Å MÅLE SEG MED ANDRE OG RELIGIØSE TRENDAR

Kjære folk!

Eg håpar du som les har ein god sundag. 

Dagens tema er kanskje i overkant både alvorsame og filosofiske, men for meg er det slik at det innimellom er fint å bli dytta inn i litt uvante tankerekkjer. 

Eit sitat eg vil dele
Her ein dagen kom eg over eit sitat av den slovenske filosofen, psykoanalytikaren og sosiologen Slavoj Zizek:
«Vi er fanget i usunn konkurranse i et latterlig nett av sammenligning med andre. Vi gir ikke nok oppmerksomhet til det som får oss til å føle oss bra, fordi vi er besatt av å måle om vi har mer eller mindre glede enn andre.»

Dette måtte eg tenkje nærare over. Er det misunning han snakkar om her? Er det faktisk slik at me samanliknar oss  mykje med andre? Driv me som har nådd moden alder også med slik samanlikning? Dersom det er slik, har nok den slovenske filosofen heilt sikkert rett i at det neppe gjer oss lukkelegare. Det vil jo alltid vere nokon der ute som er penare, smartare og meir suksessrike enn oss.

Eg trur det er slik at når me verkeleg kjenner oss glade og har det godt, då er me jo aldri i tvil om at det er sant at me har det bra. Då bryr me oss vel heller ikkje om at det kan vere andre som har det betre enn oss. Når eg sit inne i eiga stove med mjuk genser og varme tøflar, har ete meg god og mett og har vakker musikk på øyret, – då kosar eg meg. Då kan ikkje eg kome på å samanlikne meg med ho som har på seg designkjolen sin, skålar i dyr sjampanje og er på ein fjong fest. Kanskje det hadde vore større sjanse for at eg ville ha samanlikna meg med ho dersom eg var 20 år? 

Kanskje det er slik, at det er når me ikkje kjenner oss heilt på topp, at me samanliknar? Men det me samanliknar med er jo berre det me ser. Er det slik at dersom andre har noko me ikkje har, så trur me at dersom me også får det og det og det, så vil me ha det mykje betre? Eg må beklage herr Zizek, eg kjenner meg ikkje att i dette.

Amerikanske forskarar har funne ut at når me samanliknar oss med andre, brukar me dette til å forsterke dei kjenslene me allereie har. Det betyr at dersom sjølvkjensla er låg, vil me, dersom me samanliknar oss med andre, stå i fare for å grave oss endå lengre ned og fokusere endå meir på det me ikkje har. Sidan eg ikkje kjenner meg att, må det altså bety at sjølvkjensla mi ikkje er så aller verst. Det ville i alle fall ha vore ganske dumt av meg å samanlikne meg med langbeinte modellar, rikingar, veltrente idrettskvinner eller dei unge og skrukkefrie. Det er nok ein fordel å vere bevisst på kven me samanliknar oss med og godta dei genane me har fått i gåve. 

Eg trur me ofte gløymer at det me samanliknar oss med, er det me ser, det som er utanpå. Når me kjem innanfor skalet, har dei aller fleste, ja, sannsynlegvis alle, sitt som dei strevar med. Me må minne oss sjølv og kvarandre på at me ikkje kan samanlikne andre si utside «utside» med vår eiga «innside». 

Dersom me absolutt skal samanlikne, må me bruke det til å forbetre noko som verkeleg har meining, – slikt som for eksempel omsorg for andre eller evna til å lytte. Då kan me kanskje nytte samanlikninga til å gjere verda til ein betre stad å vere for alle.

Dette er eit tema eg er sikker på at er lurt å samtale med dei unge om. 

Dette har eg tenkt på denne veka
Det hender rett som det er at eg høyrer ting på radio som er så interessante at eg blir gåande og tenkje på det i fleire dagar etterpå. Slik var det då eg høyrde eit intervju med religionssosiolog Pål Repstad på P2. Temaet var religiøse trendar. 

Han starta med å fortelje om forskjellige måtar å svare på dersom nokon spør «Trur du på Gud?» Dersom me seier «ja», då blir me putta i ein bås. Dersom me seier «nei», får me plass i ein annan bås. Dersom me svarar «det veit eg ikkje», blir me stempla som ureflekterte. Dersom me derimot spør «kva slags gud?», då får me ein interessant samtale. 

Ja, sjølvsagt er det slik, tenkte eg, og vart svært interessert i å fylgje med vidare.

Eg fekk ein leksjon i religiøse trendar i eit antiautoritært og sekularisert Noreg, og eg forstod såpass mykje meir at eg fekk lyst til å bringe noko av det vidare. 
Me som har levd ei stund, kan nikke attkjennande til den religiøse utviklinga i landet vårt slik Pål Repstad beskreiv.

På dei åra eg har levd har det blitt merkbart mykje mindre religion i det offentlege liv. Tenk berre på korleis me song for maten og pugga salmevers då me gjekk på skulen. Religion har blitt ei privatsak. Dessutan har det i stor grad blitt slik at me er religiøse på kvar vår måte. Folk kan seie at «eg er kristen, men ikkje slik superkristen, altså». Dette kalla han for individualisering av religionen. 

Då eg var lita, kjende eg ikkje til nokon som trudde på noko anna enn det me høyrde om på sundagsskulen, i kyrkja eller på morgonandakten på radio. Dersom politikarane debatterte noko som hadde med religion å gjere, handla det om kyrkja og kristendom. No er situasjonen ein heilt annan. Det er eit stort religiøst mangfald i landet vårt, folk har kome hit frå ulike land og trur på ulikt vis. Religionsdebatten handlar no oftare om påverknad frå andre religionar.  

Dette er ikkje den einaste endringa. Då eg voks opp, fantes det ikkje kvinnelege prestar. No er det kvinnefleirtal på teologistudiet og me har kvinner som dei øvste leiarane i kyrkja. Mange av oss hugsar godt då Ingrid Alexandra vart konfirmert, – ikkje eit mannfolk å sjå. Kvinnene er også på veg inn i moskeane.

Pål Repstad fortalde også om andre endringar. Det blir lagt meir vekt på det som appellerer til sansane og mindre vekt på rett tru og rett lære. Fleire og fleire av dei som trur, trur at Gud vil ta vare på alle. Det er færre levereglar og inga forkynning om helvete. 

Eg for min del likar godt å samtale om tru og tvil. Interessante greier, spør du meg.

Eg har sikkert ikkje klart å vise religionssosiologen rettferd, men reknar med å få tilgjeving for det.

***

Sidan me held på med religion:
I fylgje gamal overtru er det i dag, 15. november, dumt for ei jomfru å sitje mellom to brør, for då blir ho ikkje gift på sju år.   
Eg klarte ikkje å kome på noko meir uaktuelt å avslutte bloggen min med enn akkurat dette, så eg ber om orsaking for det og.

Eg ynskjer alle ein god sundag og ei framifrå veke.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: