SITRONHJARTE OG Å GLEDE SEG TIL JUL

Kjære folk!

Det er Luciadagen i dag. For meg er det dagen då det tjuknar i halsen og augo blir blanke. Det er vel ikkje mykje som er vakrare enn ungar, som med stort alvor og ljos i hendene, går rundt og syng med den stemma dei har. Dritkoronaen gjer vel at det blir umogeleg å oppleve dette på nært hald i år. Me får håpe at dei har eit opptak på lager på ein av dei mange TV-kanalane.

«Bo blir Lucia» – fin bok for små ungar. Er det berre jenter som kan vere Lucia?

Eit sitat eg vil dele
Då mannen min kom heim frå vitjing hos veslesyster si i Tyskland, hadde han med seg små gåver til ho som hadde valt å vere heime. Ei av gåvene trur eg var meir til han sjølv enn til meg. Det var eit vakkert, glansa hefte, Advents Zauber, fullt av tyske julebakstoppskrifter. Eg er gift med ein skikkeleg kakemons, og sjølvsagt gjer eg av og til ein liten kake-innsats. Det skal faktisk ikkje meir til for å halde gubben min i godt humør lenge.

Sitatet er i dag rett og slett ei kakeoppskrift omsett frå tysk. Sitronhjarta vart nemleg kjempegode.


Deig:
3 eggegular
100g sukker
10g vaniljesukker
Rive skal av ½ sitron
225 g malne mandlar

Glasur:
5 ss melis
1 – 2 ss sitronsaft

Visp eggegulane med sukker og vaniljesukker.
Rør inn rivne sitronskal og mandlar.
Kjevl ut deigen til den er 0,5 cm tjukk.

Steik hjarta 8 – 10 min midt i omnen på 175 grader.

Pensle på glasuren når kakene er kalde.


Det er ikkje berre på kakefronten at jula her i huset er litt tyskinspirert. Det skjer litt av kvart med juletradisjonane når ein vel å gifte seg med ein innvandrar. Då me pynta til advent, sa eg at «no er det nok tysk julepynt i heimen vår». Til og med dotter hans viste forståing for det.

Dette har eg tenkt på denne veka
Jula kan av mange grunnar vere ei veldig vanskeleg tid. 
I år kjennes alt anna enn dette eine uviktig, og ingenting må vere perfekt denne jula berre me får vere saman. I år har me kanskje eit ekstra sterkt behov for jul, sidan mange av dei gledene me vanlegvis har gjennom året, har blitt avlyst. Men jula er ikkje avlyst. Ho blir berre annleis.

Det har vore vondt for mange at det ikkje vart noko av det sosiale livet i det året me er i ferd med å leggje bak oss. Det har vore vondt for mange at einsemda har kjentes endå sterkare og livet endå trongare enn åra før. 

Eg er så heldig at eg er ein av dei som får feire jul saman med familien min. Me er alle friske, ingenting står i vegen for at me kan gjere dagane ljose for kvarandre og halde alt det som kan vere vanskeleg unna oss for ei stund. Eg er svært takksam for dette.

Eg høyrer med til dei som ynskjer å gå inn i jula med rimeleg godt samvit, og i år tenkjer eg spesielt på dei som ikkje har ein familie å vere hos dei komande høgtidsdagane. 

Heldigvis er det mange organisasjonar som gjev hjelp til folk som er i ein sårbar situasjon, og hjelpeorganisasjonane er bekymra for at mange blir ekstra einsame i år. 
I Noreg har heldigvis dei fleste av oss det slik at gleda ved å gje aukar i jula. 


Ingen kan hjelpe alle, men me kan alle gjere litt for å glede ein av dei som gruar seg til jul. Dersom me for eksempel kjøper pakkelappar til julegåvene hos kirkensbymisjon.no, kan me gje julemiddag til nokre av dei som ikkje har så mykje å vise juleglede for. Det er også mogeleg å putte pengar i Frelsesarméen si julegryte. På grunn av smittefaren, kan me i år vippse pengane ned i gryta. Det nasjonale nummeret er 2309.


Givarglede kan vere overskrifta på ei glad jul. Det er forska på slikt. Folk blir lukkelege av å gje. Det gamle ordtaket «den største gleda ein kan ha det er å gjere andre glad» har fått medhald hos forskarane. 

***

I dag er det tredje sundag i advent. 
Ein av dei vakraste adventsongane er for meg Eivind Skeie sin.

Her er det tredje verset:
«Tenn lys, tre lys skal flamme
for alle som må slåss
for rettferd og for frihet,
de trenger hjelp fra oss.
Må ingen miste motet
før alle folk er ett.
Tenn lys, for dem som kjemper
for frihet og for rett


Eg ynskjer alle ein fin adventssundag og ei god førjulsveke.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: