SNØFNUGG, GÅVER OG SOM FROSTROSENE

Kjære folk!

Det hadde vore fint å kunne teikne kjenslene sine. Er det for eksempel mogeleg å teikne det å glede seg? Kan eit maleri få fram håpet? Kva slags farge har melankolien? Eg veit ikkje. Eg er ingen kunstnar, men eg kjenner att gleda, håpet og melankolien når ein av dei kjem på vitjing. Av og til, når eg ser noko fint, er det ofte noko som vekkjer gode kjensler i meg. Denne vesle tassen fotograferte eg på Ål stasjon i september fjor. Kan han vere eit bilete på ei kjensle? 

For meg kan den vesle stemorsblomen vere lengten, – lengten etter vår og sumar.  Adventstida er tid for lengt, og det kjennes i alle fall godt å lengte etter noko som er fint og som er like rundt hjørnet. Snart er det jul.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg hadde håpa at overskrifta mi på dette avsnittet kunne ha vore «Endeleg kom snøen!», men det passar betre med «Eg ventar framleis på snø» og  «I´m
dreaming of a white Christmas». 

2020 ligg an til å bli det varmaste året me nokon gong har hatt. Dermed er mogelegheitene for kvit jul blitt mindre og mindre. Spesielt langs kysten har sjansen for julesnø minka.

I førjulstida er det enkelt å finne seg ein  amerikansk julefilm. Både norske tv-kanalar og  straumetenestene er fulle av dei. I dei fleste av desse filmane er det anten brøytekantar langs vegar og gater eller snøfnugg som dalar ned over det nyforelska paret medan dei kysser kvarandre for fyrste gong. Snø er altså så viktig for julestemningen at filmskaparar betalar dyrt for å la det drysse kvite plastbitar ned over hovudpersonane.

Eg likar snø i desember, og eg likar å tenkje på snøfnugg, på at ingen snøfnugg er like. Ja, for eg har høyrt at ikkje eitt einaste ser ut akkurat slik som eit av dei andre. Men sjølvsagt liknar dei på kvarandre. Vassmolekylar vil nemleg alltid samle seg i ein spesiell, sekskanta krystallstruktur når dei frys til is. Likevel er dei litt ulike. Så rart og så fint. 

Snø blir til når vassdamp frys til is under svært låge temperaturar. Iskrystallar klumpar seg saman til dei vert så tunge at dei dett ned. Eit einskild snøfnugg kan innehalde opp til hundre krystallar. Slikt likar eg å tenkje på. Alle desse små og heilt unike.

Noko anna eg likar, er å lese om og finne ut meir om ting. Altså har eg lese om snøfnugg, og då fann eg ut at amerikanske meteorologar har funne to heilt identiske snøfnugg. Då er det altså berre ei myte at det ikkje finnes to heilt like. Men pytt! Dei er utruleg vakre og dei finnes i uendeleg mange variasjonar.

Eg håpar at eg snart ein dag kan gå ut og sjå om eg finn to like. Det klarar eg nok ikkje, men å observere snøkrystallar er ikkje  vanskeleg. Eg har gjort det før, – samla snøfnugg på eit kaldt tøystykke og sett på dei med lupe. Det er i alle fall fint å vere ute, bli litt kald på nasen og nyte naturen og alle dei ulike formene som blir danna der. Kanskje det blir eit høve i jula ein gong?

Eg seier det slik Arnulf Øverland avslutta det diktet han kalla «Jul»:
«Så kommer natten, mørk og mild,
og engler flyver fra og til
på bleke melkeveier.
Og Herregud, din vilje skje;
men la det helst bli meget sne,
ja all den sne du eier.
»


Eit ord å snu og vende på
Ordet mitt i dag er «gåver».
Skikken med å gje kvarandre gåver i den mørkaste tida av året er eldre enn jula. Romarane hadde gjeve kvarandre gåver i fleire hundre år før dei kristne grunngav gåvene med at dei tre vise menn hadde hatt med seg gåver til Jesusbarnet. Seinare vart gåveoverrekkinga tatt over av St. Niclas, som igjen leverte sekken med gåver vidare til nissefar.

Eg elskar å gje gåver, ja eg trur eg kan bruke eit såpass sterkt ord. Eg ynskjer så veldig å kunne gjere gjengen min glad, – spesielt i jula. Å gje bort er kjempegøy, men no når alle har nesten alt, har det blitt ganske vanskeleg innimellom å kunne gje noko som verkeleg er til glede for den som tek imot. Det er ikkje så lenge sidan me alltids kunne kjøpe ei bok eller ein CD til folk me ikkje ante kva me skulle gje i gåve. No abonnerar folk på e-bøker og strøymer den siste musikken, – og det finnes vel eit tak for kor mange boxarar og «happy socks» eit menneske bør få til jul.


Å skrive om gåver, fekk meg til å tenkje på gode minner eg har om det å  gåver.
Mor mi song i Ål blandakor. Kvar fyrste juledag var blandakoret med i høgtidsgudstenesta, og kvar fyrste juledag var eg med mor mi til kyrkja. Slik var det så lenge eg budde heime. Eg hugsar spesielt godt den eine juledagsmorgonen. Det var bitande kaldt. Lufta fraus fast i naseborene, og det knirka stivfrose for kvart steg me tok. Det eg hugsar aller best var gleda eg kjende for dei nye, lilla og litt for store polvottane eg hadde fått til jul. Eg hugsar at dei gjorde at det var litt vanskeleg å halde mor mi i handa, og eg minnes godt at eg hadde dei på fanget gjennom heile preika, såg på dei og var glad.

Eit anna gåveminne eg har, handlar ikkje om jul.
Det fyrste året etter artium, var eg ufaglærd lærar på Blomvågen skule i Øygarden kommune utanfor Bergen. Det var for langt å reise heim for ein dag eller to. Eg trur eg var heime på Ål berre to gonger det skuleåret, men det hendte innimellom at det kom pakke med båten. 
Det er ikkje vanskeleg å lokke fram den kjensla eg hadde då eg bar den brune pakka langs vegen heim. Eg kjende handskrifta og såg kor nøye papiret var bretta og hyssingen knytt. Det var ei heil lita verd som fylgde med inn på hybelen min då eg la pakka frå meg på det vesle bordet. Eg kunne sjå dei to samarbeide om å fylle eska, far min sine sterke hender og mor som held fingeren på knuten slik at han skulle bli stram. Eg kjende kjærleiken alt før eg las brevet som fylgde med. «Me saknar deg og håpar du har det bra.»

Ei lita kjensle

Som frostrosene
Sjølv om det er mykje å glede seg over i førjulstida, er det slett ikkje sikkert at alt kjennest berre godt. Eg trur at den vakraste gleda er den som har molltonen i seg. 

Sjølvsagt er det fint
med desse lysa,
men det er trist óg


Sjølvsagt er me glade
for stjerna og songen
no ei lita stund
medan me ventar
på det me trur skal kome


Om att 
og om att
sit me i tussmørket
og håpar
sjølv om me veit
at som frostrosene
vil alt gå over


Medan du ventar
vert du og
plutseleg vaksen

***

Me får aldri nok av gode minne. Eg vil prøve å skape meg eit nytt eit i dag.

Eg håpar at du som les vil få ein laurdag du vil kunne minnast med glede. 

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

6 kommentarer om “SNØFNUGG, GÅVER OG SOM FROSTROSENE”

  1. Tusen takk for alt du skriver og deler, kjære Karen Margrethe. Leser med glede, gjenkjenning, litt vedmod og ofte ettertanke… Håper julen blir god for deg og dine – om det nå blir i Holmestrand eller på Ål 🎄♥️🎄

    Sendt fra min iPhone

    Liker

  2. Kjære K M!! 💜💜💜
    Så kjekt å lesa bloggen din !
    Så kjekt du skriv om Blomvågen og Blomvåg skule!
    🎄 God jul til deg og dine!
    Klem frå Linne 🌷🌷🌷🌷🌷

    Likt av 1 person

      1. Kjære K M! 😘
        Så kjekt så kjekt m nokre ord frå deg!
        Må opplysa om at i desse dagar er det snakk om å leggja ned Blomvåg skule! ( etter kommunesamanslåing) Veit ikkje om det er bestemt!!
        Og når du har flytta til Ål ! Kan eg komma på besøk????
        🎄 Klem og god jul til deg og dine!

        Likt av 1 person

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: