OM Å VELJE og litt om NILSMESSE

Kjære folk!

God morgon!
Veit du at det er Nilsmesse i dag? På primstaven er 6. desember merka av med ei bispelue, ein bispestav eller ein N. Den heilage Nikolas var biskop i Myra i Lykia. Han døyde midt på 300-talet og vart helgen for dei sjøfarande. Legenda fortel også at han hjelpte fattigfolk med gåver. Dette er ein av grunnane til at St. Nikolas og julenissen kjem med gåver til borna. 

I Noreg var det visst tradisjon for å reparere sko denne dagen. Det handlar framleis om sko i Tyskland. Mannen min kan fortelje at der set borna fram skoa sine om kvelden før dei legg seg 5. desember. Dersom dei har vore snille, ligg det gåver i skorne når dei står opp om morgonen den sjette. 


Vanlegvis om sundagane skriv eg litt om både eit sitat og ein tanke. I dag vel eg å slå saman desse to når eg skriv om å velje. 

Mykje å tenkje på og mange val å ta.
Kvar einaste dag, ja, heile dagen, tek me små og store val. Forsking viser at me faktisk tek så mykje som 35 000 val kvar einaste dag. Dei fleste vala tek me meir eller mindre umedvetne, og det ville jo ha vore svært slitsamt dersom me skulle tenkje oss grundig om kvar einaste gong me gjorde ei lita rørsle. 

I desse dagar står eg og han som eg deler tilveret med, ovanfor fleire val enn det me gjer til vanleg. Mogelegheitene, tilboda og alternativa er så mange at det kan verke overveldande. Me har dessutan tenkt oss at dei vala me gjer no skal vare resten av livet. Difor gjeld det å velje rett, og me må vere samde om alt frå materialval og farge og til kvalitet og pris. 

Det kan vere ei utfordring å navigere i jungelen av nyansar og fargekombinasjonar. Det finnes faktisk fargekonsulentar som «kan sørge for at du finner fargene som passer deg og at det blir en fin helhet i hjemmet» (ifi.no), men eg trur me takkar nei til det.

Huset vårt treng ny ytterdør. Det er alle samde om, men korleis skal ho sjå ut? Eg siterar grontfokus.no: «Ikke bare er det porten inn til det private eller vakten som skal holde fremmede ute, det er også ytterdøra som gir huset sjel. Hvordan en ytterdør er utformet og hvilken farge den har, spiller en stor rolle.» At å velje dør skulle vere like vanskeleg som å velje sjel, det hadde eg ikkje rekna med. Skal dørsjela vår vere kvit som resten av huset eller skal ho stikke seg meir fram? Døra skal ha vindauge, men kva slags? Små, hemmelege gluggar eller store med både ut- og innsyn?  Skal ho ha sporfresa utside eller vere slett og blank? Skal ho vere pynta med mykje dekor eller vere beskjeden og enkel? 

Det neste spørsmålet er endå vanskelegare; Kva slag kjøkken skal me ha? Huseby? Strai? Sigdal? HTH? Kvik? Dette er berre ein del av dei aktuelle kjøkkenprodusentane i Noreg. I tillegg må me velje mellom skåp og skuff, standard eller med dekor, glansa eller ikkje, skal vasken vere i stål eller keramikk og sist men ikkje minst; korleis skal krana sjå ut. «Kjøkkenet er husets hjerte» heiter det. Dette er visst sant at for 159 kroner er det mogeleg å få kjøpt det dei kallar ein «wallsticker» med den teksten på. Det skal eg i alle fall ikkje ha.


Fredag hadde me tinga oss time hos ein kjøkkenforhandlar i Tønsberg. Me hadde med oss våre eigne behov og våre eigne idear som me presenterte for konsulenten. Kjøkkenet i huset på Ål er ikkje av det største slaget, så det gjeld å tenkje ut smarte løysingar. Me oppdaga raskt at produktutviklinga på kjøkkenfronten har vore ganske solid sidan me sist skulle ha nye kjøkkenmøblar. Her vart det snakka om teleskopskinner, selvinntrekk, antrasittfarge, profilert gesims, løftebeslag og softclose. Me let oss imponere.

Resultatet blir nok at huset vårt får eit lite, men svært praktisk hjarte.

Me avslutta turen til Tønsberg med å sjå på fliser. Her var det så mykje å velje mellom at me var i ferd me å gje opp, då me fann ut at det nok var lurt å gjere trygge og litt keisame val. Då håpar og trur me at det er større sjanse for at me ikkje kjem til å angre. 

Me har mange slike val framfor oss dei neste månadene, og me har tenkt å bli samde. Dette er ikkje slike saker det er lurt å kjempe om for å vinne. Ingen av oss kjem til å gå i krigen for å vinne kampen om fargen på golvflisene på badet.

***

Kvar sundag i adventstida tenner me eit nytt ljos. I dag tenner me to. 
Ljosare og ljosare. Nærare og nærare jul.


Eg håpar alle som les får ein god adventssundag. 

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: