HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT

Kjære folk!

Det er fint å kunne vakne om morgonen og tru fullt og fast på at denne dagen kjem til å bli god. Alle dagar er ikkje slik, men i dag trur eg på dei små gledene og at summen av dei, er det som er det viktige.

Det var fint måneljos då me køyrde heim fra Ål i går kveld.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Det nyhendet eg skriv om i dag, har det ikkje stått om i avisa, men det kjem nok i Hallingdølen etter kvart under «eigedom». 

I 2018 var det 50 år sidan eg stod konfirmant, som det heiter, i Ål kyrkje. Jubileumskonfirmantane vart bedne til gudsteneste og middag, og i samband med dette, nytta jubilantane høve til å møtast. Mange av dei hadde eg ikkje snakka med på fleire tiår, men det kjendes godt, trygt og morosamt å vere saman med gamle vener.

Då eg kom heim til Holmestrand, hadde eg mykje å fortelje, og det var nok lett å forstå at eg ynskte å kunne opphalde meg i Hallingdal oftare enn tidlegare. Eg var ikkje vanskeleg å få med på laget då eg vart presentert for idéen om å leige ein liten bustad på Ål.

No har me hatt «hytta» vår på Aal Pensjonat i meir enn to år. Finare hytte, og med betre vertskap, er det nok vanskeleg å oppdrive. Me har gått turar rundt i bygda og på fjellet, oppsøkt mange og mangslungne kulturtilbod og opplevd triveleg samvær med vener. Såpass fint har det vore, at me byrja å sjå etter hus. Me hadde fått lyst til å flytte til den langstrakte fjellbygda for godt.

Og slik har det blitt. Me har kjøpt oss ein eigedom på Ål, og no er me fulle av glad forventning over tanken på å bli ålingar.

:-((Her hadde eg tenkt å setje inn eit bilete av huset, men det programmet eg nyttar, fortel meg at det ikkje er mogeleg av «sikkerhetsmessige årsaker». Men på Facebook går det bra, – så dei som ynskjer å sjå, kan gå inn der.)!!!!!

Huset er 111 år gammalt, men står der velstelt og stødig på grunnmuren sin og med ei sjel me gjerne vil ta vare på. Eg trur lesarane mine må vere budde på og finne seg i å innimellom måtte lese om alt frå snikring og fargeval til prosjektfrustrasjon og flyttesjau. Eg håpar og trur at eg har eit morosamt halvår framfor meg.

Eit ord å snu og vende på
Ordet i dag er «musikksmak».
Det seiest at musikksmaken ikkje endrar seg nemneverdig etter at ein fyller 30. Det trur eg på. I ein krok i hjartet mitt er eg framleis ein stad mellom 20 og 30 år. Av og til er eg nyforelska, nettopp fylt 16 og musikksmaken er som den var den gongen. 

Eg innrømmer gjerne at det som treff hjarterota med dei kvassaste pilene, er slikt som liknar på musikken til karar som Don McLean, Cat Stevens, Paul Simon og Niel Diamond.

Her er to andre som spente bogen og trefte meg midt i kjenslesenteret i god tid før eg var 30:

George
For deg kunne eg
både stele
og ljuge.
Eg var seksten
du var tjue


Du spurde og svara
«Will my love grow?
I don´t know
I don`t know»

Art
Eg ville gøyme meg
i ein laurdagsfest,
danse det av meg,
men vart heime
hjå deg
berre fordi du 

lova meg at
«Heaven holds a place
for those who pray
hey, hey, hey»

Det er sjølvsagt også både ny musikk og fleire norske som gjer noko med hjartet mitt: 
Odd Nordstoga treff blink hos bygdejenta i meg, Silje Nergård får meg til å minnes den tida då eg oppdaga kombinasjonen mellom jazz og pop, – og så er det noko med Sondre Lerche. Dessutan har jazzen, folkemusikken og dei klassiske symfoniane alltid lege der som eit bakteppe.

Det er liten tvil om at det er stor forskjell på kva slags musikk folk likar. På forskning.no fann eg eit intervju med hjerneforskar og jazzmusikar Peter Vuust. Han seier at det ser ut til å vere ein viss samanhang mellom personlegdom og musikksmak. Ei undersøking har vist at musikarar som vel å spele rytmisk musikk, er meir spaningssøkande enn klassiske musikarar.

Han meiner og at dei musikalske preferansane våre i høg grad avheng av kva slags musikk me har blitt eksponert for: «Hjernen vår vil gjerne motivere oss til å forutse utviklinger og gjenkjenne mønstre (…) I grove trekk kan man si at jo bedre vi er til å forutse mønstre i musikken, jo mer blir vi belønnet av hjernen vår.»

Det er altså slik at jo meir me høyrer på ein bestemt musikktype, jo meir glede vil den musikken gje oss. Då er det ikkje så rart at musikksmaken vår er prega av både den tida og det miljøet me voks opp i. 

Ei lita kjensle

Eg kan sakne 
tanken på å kunne reise
og gleda det er å kunne glede seg
til strandpromenadar,
sand i sandalane
og varm vind i håret.

Men eg har 
tåka som ligg elvelangs

og gleda det er å kunne glede seg 
til kald og kram knirking under støvlane
og snøfnugg som smeltar på tunga.

***

I dag er det visst den internasjonale fjernsynsdagen. Då er det vel slik at me må feire med nokre timar framfor fjernsynsskjermen. Kva skal du sjå?

Eg trur forresten at her i huset blir det lite TV-titting. Det er nok av anna å ta seg til for tida.

Med ynskje om ein god laurdag.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

2 kommentarer om “HUSKJØP, MUSIKKSMAK OG EIN LITEN LENGT”

  1. Heisann, det derre med primærbolig og sekundærbolig kjente jeg igjen gitt. For 3år siden kjøpte Brit og jeg enn stor og ny leilighet ved innseiling til Tønsberg i nye Færder kommune (Nøtterøy og Tjøme sammenslått) Tanken var å flytta fra Kongsvinger og komme nærmere vår eldste datter som bor på Tjøme. I årene som fulgte,har vi gjort oss tanker om «hvor vi egentlig hører til» og hvor vårt sosiale nettverk er. Det var ikke i Vestfold, for å si det slik. I stedet har vi begynt med oppussing av huset vårt fra 1982 i Kongsvinger. Nytt kjøkken er snart på plass. Julegave til oss selv.Men så skjedde noe som kom som lyn fra klar himmel :
    Mandag morgen denne uka fikk jeg et hjerneslag. Etter en tur innom akutten på Kongsvinger sjukehus, er jeg nå på A-hus iLørenskog og blir tar godt vare på. Jeg kunne ha sagt mye pent om norsk helsevesen og hvor heldige vi er som bor i et land der ingen spør om hvor mye penger du har eller hvilken helseforsikring du har, men det får bli en annen gang..men det var altså dette med å bo og trives 2 steder og føle på hvor man hører til!?
    Hilsen Helge som fortsatt leser blokken din med interesse.

    Liker

    1. Kjære Helge!
      Jeg sender deg varme tanker og ønsker deg rask og god bedring. Jeg håper også at du og Brit etter hvert får nyte ei god jul på det nye kjøkkenet. Ta godt vare på dere selv og hverandre!!
      Du skriver om sosiale nettverk og om hvor viktig det er for å føle seg hjemme. Det tror jeg at du har helt rett i. Uten nettverket på plass, kan man føle seg ganske alene. Jeg er heldig som har nettverket på plass når vi flytter til Hallingdal.
      Ha det godt!
      Hilsen fra Karen-Margrethe

      Liker

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: