det gåver i skorne når dei står opp om morgonen den sjette.
Vanlegvis om sundagane skriv eg litt om både eit sitat og ein tanke. I dag vel eg å slå saman desse to når eg skriv om å velje.