VASSE ELLER HOPPE? NØLE ELLER LA DET STÅ TIL?

Kjære folk

I går gjorde eg det igjen, – akkurat slik eg har gjort det heile livet; eg hoppa inn i det nye året. Far min sa at det ville bli eit godt år dersom me hoppa inn i det. Dermed har eg, heilt frå eg var lita, kome meg opp på ein dørstokk, ein stol, ei sofapute, ei trapp eller ein benk i god tid før eg, på slaget 12, skulle hoppe inn i det ukjende, inn i framtida, inn i det nye året med trua på og håpet om at dette kom til å bli bra.
Til og med dei åra eg var heilt aleine, klatra eg opp i sofaen og venta; 5, 4, 3, 2, 1, – og på null hoppa eg. Dumt? Kanskje det, men kvar nyårskveld er eg ei som hoppar.

Det er ikkje så ofte elles at eg heilt konkret driv med slikt. Det hender vel kanskje at eg hoppar på ein islagt søledam for å høyre den knasande, fine lyden. Det har vel og hendt innimellom at eg hoppar opp i ein haug med lauv når ingen ser meg. Litt gamle damer driv ikkje med hopping, eller?

Når me går frå eit år og inn i eit nytt, pleier det ofte å fylgje med litt ettertanke. Eg pleier i alle fall å setje av litt tid til nokre minutt med slik alvorsam tankeverksemd. Korleis har det gått? Kva no? Kvar går vegen vidare? I år handla ettertanken om dette:  er eg ei som hoppar i det, –  eller er eg ho som prøvande og sakte vassar uti på grunna for å sjå om det går bra.

Ikke her eingong, hadde eg lyst til å hoppe uti.

Når det dreier seg om bading, er eg absolutt ikkje ho som hoppar. Eg vassar og gruar meg til vatnet når trusekanten, og når eg har kome meg dit, kan eg gjerne bli ståande ei stund og plagast før eg ombestemmer meg og tuslar innover mot land att, – utan å bade.
Er det dermed slått fast at eg er ein vassar og ikkje ein hoppar? Eg kjenner meg ikkje att i det i det heile, utanom når det gjeld bading altså.

Eg har høyrt det sagt at det ikkje er det å hoppe som er farleg, det er landinga som kan ta livet av deg. Sjølvsagt er det slik. Eg har sjølv erfart at ein ikkje alltid skal stole på han som står der nede og ropar «kom til meg no, berre hopp i det». Det kan nemleg hende at han ombestemmer seg før sjølve landinga og slett ikkje står der for å ta imot deg når du treng det.

Eg har hoppa uti nye stader, inn i nye jobbar, ut frå det kjende og inn i uvissa. Eg har tatt på meg oppgåver eg ikkje kjende rekkevidda av og gått med på avtaler som ikkje var bra for meg. Eg har latt det stå til. Slett ikkje alle svev har fått god stilkarakter og nokre landingar har gjort svært vondt, men når eg ser attende, er eg glad for alt det eg har lært både om meg sjølv og om andre medan eg tok sjansen. Dersom eg i staden hadde vassa, følt meg fram på den ujamne botnen, stått i ro og blitt iskald på leggane før eg snudda, då hadde livet mitt kanskje vore enklare, men ganske sikkert fattigare på erfaring.

Nokre hopp har vore geografiske.

Å vasse er å nøle, vere litt usikker og å gå sakte fram. Nokre av mine feilhopp har eg gjort saman med slike som vassar. Dei har fått meg til å kjenne meg usikker. Dei som derimot  ikkje nøler med å ta ei avgjerd, dei gjer meg trygg. 
Eg kjenner det i heile meg når eg høyrer folk seie «eg skal prøve å få det til» eller «eg skal prøve å rekke det». Det er ikkje godt nok. Skal dei prøve eller skal dei gjere det? 

Det er heller ikkje slik at langsiktig jobbing er noko me skal gjere om lenge. Med det meiner eg slett ikkje at me må setje opp farten. Livet inneheld massevis av fantastiske augneblinkar som me må roe ned for å få med oss. Nøling derimot, det er for meg sløsing med ressursar. Eg vil bruke tida mi på noko anna enn det.

No passar det med eit Piet Hein-sitat:
Hvis du frykter for besvær
kan du liså godt la vær
Hvis du uden vaklen vil
er det næsten vunnet spil.

Då me i svært godt vaksen alder valde å pakke saman alt det me eig og flytte hit til den langstrakte fjellbygda, var det mange som uttrykte at me var modige som vågde å endre alt på dette viset. For meg var dette eit trygt hopp. Ein treng jo ikkje vere redd når ein hoppar saman med ein annan som heller ikkje sløser bort tida si med nøling. 

Ål i vinterskrud
Sola når ikke heilt ned til oss på Helgerud, men når den dagen kjem, skin ho på huset vårt fra tidleg morgon til langt på kveld.

«Dette passar ikkje for meg», seier du kanskje. «Eg treng å bruke lang tid, tenkje meg godt om før eg bestemmer meg», seier du kanskje òg. Heldigvis er me ulike. Det ville ha vore keisamt elles. Men dette er min ettertanke, og eg vil tore å hoppe, både aleine og saman med andre. Eg vil bestemme meg utan å nøle for mykje, for deretter å gå vidare. Men eg vil aldri hoppe i strikk, og eg skjønar meg ikkje på folk som frivillig hoppar ut i iskaldt vatn.

No kjem det ikke til å gå mange dagane før eg plukkar ned julepynten. Eg likar jula, men det er alltid godt å finne attende til kvardagen.

Kva håpar du på for det nye året?
Eg er som dei fleste andre; eg har mine håp, og sjølvsagt dreier det seg om både fred og helse. Men eg har også meir private håp. Dei fleste av desse er for mine aller næraste. 
Når det gjeld det eg håpar for eigen del, må eg nok fortsette å hoppe i det dersom ting skal kunne skje. 

Eg ynskjer for deg som les dette at du får eit godt nytt år med gode avgjerder, – både du som er rask i vendinga og du som vel å ta deg god tid. 

Helsing frå
Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: