Kjære folk!
Dette har verkeleg vore ei innhaldsrik veke. Tysdag kom takstmannen, som heldigvis ikkje fann noko gale ved den noverande heimen vår, onsdag var det stylisten sin tur, torsdag vart det gjort ei mislykka forsøk på å leggje inn fibernett i Holmestrand-heimen før me sette oss i bilen og drog til Ål der me hadde møte med ein entreprenør i Ål-huset fredagsmorgonen. Eg skal fortelje meir om noko av dette utover i helga. Ein ting er sikkert; me har det ganske interessant for tida.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Sist laurdag var nyhendet på bloggen min at me har kjøpt oss eit 111 år gammalt hus. Eg har fått så mange spørsmål om huset og om kva me skal gjere med det, at eg tenkte at det var lurt å fortelje litt meir.
Me har ikkje tenkt å gje huset vårt ein «extreme makeover». Huset har sjel, og eg trur det vil miste sjela si dersom me ikkje er varsame. Dei som har budd der har sett spor etter seg. Det same har vér og vind. Huset skal få stå der og fortelje den gamle historia si, – i alle fall så lenge me har råderett over det. Det gamle huset vårt skal få lov til å vere gammalt.

For oss betyr dette at golvet ikkje må vere heilt rett. Me har godt av å sjå og kjenne spor etter alle som har gått ut og inn der opp gjennom åra. Eg kunne heller ikkje drøyme om å skifte ut dei vakre dørene inne i huset. Dei skal få godt stell og nye fargar.
Men det må vere lov til både å ta i bruk ny teknologi og å setje krav til komfort. Eg vil ikkje fryse på beina og eg vil ikkje kjenne trekken i nakken om kvelden når eg har sett meg ned for å kose meg.
Pensjonatet, der me har hatt og framleis har hytta vår, stod ferdig i 1897. Då flytta Aal Sparebank inn i det store tømmerhuset, bygd i sveitserstil. Omkring 1910 – 1930 vart Gamlebanken kledd med panel og måla. Huset var gjennom ein omfattande restaurering før Aal Pensjonat opna dørene i 2011.

Det seier seg sjølv at tida vår som gjester på pensjonatet, har inspirert oss til å ynskje oss eit gammalt hus på Ål. Det har me no fått. Me har også vore så heldige at me har gjort avtale med ein av dei ålingane som verkeleg kan gamle hus.

No vert det spanande kor lenge me skal fortsetje som gjester på pensjonatet før me kan flytte inn i vår eigen, kvitmåla bolig. Det kjennest godt å vere eigarar av eit hus med sjel.
Eit ord å snu og vende på
Kva var det mest brukte ordet i 2020? Eg trur «smitte» kjem høgt opp på lista dersom me hadde tatt ei oppteljing i aviser og andre media – smittesporing, smittespreiing, smittekjelde, smittevern … Dette skal eg ikkje skrive om i dag.
Eg er på stadig leiting etter ord. Eg leitar etter ord eg kan leike med, ord å gruble på og ord som tek meg langt av stad og deretter heim att. Noko av det eg finn, skriv eg ned. Noko vil eg gjerne dele med dei næraste og snakke lenge om. Resten gløymer eg eller gøymer på ein hemmelege stad inne i hovudet.
Av og til finn eg ord eg må finne meininga med og lære meg meir om for å forstå den debatten som går føre seg i samfunnet. Eg likar meg svært dårleg når eg kjem i ein situasjon der det blir nytta ord eg ikkje kjenner til.
På Leonardo Da Vinci-utstillinga på Hadeland Glassverk i sumar, fann eg dette sitatet:

I det norske språket finnes det tallause mogelegheiter til å skape nye ordkonstruksjonar. Her er eit eksempel eg har måtta finne ut meir om for å forstå: Sirkulærøkonomi eller kretsløpøkonomi
I desse orda ligg det at naturressursane skal bli utnytta så effektivt og så lenge som mogeleg og på ein slik måte at minst mogeleg av ressursane går tapt.
Ved å redusere bruken av råvarer og redusere avfall og energibruk til eit minimum, kan målet om at ressursane skal bli i økonomien så lenge som mogeleg, bli nådd. Dette inneber at det blir satsa på å reparere og bruke om att og at når eit produkt ikkje kan nyttast i si opprinnelege form, må avfallet så langt råd er bli materialattvunne og bli utnytta som råvarer i ein ny produksjon.

Då eg prøvde å lese meg opp på ordet sirkulærøkonomi, fann eg fleire ord om det same.
Upcycling eller oppsirkulering som handlar om å nytte ein gjenstand på nytt, men til eit anna føremål eller på ein annan måte enn det opprinnelege.
Urban mining eller urban gruvedrift. Dette er når materialet frå eit produkt som er kassert, ein bygning eller avfall, blir gjort om til råmateriale som kan nyttast til eit nytt produkt.
Me må lære oss kva desse orda betyr. Dei er viktige, og dei vil vere med på å prege dei vala me skal gjere i framtida. Me må rett og slett syrgje for at ting, materiale og bygg får eit langt liv før det må bli søppel.
Eg driv altså framleis på og lærer meg å lese. Ord er jo berre livlause, grafiske krusedullar heilt til eg klarar å omsetje bokstavane til meining. Dei orda eg ikkje forstår, blir berre ståande der som snublesteinar som hindrar meg i å forstå den teksten eg les. «Sirkulærøkonomi» er eit av dei orda eg vil ta med meg vidare og hugse spesielt godt på når eg no skal vere med å bevare eit gammal hus.
Ei lita kjensle
Det er ofte godt å gå hit på ei lita vitjing for å klarne tankane.

Eg står her
med ynskje om tusen svar.
Aleine,
men likevel ikkje.
Steinen her
ved føtene mine
kviskrar ord
som hjartet mitt kviskrar attende.
***
I dag skal eg ta meg ein tusletur for å sjå på vinterljoset som er tent i hagane og adventsljoset i vindauga rundt i bygda her.

Adventstida er ei fin tid, men det kan vere sårt å sjå all gleda dersom ein sjølv ikkje er glad. Me må hugse å ta vare på kvarandre.
Helsing frå Karen-Margrethe