Kjære folk!
Eg har fortalt om det før. Då eg var lita, sa bestemor mi til meg: «Du må ta vare på fyrstegongsopplevingane, vetlo mi, for det blir færre og færre av dei etter som tida går.» Eg forstod nok ikkje heilt meininga med det då, men eg har tenkt mykje på det sidan. Eg har samla på fyrstegongsopplevingar og funne ut at dei er ganske mange, dersom eg tek meg tid og er merksam når dei kjem. No er eg for eksempel eigar av ein bekk. Det har eg aldri vore før. Den gleda skal eg kjenne skikkeleg på når våren kjem.

Då eg gjekk for meg sjølv og tenkte på alt dette, smått og stort, som me opplever gjennom livet, lurte eg på om ikkje sistegongsopplevingane også var viktige å samle på. No i år er det siste gongen eg skal pynte til jul i heimen vår her i Holmestrand. Eg skal gjere det med flid og glede meg over alle dei gode julestundene me har hatt her i huset.

Eit sitat eg vil dele
Solidaritet har for meg vore eit ord som særleg har vore brukt i samband med fagleg og politisk kamp blant arbeidarar og politiske organisasjonar på venstresida.

Men 22. desember i 2005 vedtok FN sitt sikkerheitsråd ein resolusjon der solidaritet vart identifisert som ein fundamental, universell verdi. Samstundes vart det bestemt at 20. desember, altså i dag, skulle vere den internasjonale solidaritetsdagen.
Er ikkje dette verdt ei ørlita feiring midt oppi julestyr og -ståk?
I ei verd med stadig aukande ulikskap, er det viktig at solidariteten står sterkt blant oss.
I mars fekk solidaritet ei litt ny meining då helseminister Bent Høie oppfordra oss til dugnad og solidaritet med sårbare grupper. Framleis er me bekymra for virusspreiing, og det er rekna for å vere solidarisk å verne om seg sjølv, å halde avstand og å respektere dei reglane og råda me får frå myndigheitene.
Sitatet eg vil dele i dag, har eg henta frå Per Fugelli:
«Solidaritet er ikke et grunnstoff som finnes i naturen. Det rettferdige samfunn må vi ville og velge.»
Eg håpar på ei solidarisk jul.

Dette har eg tenkt på denne veka
Denne siste veka har eg tenkt på kvifor eg er så glad i julekrybba.
Det er det mange grunnar til, har eg funne ut. Kvar elles står det eit lite born i sentrum for ei slik stor feiring? Når elles får ein nyfødt unge alt ljoset retta mot seg? Eg likar at det finns ei høgtid der dette fattige barnet er viktigare enn alle dei leiarane, kjendisane og rikingane me vanlegvis finn på framsidene, øvst på prioriteringslistene og midt i sceneljoset.

Rundt julekrybba er det plass til allslags folk. Fattige gjetarar kjem springande barbeinte medan kongar kjem ridande med flotte kapper flagrande rundt seg. Ingen vert avvist. Alle får like god plass til å sjå. Og midt i ljoset sit ei ugift mor med ungen sin. Eg likar og godt fosterfaren som står ved sida hennar, denne handverkaren som godtok at det var han som skulle ta seg av ei ung mor og ungen hennar. Dei gjorde så godt dei kunne, desse to, med det dei hadde, slik alle foreldre ville ha gjort det i ein slik situasjon.
Kva er det med julekrybba som det ikkje er verdt å like?
No før jul er det som om hovudet mitt er fullt av minneluker som lett let seg opne. Lukt av granbar opnar luka der far min strevar for å få treet til å stå beint. Han var nøye med slikt. Nokre av juletonane tek meg attende til skulekoret, og eg kjenner sumarfuglane i magen før me skulle opptre. Adventstaken, juleduken og lukta av pinnekjøt opnar alle kvar sine luker, og eg kjenner at dette er den tida då eg lengtar heim sjølv om eg er heime.
Denne tida
er ei gåte
eg kjenner ikkje spørsmålet
kan ikkje svaret
veit berre
at det er jula som kjem
vil berre
at ljoset skal skine over heile verda
ynskjer berre
at freden skal dale
ikkje i skjul
men synleg
for alle.
***
I morgon «snur sola» som me seier, og det går mot ljosare tider. Lat oss håpe at det gjeld på alle måtar.
Neste gong det kjem blogginnlegg frå meg, har me tatt vegen inn i eit nytt år, – eller sagt på ein annan måte; då har me lagt dette helvetesåret 2020 bak oss.
Eg sluttar av i dag med eit bilete av den kvite julerosa. Ho blømer og lyser opp no når verda vår her nord er på det aller mørkaste.

Eg ynskjer ei god og glad jul for oss alle.
Helsing frå Karen-Margrethe