SJÅ KVA ME FANN, JULETRE OG IKKJE I DAG

Kjære folk!

Me kom til Ål onsdag ettermiddag. På turen oppover dalen sat eg berre og stirde ut på vinteren. Du all verda så mykje snøen har å seie for opplevinga av naturen. Her var det verkeleg vinter. Her var det kvit desember slik eg vil at det skal vere. 

Me gjorde denne turen til Ål for å ha eit møte med han som har sagt ja til å leie renoveringsprosjektet vårt. Det eg skriv om i dag, handlar blant anna om slikt som kom til syne under dette møtet.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
«Eg fann, eg fann!»
«Kva fann du no då?»
«Eg fann 100 år gammal historie»

Ja, for me kan lese ein gammal vegg, eit tak eller eit golv nesten som ei historiebok. I det gamle huset vårt kan fargar, tapet og golvbelegg fortelje mykje om dei som har budd innanfor desse fire veggane før oss. 

Frå golvet i det rommet der eg skal ha arbeidsplassen min. På toppen av dette var det endå eit lag.

Då me kjøpte oss dette huset på Ål, tenkte eg at eg aldri før hadde budd i eit så gammalt hus. Men det var jo feil. Ål stasjon vart opna i 1907, og i det huset har eg budd i årevis utan å ofre ein einaste tanke på at heimen min var bygd for så lenge sidan. Eg tenkte heller aldri over kva som var innanfor den lys lilla fargen eg ynskte meg på veggane i rommet mitt då me flytta inn der. 

No derimot var det veldig spanande då handverkarane gjekk laus på veggar, golv og tak for å finne ut kva som var bakom og innanfor. Dette huset har vore heimen til folk i fleire generasjonar, og eg har no fått innsyn i både smaksretningar og i korleis motane har svinga gjennom tidene. Eg ser fargeval som minner meg om bestemor og bestefar og tapetar som får meg til å hugse livet på 70-talet. Under alle desse laga kjem det originale tregolvet og tømmerveggane til syne, og eg kan drøyme meg bort til den tida då huset var nytt, kvinnene kjempa for stemmeretten og kvinnfolk skulle vere feminine og ha former.

Frå veggen i ei av stovene. Dei likte blått, dei som måla denne tømmerveggen.

Eg kjenner meg svært heldig som får vere ein av dei som skal ta vare på dette huset vidare. Om nye hundre år er det kanskje eit lukkeleg par som finn våre fargar og vårt materialval og som spør seg kvifor me valde slik me no er i ferd med å gjere. 

Eit ord å snu og vende på
Om nokre dagar står juletreet pynta i dei fleste heimar. Valet mitt av ord var difor ikkje vanskeleg. 
Det fyrste juletreet me kjenner til i Noreg er frå 1820-åra, men juletreskikken oppstod i Tyskland på 1500-talet. Derifrå kom den til Noreg via Danmark. Fyrst var det dei velståande i byane som tok til seg juletreskikken før den breidde seg vidare til bygdene og dei breie lag i samfunnet. I dag har «alle» juletre.

Tidlegare var det jo vanleg å gå i skogen og hogge seg eit tre. I dag kjem dei fleste trea frå eit dyrkingsfelt, og dei fleste av oss kjøper treet hos juletreseljaren. Me ruslar rundt og leitar etter eit som er passeleg høgt, fint og tett. Nesten ingen treng å nøle dersom dei blir spurt om dei skal ha gran eller furu. Me vil ha det slik me alltid har hatt det.

I det siste har mange av oss funne ut at me skal stille eit anna spørsmål: Skal det vere eit av plast eller vil me ha eit naturleg eit som luktar skog og som er bustad for edderkoppar, spretthalar, midd, bartrelus og ymse larvar. Desse er knapt synlege, og dei døyr ofte ganske raskt. Jule-småkrypa er altså ingen god grunn til å skaffe seg plasttre.

Finnes det i det heile gode grunnar til å velje plast? Eg prøver:

  • Du kan ha det same treet i mange år.
  • Du treng korkje å vatne eller sope.
  • Ingen som kjem innom i jula får allergiske reaksjonar, – i alle fall ikkje på grunn av treet.
  • Du veit kvar du skal gjere av det, når jula er over.
Dette juletrebiletet tok eg heime i Holmestrand i 2013. Det var ikkje snø det året heller, ser eg.

På den andre sida er plast eit fossilt produkt som ikkje er naturleg nedbrytbart og heller ikkje kan resirkulerast. Burde me ikkje då unngå plast der det ikkje er naudsynt? I dette miljøreknestykket må me i tilfelle også ta med transport, sidan mange av dei naturlege trea som blir selde i Noreg er importerte, at dei blir dyrka på jordbruksareal og at det kan bli brukt kjemikaliar i juletredyrkinga. Eit land som Noreg burde kunne klare å produsere nok juletre sjølv.

Eg har i alle fall ikkje tenkt å påføre meg sjølv eller andre plastjuletreskam!
Eg vil pynte treet vårt slik eg ynskjer å pynte det, og la treet vere med å lyse opp juledagane mine. «… og høyt i toppen den blanke stjerne …» Nei, i år har me spir.

Medan eg skreiv dette, kom eg på at me må hugse å finne ut kvar juletreet skal stå i den nye heimen vår. Plassering av stikkontaktar står på hugselista vår, og juletrepunkt må markerast, – både ute og inne.

Ei lita kjensle

Eg trur på å dele kjensler og tankar, – også dei som handlar om slikt me ikkje snakkar om så ofte. 

Ikkje i dag
Ein morgon skal
eg ikkje
tasse barbeint over det kalde golvet,
ikkje kaste vatn i fjeset,
ikkje kle på meg og pusse tennene,
ikkje gå ned for å lage kaffi og dekke bordet,
ikkje ta fram ost og brød,
ikkje sjå på gradestokken

Ein morgon,
som ikkje er i dag

Eg ynskjer meg ti tusen slike morgonar, og eg skal prøve å aldri slutte å glede meg over kvar einaste ein av dei.

… og ti tusen slike kveldar …
Dette er tatt ein vakker kveld i Holmestrand, men no er det svært lenge sidan me såg noko anna enn tåke her.

***


Me har snudd nasane våre heimover til Holmestrand att. Her skal me lage i stand til den fyrste julegjesten vår, som kjem om ikkje så lenge, og for tolvte gong pynte til jul i huset her.  I tankane svirrar bilete frå triveleg førjulstimar på Ål. 

Ål sett frå den førjulspynta heimen til gode vener.

På torget står julegrana der ho alltid har stått, – i alle fall så lenge eg kan hugse.

Eg håpar me alle får ein strålande laurdag.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: