Kjære folk!
Nokre dagar kjem
alle ideane
samstundes
utan å stelle seg i kø
utan nummerlapp
kranglande om
kven som skal få
bli
til noko meir
Andre dagar
sit eg der
berre ventar
med luka vidopen
vaken og klar
men ingen som har
noko å kome med
vil inn
Skriv!, høyrer eg,
så då gjer eg det.

Eit sitat eg vil dele
Har det ikkje vore veldig lite syting og klaging det siste året? Trass i all skiten, synes eg stort sett at dei aller fleste av oss har vore positive. Er det kanskje slik at når noko verkeleg er vanskeleg, så blir småtinga så uvesentlege at dei ikkje eingong er verdt litt småklaging? Når eg no skriv om klaging og syting gjeld det ikkje dei store, vonde tinga i liva våre. I dag handler det om småtteria, – som for eksempel at brøytebilen kjem ein time for seint ein dag eller at innleveringsfristen var i kortaste laget.
Eg er ikkje veldig begeistra for å måtte høyre på folk som klagar og syt for slikt som for meg kan høyrast ut som bagatellar, – i alle fall ikkje dersom det er den same leksa om att og om att. Det er dessverre slik at eg ikkje alltid er ein tålmodig lyttar då. Samstundes har eg jo høyrt at det er bra for folk å få det ut. Dette ville eg vite meir om.
Fyrst kom eg over ein artikkel i veientilhelse.no som starta slik:
«Du bør huske på at å klage hindrer deg i å avansere og nå dine mål. Det tynger deg og får deg til å ikke gå videre.»
Det neste var frå KK der Nina Carsall starta slik:
«Er du en sånn som stadig klager og bærer deg? Fortsett med det.»
Steinar Ervik hadde fylgjande ingress i Vårt Land:
«Å klage er bra, å syte er dumt. Lytt til de som klager, ikke til de som syter.»
Og her er eit sitat med ukjend opphav:

Her var det litt av kvart for kvar og ein. I utgangspunktet verka dette svært forvirrande, så eg måtte prøve å finne ut kva slags forhold eg har til klaging og syting:
Det er ikkje mogeleg for nokon av oss å kunne fikse på alt. Ein del ting må me klare å leggje bak oss, gå ifrå det «ufiksa» og kome oss vidare. Eg er heilt sikker på at det me fokuserer på, det veks. Jo meir merksame me er på det som er negativt, dess meir negativt kjennes det.
Eg trur heller ikkje at eg er den einaste som ikkje likar å høyre på konstant klaging. Eg meiner at den som vel å stønne og syte, sløsar med energi, – både sin eigen og energien til dei som må høyre på.
Men la det vere heilt klart, at dersom eg spør korleis det er med deg, då ynskjer eg eit skikkeleg svar. Då vil eg høyre. Det er ikkje syting å fortelje korleis det eigentleg står til. Alle treng nokon å snakke med om det som er vanskeleg, men det er ikkje slikt det dreier seg om i det eg skriv om her og no.

Det er nemleg stor forskjell på å klage på konkrete ting og å halde på med konstant klaging fordi det alltid er noko som ikkje er bra nok. Eg har lurt på om det finnes dei som er lukkelegast når dei har noko å klage på. Det kan nesten verke slik.
Alle har makt til å påverke andre både på jobben og i privatlivet. Dersom me ser at det er noko ved «tingenes tilstand» som bør endrast, då er det lurt å klage eller seie ifrå. På det viset kan me få støtte frå andre, skape positiv endring og kanskje få til eit betre fellesskap.
Men på ein arbeidsplass er det viktig å nytte seg av riktige kanalar. Det er stor forskjell på å vende seg til den tillitvalde, verneombodet eller til rektor og det å prøve å starte eit sytekor rundt lunsjbordet eller på nettmøtet om morgonen.
Eg likar denne bøna. Den set på plass det meste for meg, og handlar i høgste grad om klaging og syting: «Gje meg sinnsro til å akseptere det eg ikkje kan forandre, mot til å forandre det eg kan, og forstand til å sjå forskjellen.» Det blir altså ikkje mindre tåke over fjorden av at eg, kvar einaste morgon, klagar over manglande utsikt.
Dette har eg tenkt på denne veka
No ved nyttårsskifte kan det for oss alle vere både godt og vondt dersom me tek oss tid til å tenkje litt etter, – og me bør vel gjere det av og til. Etter som eg blir eldre, tek eg meg oftare og oftare i å dvele ved tida som har gått. Eg sender tankar til dei som var her før meg og lurar på om nokon tek imot. Samstundes freistar eg å bygge håp rundt dei som kjem etter og undrast om dei kjem til å merke det.
Eg er slett ikkje lei meg, langt frå utan glede, korkje sorgtung eller ulukkeleg. Det er så mykje å glede seg over. Eg nyt gode januardagar, men eg trur óg på å famne om alvoret. Eg likar å stille store spørsmål sjølv om eg berre har små og fattigslege svar.

Kvifor kom eg
hit
til denne verda?
Var det dette
som var meint
for meg?
Var det her
eg skulle leike
elske
sakne
saman med deg?
Var det slik
eg skulle leva?
Hjelpte du?
Eller var det eg
som valde
slik?
Skal eg takke?
Får eg bli
i denne dalen
ved dette bordet
lenge nok
til å freiste
å gjere alt ferdig?

Var dette det?
Var dette nok?
Eg vil tru på
det nye
året
Det kjem med sjansar
til å gå nye vegar
og finne svar
me ikkje visste
at me leita etter.
Eg gler meg
***

Eg ynskjer for oss alle eit spanande nytt år der me kan vere saman i fred, leik, undring og kjærleik!
Helsing frå Karen-Margrethe