ADVENTSTID

Kjære folk!

Desse fire vekene før julekvelden, som me no har gått inn i, skal førebu oss på julekveld og julefeiring. I denne førjulstida vil eg prøve å skrive ned nokre av mine advents- og juletankar. Eg vil stelle spørsmål, fortelje, meine og tru. Kanskje andre kan ha glede av å ta seg eit minutt eller to saman med meg og fundere litt over og tenkje litt etter.

For mange trur eg dagane blir svært travle. Alt skal ordnast og vere på stell. Det skal skine, det skal lukte og det skal smake heimelaga jul. Det kan godt vere at mange har glede av alt dette styret, og eg trur på at det kjennes godt når alt er blankt og reint. Eg har spurt meg om kven eg i tilfelle skulle gjere alt dette for.

IMG_1776

Eg veit at ingen av mine kjem til å bry seg nevneverdig om at eg ikkje har tatt husvasken i år. Ingen av dei hadde kome til å få vite at eg berre vaska vindaugene på utsida sist eg dreiv med slikt heller, dersom eg ikkje hadde skrive om det her då. Absolutt ingen av dei som kjem innom vår dørstokk denne jula har forventningar om at all julepynten skal ha harmoniske fargar og passe saman.

Adventstida skapar forventningar. Eg lengtar inn til noko som er trygt, godt og ramma inn i dei enkle tradisjonane eg vart kjent med som lita. Han eg feirar jul saman med, ynskjer å kjenne på den smaken og lukta som får han til å tenkje på jul. Me tek begge fram minna våre, gode og mindre gode, blandar tradisjonane frå barndomen med nye, og freistar å skape minner for dei generasjonane som kjem etter oss.

Draumen trur eg me alle er saman om. Me ynskjer oss ro, fred og kjærleik.

Helsing K-M

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: