EIN SKIKKELEG GOD VEN – KVA ER DET?

Kjære folk!

Eg har tidlegare skrive at vener er folk eg både likar og liknar. Eg har og ein del andre ting til felles med mine svært gode vener. Me eig noko saman. Eit eller fleire av desse punkta må altså på lista:

  • Oppleving/samhald i barndomen
  • Felles utfordringar på jobben
  • Deler noko hemmeleg
  • Har hjelpt og støtta kvarandre

Dette gjer at me ofte ikkje treng å seie noko. Me veit at den andre tenkjer på akkurat det same. Me kan sjå kvarandre inn i augo og vite kva som gjeld akkurat no.

img_2012
Min gode ven, Anne og eg ved Vermundsjøen

Eg trur og at det finnes fleire kjenneteikn på godt venskap. Eg trur og at den lista som kjem under her, er forventningar gode vener har til kvarandre:

  • Ein god ven kan glede seg med deg
  • Ein god ven ler med deg og gret med deg
  • Ein god ven vil alltid inkludere deg
  • Ein god ven vil alltid støtte deg
  • Ein god ven vil akseptere at du har eit anna synspunkt
  • Ein god ven aksepterar deg slik du er
  • Ein god ven snakkar ikkje stygt om deg
  • Ein god ven vil alltid hjelpe deg med å nå dei måla du har sett deg

Heilt til slutt dette: Saman med ein god ven treng du ikkje å gjere noko som helst. Du kan sitje i ro og teie utan at det kjennes pinleg.

Du som les dette vil kanskje ta bort noko og/eller leggje til noko på lista mi. Det hadde det vore kjekt å få vite noko om.

Helsing frå K-M

 

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: