ALT DET EG HAR MED MEG HEIMANFRÅ

Kjære folk

Etter at eg kom til Ål, får eg stadig høyre dette:
– «Du liknar veldig på mor di.»
– «Du har same farten som far din, du.»

Dette har fått meg til å tenkje over alt det eg har fått med meg vidare i livet frå desse to. 
Eg kan også kjenne meg litt stolt når eg presenterer meg og eg får høyre den andre seie «Erlandsrud, ja, dei hugsar eg godt.»

Fortsett å lese «ALT DET EG HAR MED MEG HEIMANFRÅ»

ARV, RIKINGAR, BLÅFARGE OG MORGONKJENSLE

Kjære folk!

God morgon , – den 46. dagen i året. For dei som treng noko å feire, kan eg fortelje at i dag ville Anne-Cath Vestly ha fylt 100 år. Eg kan høyre stemma hennar no medan eg skriv, –  og i bokhylla har ho fått plass mellom Helene Uri og Bjørg Vik – eit trekløver til å bli glad av.

IMG_4610

Fortsett å lese «ARV, RIKINGAR, BLÅFARGE OG MORGONKJENSLE»