Kjære folk!
Så var denne tida her att. Me står saman ute med store skjerf, varme vottar og blanke blikk, – klare for å møte tindrande forventningar og kjensler så skjøre som gamle julekuler. I dag er det fyrste sundag i advent, og eg har starta adventstida mi med å sjå julegrana bli tend på Ål.
Denne helga har gjort meg både glad og litt trist. Jula er jo den høgtida då dei me saknar er som mest levande til stades hos oss. Eg kjende på det då eg stod ved den vakre julegrana og song, og deretter gjekk ljosvandring frå Sundre til kulturhuset. Det var godt å ha ei stor hand i ein endå større vott å halde seg fast i. Eg fekk denne varme kjensla av å vere heime i meg sjølv. Minner om det som har vore, blanda seg med draumar om det som skal kome.
På veg til kulturhuset møtte me mange kulturskuleelevar som gjorde det dei kunne for å skape førjulstemning for ålingane.



Eg ynskjer for alle som les dette at dagane i førjulstida blir gode dagar.
Helsing frå K-M
Koselig 😊.
LikerLikt av 1 person
Ja, det var det😊
LikerLiker