Kjære folk!
Eg lurar på kor mange millimeter det har regna i Holmestrand i det siste. Det er som om det utan opphald har vore klissvått, grått, trist og tåkete dag ut og dag inn. Eg er takksam for at eg ikkje er laga slik at tungsinnet fylgjer lågtrykket. Uansett korleis me har det, gjer det godt å tenne lys både ute og inne.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Dersom me legg godviljen til, er dette kanskje eit slags nyhende, – men det er av det slaget som berre er interessant for meg sjølv. I det siste har det vorte slik at eg stort sett skriv om det eg står midt oppi. Det kjem nok til å bli slik ei stund framover. Eg har ikkje kapasitet til å tenkje djupare enn dette for tida.
Onsdag var dagen då ein profesjonell fotograf skulle kome, og me hadde prøvd å klargjere heimen for at bileta skulle bli så gode som mogeleg:
– Alle overflater var vaska. Ja, i alle fall dei som kom til å vere synlege på bilete.
– Me hadde rydda, rydda og rydda, og bodane var fulle av alt det ingen skulle vite at me vanlegvis hadde ståande framme.
– Terrassen var pynta med lykter, granbar og saueskinn.
Fotografen var ein triveleg kar med god sans for humor, og dei to timane han var hos oss var ikkje kjedelege i det heile tatt. Dessutan fann han seg i at eg lista meg rundt og fotograferte fotografen. Her er boligfotograf Kristian T. Bollæren i aksjon:




Det var ein morosam dag, og me var spente på resultat. No har me fått lov til å sniktitte på bileta, og dommen vår er klar: Dyktig fyr.
Den jobben han har gjort er viktig for oss, sidan bileta skal utgjere fyrsteinntrykket av boligen og forhåpentlegvis freiste potensielle kjøparar til å kome på visning. Det blir ikkje før i januar. Det er altså ein heil månad til eg må gjere heimen vår mest mogeleg upersonleg att.
Eit ord å snu og vende på
I dag har eg valt meg ordet «julenek», – for ja visst er dei vakre desse julekortbileta med dompapar i juleneket. Skikkeleg romantisk! Og i motsetnad til mange av dei andre juletradisjonane frå landsbygda, har julenektradisjonen overlevd fram til i dag. Juleneket er faktisk eldgamalt.
Forskarar meiner forskjellig om opphavet til juleneket:
- Offer til Odin eller til demonar for grøderikdom
- Vern mot vonde makter
- Hjelp for å halde liv i kornåndene
Skikken kan også ha utspring i at både menneske og dyr skal ha litt ekstra til jul.

Jan Kåre Ness er fuglekjennar. Eg las at han har sagt til NRK Rogaland at fuglane slett ikkje et frå juleneket. Neka heng der til inga nytte fordi dei ganske raskt blir både så rotne og næringsfattige at fuglane ikkje vil ha dei.
Eg vil kjøpe meg julenek likevel. For det fyrste støttar eg den foreininga som sel dei, og for det andre pyntar neket fint opp framfor huset. Eg kan jo supplere med meisebollar og solsikkefrø, – for det er jo fint at alle får litt ekstra til jul.
Noko heilt anna; kvifor heiter det «dum som eit nek»? Kvifor var det akkurat neket som vart det vanlegaste biletet på det aller dummaste? Det har eg ikkje klart å finne ut. Det hadde vore morosamt dersom nokon kunne hjelpe meg.
Ei lita kjensle
Dette skriv eg med kviskrestemme:
Av og til når
eg er aleine, held eg plutseleg pusten for
å høyre etter
om det er nokon der.

Men så let eg som om eg er den aller modigaste, men ikkje tru på meg når eg skriv vidare med tøffestemma mi:
Redd for mørkret sa du?
Langt ifrå.
Det der ute er
berre einkvan
som tuslar
på sokkelesten
i det visne og våte lauvet.
For ein tulling!
Eg trur
eg set døra på gløtt.
Det kan jo hende at han
vil inn.
***
Torsdag fekk eg endeleg høve til å gjere heimen vår adventspynta. Det gjorde meg glad.

Eg ynskjer dykk alle ein glad laurdag.
Helsing frå Karen-Margrethe