Kjære folk
For to år sidan skreiv eg på bloggen min at eg hadde starta adventstida med å sjå julegrana bli tent på Ål. Alt ljoset og songen hadde gjort godt på ein litt sår måte. Eg hadde nok kjent på ein liten lengt etter å vere heime, heime på Ål. No er eg her, – og det kjennes godt.

Eg har alltid syntes at det har vore triveleg å kome til folk som har pynta litt ekstra ved inngangsdøra si. Det gamle huset vårt inviterer til å bli pynta, og eg har gledd meg til å stase opp inngangspartiet til advent. I år har eg for fyrste gong laga krans av vintergrøne greiner.

Det er ganske spesielt med ei plante som veks opp og blomstrar i snøvêret. Julerosa er ei slik plante, og eg synes ho er svært vakker.

Me trudde me hadde planlagt alt då me flytta inn i det gamle huset vårt. Det viste seg at me hadde tenkt på nesten alt. Då desember nærma seg, fann me ut at me ikkje hadde tenkt på kvar me skulle ha juletreet vårt ståande. Me har rett og slett ikkje golvplass til det. Så då blir det eit bitte lite tre inne og eit større ute ved inngangsdøra. Slik må det bli. Jul blir det nok likevel.



I år var eg så heldig at eg fekk vere saman med elevane ved kulturskulen då dei song og musiserte inn adventstida med ein akustisk og ein plugga konsert. Eg er svært takksam for den oppgåva.
Eg er ei lettrørt dame. I adventstida tetnar klumpen til i halsen oftare og blikket blir blankt endå fortare enn elles. Eg trur mange med meg kjenner at kjenslene er skjøre som gamle julekuler i førjulstida. Elevane ved kulturskulen rørde meg fleire gonger gjennom konsertane.


På biletet over ser de alle elevane og lærarane samla for det siste nummeret i den akustiske konserten. Dei framførte «Hele jorden er pyntet til jul» med tekst og musikk av Arild Jensen, som er ein av lærarane på musikkskulen. No går denne songen på repeat inne i hovudet mitt, – og det plagar meg ikkje. (Eg la ut ein Youtube-video av denne fine songen på Facebook-sida mi i går.)
Kama muta, heiter det visst, det å brått bli så fylt av kjensler at det renn over. På utforsksinnet.no kunne eg lese dette:
«Forskere forteller oss at dette er den mest intense universelle følelsen fordi den definerer det øyeblikket når vi føler oss full av kjærlighet. Det er overraskelsen og beundringen vi opplever overfor noe eller noen. Det er det øyeblikket når vi begynner å gråte på grunn av en overflod med følelser.»
Eg har ei lang liste med ting som gjer at det renn over for meg. Her er nokre eksempel:
– filmar og romanar der folk finn attende til kvarandre
– korps som marsjerer gjennom gatene
– når sonen min klemmer meg hardt
– når dotter mi klarar ting eg ikkje vågar å prøve
I adventstida står kama muta-augneblinkar i kø. For eksempel
– når Ingebjørg Bratland syng julesongar
– Lucia-opptog
– Filmen «Love actually»
– når me reiser oss og syng saman det siste verset av «Deilig er jorden»

Torsdag var eg på kino og såg «To nøtter til Askepott». Den er knakande godt laga og vel verdt å sjå, men eg vart, idiotisk nok, mest rørt av reklamen før filmen. Dei veit verkeleg korleis dei skal spele på kjenslestrengane desse reklamefolka. Og medan eg er inne på advent og det å bli rørt; til dei som ikkje har byrja å sjå «Kristiania magiske tivolitheater» på NRK, – gjer det!

Framleis spør folk om me trivest på Ål. Me svarar «ja» på det spørsmålet. Det handlar sjølvsagt om alt frå eit rikt kulturliv til eit nært og kompetent helsevesen, men det viktigaste er at for oss er Ål ein stad der folk ser oss inn i augo, mange smiler, nikkar og det hender til og med at dei seier «hei» sjølv om me ikkje veit kven dei er. Slikt er til å bli glad av. Me har også blitt invitert inn til å gjere nytte for oss. Me har fått høyre at det er bruk for oss her. Slikt gjer at me kjenner oss heime på Ål.

Denne førjulstida kan vere både glad og sår, morosam og av og til litt vanskeleg. Eg vil minne meg sjølv og oss alle på at advent er så mykje meir enn det at me skal rekke ein heil haug med arbeidsoppgåver innan ein frist. Når jula kjem, er det mykje viktigare at me har tatt vare på kvarandre enn at huset et skinande reint og at me har kakeboksar med sju slag. I den kristne tradisjonen er advent den tida me skal gjere oss klare for det som kjem. Og som eg las ein stad; det er ikkje mattilsynet som kjem, det er Jesusbarnet.

Førjulstida er ei spesiell tid for oss alle, og uansett kva me trur og ikkje trur, så tenner me ljos, – mange ljos. Og uansett kvar me bur i verda, så har me det same håpet og dei same ynskjene; fred og kjærleik. Så banalt og så vanskeleg.
Sjølvsagt er det fint
med desse ljosa,
men det er trist óg
Sjølvsagt er me glade
for stjerna og songen
no ei lita stund
medan me ventar
på det me trur skal kome
Om att
og om att
sit me i tussmørkret
og håpar, –
sjølv om me veit
at som frostrosene
vil alt gå over

Snøen skin
rundt den vesle grana mi,
månen hjelper til.
Eg blir her ei stund
ventar
på at jula skal samle
meg og
oss.
Takk og lov
for at det er tid
nok.

Her på Ål kan me for tida nyte eit lett snødryss kombinert med mange vakre, kalde grader. Dersom eg knip att augo, ser det nokre stader ut akkurat slik det gjorde for 60 år sidan.



Eg ynskjer oss alle gode førjulsdagar, – uansett kva me går og ventar på.
Varm helsing frå
Karen-Margrethe