MED BLANKE ARK

Kjære folk!

Finnes det noko slikt som blanke ark?

I ein av dei mest velkjende Alf Prøysen-tekstane står det slik:
«Du ska få en dag i mårå som rein og ubrukt står
med blanke ark og farjestifter tel.
Og da kæin du rette oppatt æille feil i frå i går
og da får du det så godt i mårå kvell


Kor blanke er eigentleg desse arka som me får utlevert? Me vart alle føddde med gener samla opp frå fleire generasjonar attende og med dei foreldra og dei oppvekstvilkåra me var så heldige eller uheldige å få utlevert. 
På arket vårt var det også notert ein fødestad som me gjorde til vår, – eller måtte røme ifrå. Alt dette gjorde at arket vårt, heilt frå starten av, var fylt av mogelegheiter og utfordringar.

Alle kan trenge ein ny sjanse ein eller fleire gonger i livet sitt, – for det er vel ingen som går gjennom livet utan at det går litt gale innimellom. 
Kva skal til for at me då kan få lov til å byrje om att?

Er dette ei dør for meg tru?

Det heiter seg at når ei dør blir attlaten, så vil det opne seg ei ny. Mi erfaring er at det kan ta litt tid før ein finn denne nye og så mykje omtala døra. Og korleis er det mogeleg å byrje med heilt blanke ark når me ber på alle før-dette-dagane våre inne i oss?
Det er ikkje mogeleg å gå attende og lage ei heilt ny byrjing, men Prøysen skreiv ikkje berre om det blanke arket. Han nemnde også fargestiftane.
Kva vel me å nytte målarskrinet, penslane og fargestiftane våre til?


Me har alle ansvaret for våre eigne val og dermed også ansvaret for våre eigne liv, men det betyr ikkje at me sjølv alltid har skulda nå det kjennes som om alt rasar saman. Det er ikkje alltid slik at alle klarar å kontrollere kjensler og handlingar. Dei «arka» me har fått utlevert, har også gitt oss ulike mogelegheiter og evner til å ta val. 

Det seier seg sjølv, og det burde ikkje vere naudsynt å nemne, at det er enklare å vere rik og frisk enn fatig og sjuk. 

I Noreg har me det slik at me gir folk ein sjanse til. Me trur på rettsstaten og eit straffesystem som tek utgangspunkt i at folk som har sona straffa si, og som er klare for å kome attende til samfunnet, får lov til det. Det er også slik i landet vårt, at dei som har hatt problem med å etablere seg på arbeidsmarknaden, skal få hjelp til å kome i lønna arbeid.

Eg trur at dei aller fleste gjer så godt dei kan. 
Dersom eit menneske skal kunne ha kontroll på eige liv, må hen også ha kontroll på rammene for livet sitt. Det er det ingen som kan vere sikre på at dei alltid vil kome til å ha. Derfor treng me ein velferdsstat som gjer at verda ikkje blir fullt så urettferdig.

Definisjonen er henta frå Store Norske Leksikon

Høyres eg svært negativ og pessimistisk ut i dag? Det er i så fall ikkje meininga.
Eg har stor tru på fellesskapet og på velferdsstaten, men eg trur ikkje at verda er rettferdig. Eg trur ikkje at alle har den same fridomen til gjere gode val for seg, for sine og for sitt eige liv, men eg har tru på gode statlege og kommunale vedtak om ordningar som kan hjelpe den einskilde dersom det raknar.

Men dette handlar ikkje berre om politikk, om politiske val og velferdsordningar. Det handlar også om meg, om deg, om oss alle og om kvardagane våre. 

Denne dagen var blank og fin.

Eg trur ikkje på heilt blanke ark, men eg trur på dei daglege, små vala som kan kome både meg sjølv og andre til gode. Eg trur ikkje på å kunne byrje heilt på nytt, men eg trur på dei små gledene. Eg trur ikkje på fridomen til å fylle kvart sitt blanke ark, men eg trur på målarskrinet, på fargestiftane og at det er mogeleg for alle å leggje farge på dei delane av arket der det framleis er opning for endring og utvikling.

Det er ikkje mange dagane sidan eg fylte 70. Medan eg venta på å slutte å vere ei kvinne i 60-åra, skreiv eg dette vesle diktet:
Eg er ho
som dansar berrføtt i graset,
snurrar og ler

Ho som hoppar
i søledammar
og ler
då og
Ho som berre er 70,
som kan grine for nesten ingenting
og le
av nesten alt.

Dersom livet mitt kunne samanliknast med ei teikneblokk, håpar eg at det er ein god del fleire ark att i blokka mi med litt plass til å laga mange fargeglade krusedullar. 


No lengtar me alle etter sol og sommar. Me har mykje å sjå fra imot.

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: