KJEMPESTORE ANTENNER OG PIFFEN OG FUTTEN

Kjære folk!

No for tida vaknar eg om morgonen med hovudet fullt av to hus, – eit i Holmestrand som skal seljast og eit på Ål som skal renoverast. Eg opplever det som vanskelegare enn elles å få til å konsentrere meg om bloggen min. Det gjeld å finne tema som er morosame nok å skrive om. I dag gjekk det greitt, – så får me sjå korleis det går framover. 

Det kjem ofte trillande mange tankar når eg er ute og går. Her kjem eg gåande opp mot huset vårt på Ål.

Eit sitat eg vil dele
I «Magasinet» til Dagbladet vart Anne Marit Jacobsen portrettert laurdag 7. november. Der kunne eg lese dette:
«- Jeg er så utrolig lettantennelig!
– Du blir fort sinna, mener du?
– Nei! Jeg mener at jeg tar inn alt, hele tida, jeg har sånne kjempestore antenner!
Anne Marit Jacobsen tar seg til hodet og tegner store følehorn i lufta.
– Det er vel en styrke som skuespiller?
– Ja, men det er også veldig utmattende, jeg skulle gjerne klart å slå dem av og på som det passet meg

Dette fekk meg til å tenkje vidare. Eg kunne kjenne meg att, og eg kjende også på at det var eg ganske glad for. Slik som eg har for vane, måtte eg lese og prøve å finne ut meir, – denne gongen om personar med og utan lange antenner. 
Det fyrste eg fann, var ein definisjon, – og den var slett ikkje uaktuell; antenner er ein elektronisk komponent som er laga for å sende og/eller ta imot signal. 


Vidare kunne eg lese at ekstroverte menneske hentar energien sin frå omverda og har fokus på å sende ut signal. Dei introverte derimot, fokuserer oftast på å ta inn signal frå omverda og tolke dei.

Ein nettstad kalla doktorline, kunne fortelje at dei som er spesielt vare for korleis menneska dei er i kontakt med har det, som fangar opp stemningar og blir slitne når det skjer mykje, kan vere høgsensitive. Dette er visst eit medfødt karaktertrekk hos rundt heile 20 prosent av befolkninga.

Trude Sletteland er dagleg leiar for Impulssenteret og leiar for Senter for høgsensitivitet. Ho forklarar det slik: «Høysensitive personer har et nervesystem som er mer fintfølende og mottakelig for sanseinntrykk, stemninger og stimuli enn andre mennesker. I tillegg bearbeides inntrykkene dypere

Eg fann fleire artiklar om desse kjempestore antennene som plaga Anne Marit Jacobsen, og det mangla heller ikkje på gode råd. Her er nokre av dei: 
Prioriter aleinetid og kvile, legg  til rette og planlegg kvardagen så godt du kan og dropp for mykje stimuli. 

Det var etter å ha lese desse gode råda, at eg vart ganske sikker på at introverte, sensitive folk med lange følehorn har det betre i sosial koronanedstenging enn andre. No tilhøyrer verda dei introverte.

Når det gjeld antenner, må eg legge til at eg har lenge tenkt at me alle har dei, men at dei er av ymse kvalitet. Dei fleste har antenner som peikar utover. Dei kan vere lange eller korte, og mottaksforholda kan vere så ymse, men dei peikar i alle fall ut. Nokre av oss har vore så uheldige at antennene har blitt skada eller kappa av. Det er trist. Desse personane kan me hjelpe. Dessverre har me også dei som har antenner som peikar inn i eige hovud. Slike folk trur eg me skal halde oss unna. 

Dette har eg tenkt på denne veka
Det er viktig å bli godt kjent med kjenslene sine. Dei er jo heilt vesentlege for livskvaliteten vår. Eg reknar meg sjølv som eit rimeleg fornuftig menneske,
men dersom eg berre skulle ha lytta til fornufta, trur eg livet ville ha blitt både keisamt og ganske flatt. Det er vel kjenslene som både gjer at me knyter band til andre menneske, finn ut kva som verkeleg betyr noko i livet og som gjer at me av og til må ta oss ein tur ned i kjellaren.

Desse kjenslene er nokre ulne greier. Dei som les bloggen min ofte, veit at eg likar å setje ord på det meste, men kva er ei kjensle, og korleis kjennes det når me har det slik eller sånn? Eg har høyrt folk snakke om at dei har ei klo i brystet, at det arbeider ein snikkar i magen, at lungene funkar berre øvst i bringa, at blodet brusar, det klør i knea og susar mellom øyrene. Det er vel redsle, sinne, kjærleik, glede og slikt me eigentleg snakkar om. Me har behov for å forklare korleis det kjennes, og me brukar kroppslege reaksjonar som forklaring.

Dersom me blir kjent med våre eigne kjenslereaksjonar, blir det også lettare å forstå korleis andre har det. 

Eg har prøvd å finne ut kor mange forskjellige kjensler me eigentleg har, og eg har funne lange, kronglete lister og kortare, overordna lister over både alle godkjenslene og vrangsidene som brått kan dukke opp eller smyge seg innpå oss. 

Ingen av desse listene inneheld ei slags kjensle som eg innimellom mistar, – dette som blir kalla «futten» eller «piffen». Kva er dette, og kvar blir det av når det forsvinn? Nokre dagar, ja, dei aller fleste dagane faktisk, er eg full av det. Men så …

Eg har spurt Google: «Kvar blir det av piffen?» og fått svar om halvdaude julestjerner, manglande reisning, vulkanar og aksjefond. Dette er altså eit slikt ord som ein må finne ut av utan hjelp frå nettet, og det har eg prøvd å gjere. 
Når futten, piffen, peppen og spruten (kall det kva du vil) blir borte, og kroppen kjennes som ein sekk fullstappa av lunkne poteter, då trur eg at det er andre kjensler som har tatt den plassen som piffen hadde. Eg trur det er kroppen som seier ifrå om at «no er det fullt, piffen må ut». Då er vel medisinen å kjenne etter, setje ord på det og kanskje til og med snakke om det.

Det kan vel også tenkjast at kroppen skrik etter ei anna løysing: «No er det tid for å ta seg ein kvil.»

Eg ser litt sliten ut, ja. Det er ikkje så ofte at eg legg meg slik, men her har eg tatt meg ein kvil på sofaen i «hytta» vår på Ål Pensjonat.

***

Dersom det er ein ting dette året verkeleg har minna meg på, så er det gleda over alt det nære og kjære. Kanskje det er difor eg allereie no har byrja å glede meg til jul. Neste helg er det fyrste sundag i advent. Vanlegvis skulle eg ha pynta huset med krans på døra, juleljos i hagen og adventsljos i stova. I staden skal eg lage i stand til fotografering ute og inne og «barbere» heimen vår for mest mogeleg av det som er personleg. Ein må visst gjere det slik når eit hus skal leggjast ut for sal. Eg trur kanskje at eg må skrive meir om det neste sundag.

Ha ei god før-adventsveke!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: