Kjære folk!
God sundagsmorgon!
Kor lenge er det til den tida då eg kan stå opp om morgonen og sjå at dagen har vakna før meg? Sjølv om eg likar vinteren, gler eg meg til å sjå morgonljoset ved sju-tida. Berre eitt par veker no, så er mars her.

Eit sitat eg vil dele
I Morgenbladet for 7. – 13. februar fann eg ein artikkel med tittelen «Besteforeldrenes frigjøringsfront». Her blir to kvinner intervjua om å bli eldre i Noreg. Eg vel å sitere frå noko av det dei ytrar i denne artikkelen som Martin Gedde-Dahl har skrive.
Kirsti Løken:
«Vi er noe som ikke passer inn i det ungdomsdyrkende samfunnet. Vi er ikke rynkefrie, vi er ikke lekre og veldreide. Vi er ikke babes. Jeg tror vi skaper uro i folks mentale bilde.
(…)
«Når mennene på gaten ser igjennom deg som om du var et glass med vann. Det er trist.»
Sissel Gran:
«I følge en undersøkelse utført i 2015 er bare 1,7 prosent av kildene i norske nyhetsmedier over 67 år, til tross for at gruppen utgjør 14 prosent av befolkningen.
(…)
Norge har nå seks statsråder i 30-årene, men ingen over 60.»
Eg skriv meir om alderdom mot slutten av blogginnlegget mitt i dag. Eg fann nemleg to bilete som sette tankeverksemda i gang.
Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Det er mange slags opplevingar det kan vere verdt å skrive om. I dag vil eg dele to episodar som eg slett ikkje er stolt av, men som samstundes fortel oss at det slett ikkje alltid står så aller verst til oss menneske imellom. Folk gjer innimellom faktisk alt det dei kan for å vere til hjelp.
Laurdag for to veker sidan var sonen min og eg ute og åt lunsj på Egon på Karl Johan. Vel heime fekk eg bruk for avtaleboka mi, men den var ikkje å finne nokon stad. (Eg veit at manuell avtalebok er gamaldags og at eg burde nytte kalenderen på nettet, men eg har altså ikkje kome meg dit.) Eg kjende meg ganske naken og hjelpelaus. Dette kom til å bli problematisk. Avtalar, fødselsdagar og timebestellingar låg no sannsynlegvis godt gøymt i ein avfallskonteinar i ei bakgate i Oslo sentrum. Utan å ha mykje håp, ringde eg Egon:
- Hei, eg lurte på om de har funne ei lita avtalebok?
- Ei grå ei med ein raud kulepenn?
- Ja, akkurat.
- Du kan kome innom og hente ho når som helst.
- Men eg bur i Holmestrand.
- Me kan sende den til deg. Er det den adressa som står på innsida av permen her?
Så reiste eg til Ål. Då eg kom heim, låg det ein konvolutt frå Egon i postkassa. System og orden var på plass att og eg var takknemleg over å få møte slik god service. Slikt skal ein ikkje ta som noko sjølvsagt.

Då me hadde kome til Lier, onsdag i førre veke, spurde mannen min: «Har du hugsa å ta med konsertbillettane?» Me sat i bilen, var på veg til Ål, – og laurdag var det Hellbillies-konsert. Eg hadde ikkje tatt med billettane og det hadde tydelegvis ikkje han heller. Me hadde køyrt 35 minutt, ikkje all verda, men det ville jo ta oss meir enn ein time å snu for å hente dei. Humøret i bilen var ikkje stigande. Utan håp denne gongen og, ringde eg Ål kulturhus:
- Hei, me sit no ein stad i Lier, på veg til Ål og billettane til konserten laurdag kveld ligg att heime. Me må snu, køyre heim att og hente dei, ikkje sant?
- Nei, det trur eg me skal klare å ordne. Kva namn vart billettane bestilt i? Ditt?
- Ja, eg trur det.
- Jau då, her er dei. Berre kom innom. Eg legg billettane her i ein konvolutt med namnet ditt på.

Då eg var innom kulturhuset, takka og klemde eg Wenke som hadde ordna dette så fint. «Det er ikkje noko å takke for», sa ho, «det er så fint for oss når kundane her er nøgde med det tilbodet me kan gje.» Deretter fortsette ho å snakke om gjensidig glede og å oppfylle positive forventningar. Eg tenkte; slik snakkar ein ekte kulturarbeidar. (Men bilete av seg i bloggen min, det ville ho ikkje ha.)
Dette har eg tenkt på denne veka
Kor mange år er det sidan nyttårskvelden 2002? Det var då eg for alvor braut opp og byrja på nytt. Det er meir 17 år sidan det, og dei åra har gått fort, alle som eitt. Innhaldet har vore mangslungent, knadd med opplevingar, alt frå slike som ikkje kunne ha vore betre om dei hadde vore funne på av verdas beste forfattar, – til dei dagane eg rett og slett vil kalle litt kjedelege. Innimellom har det og vore dagar eg med rette minnes som krevjande.
I 2002 var eg 49 år og kjende meg ung i heile meg. Det er ikkje like sjølvsagt at eg i dag vaknar og kjenner ungdommeleg tiltakslyst sitre i kvar einaste muskel. Av og til når eg går forbi ein spegel, tek eg meg sjølv i å lure på kva som har skjedd. Når var det at ho der inne i spegelbiletet vart slik litt gammal?


Kvifor sit eg no og tel år? Jo, eg tel attende i tid for å kunne tenkje framover. Korleis vil det vere om nye 17 år? Om eg er heldig, nærmar eg meg 84 år i februar 2037. Då har eg gått frå å vere litt gammal til å bli ganske gammal. Sidan eg sit slik og tel, blir det naturleg å tenkje over kva det vil seie å nærme seg alderdommen. Er det ikkje litt lurt å freiste å vere budd, tenkje positivt og gjere det beste ut av desse 17 åra som ligg framfor meg? Det er mitt ansvar å fylle dei. Det einaste eg veit heilt sikkert, er at når 2037 kjem, og eg ser attende, vil eg riste på hovudet og tenkje at jammen gjekk dei fort desse åra.
Eg har ikkje lyst til å ende opp som ei einsam gamlemor på ein aldersheim, – men kven har vel det?

Eg har gode vener som kvar veke, og til og med fleire gonger i veka, vitjar ei gamlemor på ein institusjon for folk som ikkje klarar kvardagen sin utan hjelp. Sjølv om dei nyttar mykje tid saman med mor si, har dei likevel dårleg samvit fordi mor kjenner seg einsam. Eg vil ikkje vere ho som skapar dårleg samvit hos borna mine, men korleis kan eg klare å unngå å gjere det? Det aller viktigaste for meg er jo at borna mine er lukkelege, og det er dei ikkje dersom samvitet plagar dei.
Det er omtrent 17% av pensjonistane i Noreg som seier at dei er einsame. Det å vere einsam er jo ikkje det same som å vere aleine, altså må einsemd vere ei kjensle, – ei subjektiv oppleving. Kva kan me gjere for at alderdommen ikkje skal bli prega av einsemd? Eit anna viktig spørsmål er kvifor kjensla av einsemd er så merkbar hos nokre gamle.
For oss menneske er sosialt fellesskap viktig. Men det kan vere krevjande å møte opp aleine ein stad dersom ein ikkje har så stor tru på seg sjølv. Det må altså vere einkvan der som legg til rette for at dei som vil ha nokon å prate med, får det. Dei som bur aleine, må ha nokon som fylgjer dei til sosiale tilstellingar. Og dei som bur på institusjon, … eg har høyrt mange fortelje om gamle som har blitt trilla inn i ei daglegstove og plassert der saman med andre gamle. Det er vel og bra, men det hjelp lite når den eine halvparten søv og dei som er vakne repeterer den same setninga om att og om att. Burde det ikkje vere eit krav å få vere sosial saman med andre som fungerer omtrent som deg sjølv?

Eg håpar at eg som gammal dame får behalde evna til å tenkje og til å uttrykkje tankane mine. Sjølv om kroppen blir skrøpeleg, kan livet vere godt. Eg er samstundes redd for å bli liggjande aleine på rommet mitt og tenkje på born og barnebarn, lure på kvar dei er, kva dei gjer og be til Gud om at dei alle har det bra. Eg er ei slik som har lett for å bekymre meg, og slik vil eg sannsynlegvis vere til eg døyr. Det einaste som kan jage tankar ut av hovudet, er at andre tankar trengjer seg på. Løysinga på dette kan ikkje vere noko anna enn at nokon tek seg tid/har tid til å stimulere tankane mine. Eg håpar det vil vere nokon der som
– trillar rullestolen min inn i kinolokalet
– skaffar ny lydbok i spelaren min
– les avisa for meg eller snakkar med meg om aktuelle nyhende
– krev at eg tek stilling til viktige dilemma
Dersom det skulle vere slik at det er kroppen min som fungerer og ikkje tankane, då ynskjer eg at dei som arbeider i den aller siste heimen min
– spelar poplåtar frå 60-talet over høgtalaren
– dansar med meg til eg ikkje orkar meir
– syng alle songane i Mads Berg si songbok saman med meg
– let meg luke i heimen sine blomebed
– blar i album med meg og fortel meg om att og om att om alle dei eg er glad i
Er dette mogeleg på institusjonane i dag? Er det nok tilsette til å ta seg skikkeleg av dei som bur der? Er det nok kompetanse og mange nok varme hender til stades? Får dei som arbeider med dei gamle nok betalt for jobben dei gjer? Eg er redd for at svaret på desse spørsmåla diverre er «nei».
***
Eg gler meg stort til resten av dagen. Barnebarnet mitt som fyller 12 år i år, fekk symaskin til jul. I dag kjem både ho og symaskina hit. Me skal ha sy-kurs. Dette blir ein stasdag.
Eg ynskjer for alle som les dette at sundagen blir ein stas-sundag, – uansett kva dagen skal brukast til.
Helsing frå Karen-Margrethe