Kjære folk!
God morgon , – den 46. dagen i året. For dei som treng noko å feire, kan eg fortelje at i dag ville Anne-Cath Vestly ha fylt 100 år. Eg kan høyre stemma hennar no medan eg skriv, – og i bokhylla har ho fått plass mellom Helene Uri og Bjørg Vik – eit trekløver til å bli glad av.
Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Dei som har lese bloggen min ei tid no, har sett at eg lenge har vore opptatt av gapet mellom rike og fattige og at denne kløfta stadig blir vidare.
I 2014 fjerna Solberg-regjeringa arveavgifta. Eg har ingenting imot at folk jobbar seg til rikdom. Det skal løne seg å satse. Det skal løne seg å arbeide. Men er det arbeidet som skapar denne store skilnaden mellom dei styrtrike og oss andre som blir kalla «folk flest»? Sanninga er at det løner seg å arve. Sanninga er og at det blir samla mykje makt på hendene til dei som er så ubegripeleg rike. Når det blir lagt fram forslag på Stortinget om å innføre arveskatten att, då stemmer fleirtalet imot.

Eg spør;
- Er det truverdig når politikarar pratar varmt om å kjempe mot ulikskap og samstundes er imot at arvingane til desse styrtrike skal betale arveskatt på kjempeformuar?
- Er det greitt at ein kan arve fleire milliardar utan å skatte av ei einaste krone berre fordi ein har hatt kjempeflaks den dagen det vart utdelt foreldre?
- Var ikkje det å fjerne all skatt på arv ei gåvepakke til dei som sit øvst på toppen?
Eg kjenner til motargumenta:
- Generasjonsskifte i familiebedrifter kan bli vanskeleg.
- Ei gammal enke kan få problem med å bli buande i den digre villaen sin.
- Det har allereie blitt betalt skatt på desse pengane. To gonger skatt på den same krona er ikkje bra.
På grunn av desse argumenta må me snakke om botnfrådraget.
Dersom dette frådraget blir sett så høgt som for eksempel 50 millionar og det blir mogeleg å arve så store verdiar utan å betale skatt eller avgift, – kva då? Då må vel både enka og familiebedrifta klare seg og vel så det?
Me har 341 norske milliardærar. Dette opplyste økonomisida e24.no i september i fjor. Landets 400 rikaste har i snitt ei formue på 3,5 milliardar kroner. «Det siste året har de i snitt blitt 150 millioner kroner rikere» står det.
Gjev det noko meining at det er mogeleg å arve slike formuer utan å lyfte ein finger og utan å betale ei einaste krone til fellesskapet?
Eit ord å snu og vende på
Å flytte saman med einkvan i godt vaksen alder, er ikkje det aller enklaste ein kan gjere. Det veit eg. Den eine vil helst ikkje ha gardiner, medan den andre likar slike som har mange fargar. Den eine vil gjerne ha både blonder og frynser. Då er det ikkje så greitt dersom den andre likar best alt som er rettvinkla og utan ein einaste krusedull av noko slag. Hos oss gjekk det ganske greitt fordi me raskt vart samde om fylgjande: Det er ikkje så nøye kva slags farge alle tinga våre har, berre dei er blåe. Ordet mitt i dag er altså blå.

Blått er ein svært sjeldan farge i levande organismar. Likevel viser spørjeundersøkingar at blått er den mest populære fargen i verda. Grunnen til dette kan vere at favorittfargen er knytt til det me ser mest av. Himmelen er blå, havet er blått og fargen blir sjeldan kopla saman med noko som er negativt.

Blåfargen blir tolka som kjølig, opplevd som ein roleg og passiv farge og forbunde med ro og ettertanke. Dersom me skal tru på den informasjonen eg har funne her og der på nettet, så er det slik at blått både gjer blodtrykket lågare og syrgjer for at appetitten blir dårlegare.
For mange gir blåfargen assosiasjonar til «blåtonar» og melankolsk musikk. Snittalderen på blues-publikumet aukar og det er relativt få unge bluesartistar i Noreg. Dette bekymrar arrangørane for dei norske bluesfestivalane.
I Skandinavia og Storbritannia er blått fargen til dei konservative. Me kan omtale politikarar som alt frå lyseblå til mørkeblå, alt etter kor konservative me meiner dei er. Då Høgre og Frp sat saman i regjering, kalla me dei blå-blå. Kva slags blåfarge er det på den regjeringa me har no tru?

Blått er og knytt opp mot ord som eigentleg ikkje har noko direkte med fargen å gjere:
- Blåmåndag er ein dag som er så full av anger og/eller bakrus at det er naturleg å skulke skula eller halde seg heime frå jobben.
- Å ha blått blod i årene er ein gammal måte å fortelje at nokon er av adeleg eller kongeleg avstamming.
- Av og til finn me det naudsynt å blånekte.

Sidan eg er for ballanse, blir kanskje ordet mitt neste veke raud? Me får sjå.
Ei lita kjensle
Er dette ei kjensle det er mogeleg å kjenne seg att i? Det var i alle fall ikkje den verste måten å starte dagen på.
Dagen starta
heilt vanleg
som ein kven som helst-dag
i februar
ikkje noko spesielt morosamt
eller inspirerande å sjå
fram imot
Heilt vanleg
Det var berre det at
ein murrande,
prikkande,
hemmeleg latter ville opp
fram
ut
og vart til eit fnis
eit hikst
og ein latter
for ingenting
for alt
for livet
mitt
***
Ute spirer og gror det. Altfor tidleg. Dersom det kjem frost no, er eg redd for kva som vil skje.

Eg ynskjer dykk alle ein god laurdag vidare.
Helsing frå Karen-Margrethe