JULEGLEDE, JULEFRED, -SAKNAD, -LENGT OG JULEHÅP.

Kjære folk

Jula er like om hjørnet. Det hadde vore fint dersom alt kunne handle om undring, barnleg glede, kjærleik og fred. Så eg hoppar like godt over straumprisar og -tiltak, omikron og smittetal. Eg vel heller å skrive om alt det jula vekker i meg.

Eg var heldig. Veldig heldig! Som barn hadde eg alltid einkvan å spørje og fleire som kunne gje meg svar.
– Du mormor, kvar var eg før eg blei til inne i mamma sin mage?
– Då var du kanskje ein god tanke hos Gud?
Eg slo meg til ro med det på eit vis. Eg hadde jo fått eit svar som fekk meg til å smile, fantasere, undre meg og som gjorde at eg fekk lyst til å spørje om noko anna ein annan gong

Eg kom på denne vesle historia i går då eg fann fram julepynten. Dersom mormor hadde vore her, kunne eg ha spurt «du mormor, kvar er jula når ho ikkje er her hos oss?» Ho hadde heilt sikkert hatt eit svar som eg kunne ha tenkt vidare på, for ho visste at ungar ikkje var små, enkle menneske som trengte små, enkle svar.

Det er mange minner i ei lita kiste med juletrepynt.

Eg har sjølvsagt nokre forslag til svar på spørsmålet, men dei er ikkje særleg oppsiktsvekkjande sidan dei er både faktabaserte og sannsynlege;
– Om sumaren er jula på bestillingslistene til butikksjefane.
– Frå mai til august er jula i musikkstudio der dei spelar inn den musikken me skal høyre på i desember.
– Her i Sundrevegen ligg jula i dei eskene som er merka «JUL» med tjukk, raud tusj.


I går pakka eg jula varleg ut av silkepapiret sitt. Ho låg framfor meg og både glitra og gret. Juletankar og -kjensler handlar om saknad, glede, lengt og håp.

Dersom det kjem fire julegjester, må me ha fire julestrømper.

Denne tida er
ei hemmeleg gåte.
Eg kjenner ikkje spørsmålet,
kan ikkje svaret,
veit berre
at det er jula som kjem,
vil berre
at ljoset skal skine,
ynskjer berre
at freden skal dale, –
ikkje i skjul,
men synleg
for alle.


Dersom eg hadde kunna spurt mormora mi om kva jula er, så veit eg at ho hadde snakka om å vere snille mot kvarandre og om ikkje berre å tenkje på vårt eige ve og vel. Den delen av jula må me ikkje stable vekk saman med glitteret og glasenglane når kvardagen tek tak i oss att utpå nyåret. For slik dei syng i «Kristiania magiske tivolitheater»; «Det er jo alltid sånn at de som gruer seg mest er de som kjenner kulda best» er jo slett ikkje berre ei julesanning.
Ingen av oss kan, sjølv om me har mykje, hjelpe alle, men me kan vel alle hjelpe litt, utan at me tenkjer på kva me får att for det.

I morgon tenner me fire ljos.

I morgon skal me tenne det fjerde ljoset i adventstaken. Me er mange som gjer det, samstundes med at me les desse orda av Inger Hagerup:
Vi tenner fire lys i kveld
og lar dem brenne ned,
for lengsel, glede, håp og fred,
men mest av alt for fred
på denne lille jord
der menneskene bor
.

Nobels fredspris gjekk i år til filippinske Maria Ressa og russiske Dmity Muratov. Begge frå autoritære regime der den kritiske journalistikken har elendige kår. Den frie journalistikken blir truga i stadig fleire land, – noko som gjer at me bør uroe oss for både demokrati og fred. Dette er verdiar me ikkje kan ta for gitt, – ikkje eingong i jula.


Når kyrkjeklokkene ringer jula inn på julekvelden, kan me kanskje sende ein liten tanke til det fellesskapet som trass i alt finst mellom oss menneske. Djupast sett ber me på det same håpet, uansett kva språk me talar, kvar me bur, kva slags kultur me kjenner oss heime i og kva me trur eller ikkje trur. Me håpar på ei verd der me tek vare på kvarandre.

Det er under ei veke til jul, og eg nyttar høvet til å ynskje ei god og fredfull julefeiring for oss alle. 

Helsing frå
Karen-Margrethe

Desember ved Hallingdalselva

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: