MED BLANKE ARK

Kjære folk!

Finnes det noko slikt som blanke ark?

I ein av dei mest velkjende Alf Prøysen-tekstane står det slik:
«Du ska få en dag i mårå som rein og ubrukt står
med blanke ark og farjestifter tel.
Og da kæin du rette oppatt æille feil i frå i går
og da får du det så godt i mårå kvell


Kor blanke er eigentleg desse arka som me får utlevert? Me vart alle føddde med gener samla opp frå fleire generasjonar attende og med dei foreldra og dei oppvekstvilkåra me var så heldige eller uheldige å få utlevert. 
På arket vårt var det også notert ein fødestad som me gjorde til vår, – eller måtte røme ifrå. Alt dette gjorde at arket vårt, heilt frå starten av, var fylt av mogelegheiter og utfordringar.

Fortsett å lese «MED BLANKE ARK»

FRIDOM TIL Å VELJE

Kjære folk!

Denne gongen starta tankerekkja mi akkurat slik den pleier å gjere; ei enkel oppgåve som treng litt planlegging, fekk hjernen i sving, – og så balla det på seg: Byrjinga var at eg måtte syrgje for å få sett av tid til å vaske og stryke bunadsskjorta mi før 17. mai. Deretter smatt tankane over til gleda over demokratiet vårt, personleg fridom, politisk prat om fridom, det å vere frivillig og aller mest har eg fundert over det å ha fridom til å gjere gode val. Så for den som vil vere med meg gjennom tankespranga mine, er det berre å lese vidare. 

Noregs nasjonalforsamling. Folkets instrument til å utøve den lovgivande makta. Med andre ord; her blir det gjort viktige val som vedkjem oss alle.
Fortsett å lese «FRIDOM TIL Å VELJE»