Kjære folk!
No har me ynskt det nye året hjarteleg velkomen. Eg reknar med at det ikkje berre er eg som synes at det kjennes godt å kunne gå vidare inn i eit nytt år med håp om ljosare tider. Kjære 2021, me har lengta etter deg.

Likevel gjekk me inn i det nye året med ein klump i magen. Folk i Gjerdrum har vore gjennom eit mareritt og medkjensla med dei som er ramma er stor.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Til no har eg vore ganske gnien med å vise fram bilete av innsida av heimen min. Det har ikkje berre kjentes personleg, for personleg er jo greitt, men det har vore for privat for meg å invitere folk inn dit eg har levd saman med mine næraste. Heimen min har romma 11 år med vitjing av barnebarn, nære og kjære som har kome og gått saman med gleder, sorger, latter og irritasjon. Det er her me har hatt våre vanar og uvanar, og det er i desse romma me har kunna vore heilt oss sjølve.
Men no skal me selje, og annonsen vart lagt ut på finn.no 28. desember. Alle som vil kan sjå. Det er jo heile meininga med ein annonse.
Eg lova å seie ifrå. Det gjer eg no, annonsen er ute, og her er nokre bilete. Dei som vil sjå resten, klarar nok å leite seg fram på finn.no sjølv. (FINN-kode: 202641357)



Det har vore gode år her i Snøklokkeveien 4, men tida har kome for eit nytt prosjekt, eit nytt kapittel i livet, byrjinga på det me håpar blir glade og gode år i ein ny heim.
Sjølv om me verkeleg vil dette, kjennest det både uverkeleg og litt sårt å sjå annonsen. Eg forsikrar meg sjølv, gong på gong, om at det eg viser fram er berre veggar og ting. Livet vårt derimot, det tek me med oss vidare. Det er ikkje lagt ut for sal.
Ei lita kjensle
Eg har vore så heldig at eg har feira jul saman med mine aller næraste. Det har vore roleg, godt og fint. Likevel, – det er noko med jula, og eg kjenner at julehelga framleis er nær i meg.
Det var då
etter at me hadde piska egg og sukker kvitt,
fylt kjøleskåpa,
kledd oss i julestasen,
reist oss og sunge
at det lyser i stille grender

Det var då
midt i alt ljoset,
etter at alt det glitrande gåvepapiret
var rydda vekk
og me likevel sat der
med kvar vår lengt

Det var då
me nok ein gong forstod
at alle har så mykje meir å drasse rundt på
enn det me viser fram,
at me aldri må gløyme
å vere gode mot kvarandre
Ei ynskjeliste
Eg skulle ynskje at me kunne ha slutta å bekymre oss for koronaen no når me går inn i det nye året. Eg prøver, men det er ikkje så lett når sjølvaste Folkehelseinstituttet er bekymra.
Me kjenner ikkje rekkevidda av den krisa me er inne i, og me veit at sårbare grupper har vore isolerte i nærare eit år no, og at mange ikke anar om dei har ein arbeidsplass å vende attende til. No er vaksinen på veg for store grupper gamle, eldre og folk med underliggande sjukdomar, men det utelét ikkje at me har nye både spørsmål og dilemma i vente når me skal finne ut av livet etter pandemien.
Eg vel å tru og å håpe, og avsluttar med ei ynskjeliste for 2021:
1. Tryggleik for at me kan vere saman utan redsle for å spreie alvorleg sjukdom
2. Klemmar, – mange, harde og langvarige
3. Eit levande og blomstrande kulturliv utan ansiktsmasker og metermål
4. Og når alt blir meir normalt att, at me ikkje gløymer
– at Noreg er eit vakkert ferieland
– at me må setje pris på demokratiet vårt
– at me må vere solidariske og hjelpe kvarandre
– at me ikkje må ta alt det fine i livet vårt for gitt

Med ynskje om eit godt nytt år til dykk alle!
Helsing frå Karen-Margrethe