HELGERUD-HUSET, Å HØYRE TIL OG NOKOLUNDE

Kjære folk!

God sundagsmorgon til dykk alle! I dag inneheld bloggen min litt hundre år gammal historie, ein god porsjon ettertanke og ei handfull takksemd blanda med litt empati. Eg håpar de tek imot.

Eit sitat eg vil dele
Eg har tidlegare skrive om at gamle hus har sjel. Dei har også ei historie. Historia til huset vårt i Sundrevegen starta med Ivar og Margit. (Takk til Birgit som sendte meg kopi av eit utdrag frå bygdeboka.)

Ivar Helgesson Dengerud Helgesen fekk lærarjobb  ved Skattebøl skule i Ål i 1885 etter at han hadde gått på Hamar-seminaret og vore inspektør på døvstum-instituttet. Han var lærar i Ål fram til 1930.

Ivar gifta seg med Margit Tolleivsdotter Skottebøl i 1897. Dei fekk tre born.
I bygdeboka står det:
«Helgesen kjøpte Storeteig og bygde hus, men mista alt ved eit odelssøksmål etter fire år. Deretter kjøpte han ei steinurd på Stave og bygde seg hus der.» 
Det må ha vore han som døypte huset Helgerud.

Ivar Helgesen hadde mange verv i bank- og bygdestyring, han var ordførar i Ål og pådrivar for Ål kommunale kraftverk.

Dette fotografiet av huset fann Ingunn Stræte i Ål Bygdearkiv. Dei trur det er teke av Lars Strand på 1920-talet

Den neste familien som eigde huset, var familien Ekra. Alf og Ruth Ekra gifta seg i 1951. Dei fekk ein son, Thor Kristian. Alf Ekra var snikkar og fann gode og praktiske løysingar på det meste. Dette ber huset preg av, og me kan glede oss over det.

Dette fotografiet har hatt plass på veggen i huset sidan lenge før familien Ekra flytta inn. Dei syntes det ville vere fint om fotografiet kunne fylgje huset i fortsetjinga og. Me er takksame for det.

Me vil gjerne behalde den grunnleggjande strukturen i huset og den opprinnelege planløysinga. Me synes også det er stas å syne fram tømmerveggar, dører og nokre gamle golv der det let seg gjere. Det blir også laga eit nytt og litt større påbygg med vaskerom og bad, skifta vindauge og ytterdørar og trappa blir tetta for å gjere plass til skåp. 

Eg trur både Ivar Helgesen og Alf Ekra ville ha vore nøgde med måten me tek vare på huset på. Eg håpar å kunne invitere Ruth Ekra på kaffi til oss «i ei steinurd på Stave» når sumaren kjem.

Dette har eg tenkt på denne veka
No i den prosessen me er midt oppi, har eg byrja å tenkje på kva som gjer at ein får kjensla av å høyre til. Eg trur det er slik at dersom eg skal kjenne at eg høyrer til ein stad, må det gjere godt når eg kjem dit og når eg er der.

Eg har hatt den kjensla på stader eg har budd, av og til på skulen, heime hos nokre av venene mine og på nokre arbeidsplassar. Når kjensla av å høyre til har vore sterk, har eg hatt positive relasjonar til andre menneske. Eg har definert meg sjølv med referanse til andre; kollegaer, vener og slektningar, og det har vore fritt for konfliktar som har kasta skugge over det gode. 

Å høyre til er for meg ein viktig del av identiteten, og eg trur det er vanskeleg å vere glad dersom kjensla av å høyre til ein stad, eller saman med nokon, ikkje er til stades.

På dei arbeidsplassane eg verkeleg har kjent tilhøyrsle, har det vore gode møteplassar, god struktur og godt samahald. Folka der har vore det viktigaste. Det er dei som har gjort at eg har blitt sett, kjent meg trygg og gjort at eg har kunna glede meg til å gå på jobb.


Kva er det då som gjer at ein kjenner tilhøyring på ein stad? For meg trur eg det er omtrent det same som for ein arbeidsplass. Det handlar om folk. Folk er det viktigaste. Kommunar treng klok leiarskap som forstår at dei som bur der treng samhandling med andre som vil ein vel.

Sjølvsagt må velferdstilbodet vere på stell dersom folk skal kjenne seg trygge.
Det må til god struktur. På kommunespråket heiter det vel infrastruktur og kommunikasjon.
Det må vere gode møteplassar, altså kulturtilbod, aktivitetar og stader å vere saman. 

No gjer me det me kan for at den nye heimen vår skal bli ein god stad å høyre til, men det er ikkje nok å skape seg ein fin heim og ein blomstrande hage for å kunne kjenne på tilhøyrsle. Me veit at me sjølve må vere med og gjere ein innsats for å bli to av alle dei som høyrer til på Ål. 

Kjem eg til å kjenne at eg høyrer til her?

***

Heilt til slutt i dag:
Eg har høyrt representantar frå myndigheitene seie at sumaren kan bli nokolunde normal. Men det var før den langt meir smittsame, engelske virusmutasjonen dukka opp, før nye og strengare tiltak vart aktuelt, før me visste at vaksineringa kunne bli forseinka og før Erna Solberg uttala at «vi kan ha det verste foran oss». 

Ordet «nokolunde» var det lenge sidan eg hadde høyrt, – og i alle fall i samband med ordet «normalt». «Nokolunde» er ikkje ein del av det aktive ordforrådet mitt, men eg veit jo kva det tyder; ikkje så verst, tolleg bra, om lag, ganske.

Eg kjenner meg nokolunde sikker på at eg, uansett korleis sumaren blir, er blant dei som no har det aller best. Eg har vondt av einsame gamle og einebuarar, studentar i ein framand by og alle dei som har fått ungdomstida si sett på vent. Men eg, – eg kunne ikkje kome på å klage på ein einaste ting. Det ville ha vore direkte ufint av meg.


Eg ynskjer alle som les, ein strålande sundag og at den februarveka som me har framfor oss blir løfterik.

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: