DANSE, RYDDE, KASTE OG STYLE

Kjære folk!

God morgon!
Det seiest at det er tre ting som kan gjere det umogeleg å få sove; å ha dårleg samvit, å måtte tisse og å vere kald på føtene. Det var ikkje noko av dette som plaga meg i natt, men eg sov ikkje mykje likevel. No veit eg at det også kan vere vanskeleg å sove når ein har veldig mykje fint å tenkje på. 

Denne vakre nøkkelen høyrer til i eit av uthusa i det som skal bli den nye heimen vår.

Eit sitat eg vil dele
Å kaste seg ut på dansegolvet aleine, inneber heilt klart ein risiko. Solodansing medfører stor fare for å bli sett, å sjå dum ut og å bli ledd av. Då eg var ung, var eg godvenn med kroppen min, eg slappa av og tenkte vel ikkje så mykje på at eg kunne sjå latterleg ut når eg dansa. Eg naut musikken som fylte rommet, kjende at kroppen ynskte å bevege på seg og visste at bein, armar og resten av meg klarte så nokolunde å fylgje rytmen.

Framleis elskar eg å danse, – også aleine. Det er befriande å la musikken bestemme over rørslene, og det kjennes godt å la seg rive med. Men litt gamle damer driv vel ikkje med slikt, eller? Eg lurar på om det er dei som synes at det nesten er litt fråstøytande når eldre menneske blir så mykje kropp. Er det slik at det ikkje passar seg med fridans når me har passert 50? 60? 70? Dei som rynkar på nasen får i så fall snu seg vekk. 


Sitatet i dag er sjølvsagt Odd Nordstoga sine ord. Det er synd at eg ikkje får lagt ved musikken.  

«(…)
1, 2, 3 dette er ein sjans for deg som ikkje har sjanse
til å la føtene danse
att og fram
utan skam,
som ikkje let hendene peke
til vanleg, utan noko å peike på.
Her er din sjanse!

Så dans, dans, dans!
Gje deg over,
Dans, dans, dans!
Kom deg over og
dans, dans, dans!
Livet er ei gåte
og dansen din er gåtefull,
så gåteful,
så kom!l
(…)»

Dersom du ser på folk som dansar, så har dei fleste eit smil om munnen. Det er heilt normalt å smile og le medan ein dansar.
Eg har lese at ein amerikansk studie viste at terapi med dans ikkje berre verka førebyggjande mot depresjon, men at dansen også hjelpte til med å redusere stress. Og dette kjem i tillegg til alle dei andre helsebringane tinga som er så sjølvsagte. Dans kan gjere oss i betre form, gje oss auka fleksibilitet og betre balanse. 

Det er altså berre å danse alt det me orkar og dra nytte av alle dei positive effektane. 

Så dans, dans, dans!

Dette har eg tenkt på denne veka
Du all verda så mykje greier og så mange ting me har samla og spara på dei 11 åra me har budd i huset vårt i Holmestrand. No når me måtte rydde, var me mentalt budde på prosessen, og det har vore lettare enn det me trudde det skulle vere å kvitte seg med ting. 

Noko er rett og slett søppel. Det einaste me då må tenkje på er å sortere og resirkulere. Holmestrand har gode ordningar for slikt, og det er trivelege folk som arbeider på avfallsorteringa. 

Sidan me no skal handtere alt me eig, har me funne ein del spørsmål som det er lurt å stille seg i prosessen:

  • Kjem eg til å angre dersom eg kvittar meg med dette?
  • Kan det vere andre som ynskjer å bruke det?

For meg handlar det om kjensler. Eg kvittar meg ikkje med slikt som eg verkeleg kjenner at er viktig å behalde. Det som eg derimot heilt har gløymt at eg eig, det ser eg ingen grunn til at eg skal pakke fint ned for så å pakke det opp att når eg flyttar inn i ein ny heim. Eg har heller ikkje tenkt å flytte med meg slikt som, dersom det skulle brenne, eg ikkje eingong ville kome til å hugse at eg hadde. Det er jo ingen vits i å ta ting ut av ein bod, berre for å putte det innerst inn i ein bod ein annan stad.

Den fyrste konklusjonen min er altså at det ikkje gjer så vondt å rydde skikkeleg opp i ting og tang.

I dette huset foregår det rydding, kasting og styling.


Så var det steg to som heiter styling.
For 10 – 15 år sidan var det ikkje så vanleg å bli råda til å style bustaden sin før den skulle seljast. Sjølvsagt vart huset rydda og vaska tidlegare og, men det vart stort sett med det. No blir det forventa at det kjem inn ein profesjonell stylist som går gjennom salgsobjektet og fortel korleis det bør sjå ut der. Det seiest at styling sel. Dei som skal kjøpe seg ein stad å bu ynskjer å sjå eit «blankt lerret». Dei ynskjer ikkje å tråkke inn i ein heim med personlege ting og litt for mange møblar. Folk vil kjøpe ein bustad som ser ut som den heimen dei sjølv drøymer om å skape seg, seiest det, og dersom det er sant at folk scrollar vekk overfylte rom og personleg smak allereie på Finn, då er det vel berre å setje i gang, tenkte eg.

I byrjinga av veka som gjekk, fjerna eg alle fargar som ikkje passa saman, tok vekk alle personlege spor etter oss som bur her og pakka ned og bar alle unødvendig smågreier ut i garasjen. Skikkeleg stussleg vart det. Barnebarnet mitt sat ved kjøkkenbordet og såg seg rundt etter at eg hadde rydda bort dei fleste fargeklattane. Kommentaren hennar var slik: «Det er ganske fint her no, farmor, men koseleg er det ikkje.» 

Eg var spent på om stylisten ville synes at det var ukoseleg nok, då han/ho kom for å gje råd.  

Onsdag kom det to triveleg damer. Dei gjekk gjennom rom for rom og kommenterte medan eg gjekk etter og noterte. Sjølv om eg følte at eg hadde reinska huset for alt som kunne kome i vegen for å vise fram eit hus, vart lista ganske lang. 

Hovudutfordringane var fargane:
«Har du lyse, einsfarga puter?» Det hadde eg ikkje, så me snudde dei eg hadde, slik at baksida kom fram.
«Kanskje du kan rydde litt i bokhylla?» Eg fortalde at bøkene stod alfabetisert etter forfattar, så det kunne eg ikkje.
«De har mykje på veggane.» Eg svarte bekreftande på det.
«Alt det raude og mykje av det turkise må bort. Det stikk seg for mykje fram på fotografia.» Eg tenkte at det er godt at dei ikkje skal fotografere inne i boden, for der kom det til å bli fullt.

Eg var spent då dei gjekk inn på kontoret til mannen min. Stylistar er nemleg ikkje det nyttigaste han veit om, men han hadde vore så flink til å rydde at han kunne slappe av utan ein einaste kommentar. 

Her er lista eg noterte medan eg fylgde etter stylistane rundt om i heimen vår.


Konklusjon nummer to: Sjølv om både innsatsen før og arbeidet etter vitjing av ein stylist er litt strevsamt, var det interessant å høyre kva som må til for å få gode bilete. (Men heilt lydig er eg ikkje. Eg gjer ikkje heilt som stylistane vil.) Det blir spanande når fotografen kjem på onsdag. 

Men mest av alt; eg gler meg til torsdag. Då skal eg endeleg få lov til å pynte til advent.

***

Her er fjorårets adventsljos.

«Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede.
Det står og skinner for seg selv og oss som er til stede.
Så tenner vi et lys i kveld, vi tenner det for glede

Inger Hagerup

Eg ynskjer alle som les ein god fyrste sundag i advent.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: