Kjære folk!
Eg håpar det står bra til denne sundagsmorgonen!
Ein forskar fann i 2018 ut at dei som bur i Oslo sentrum trivst betre enn dei som bur 5 – 15 km unna bykjernen. Det viser seg at sentrumsbuarane er svært nøgde med det sosiale livet sitt. Dette gjeld også familiar med born. I betre form er dei og.
Eg er i Oslo denne helga og trivst godt med å vere det.

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Eg kunne ha skrive om sædcelleskulpturen i Stange, insektburgaren frå Meny eller om noko av det andre morosame som har vore i media i det siste, men det vil eg ikkje. I dag vil eg skrive om den aller mest spanande TV-sporten. Eg skriv ikkje fordi temaet har mangla merksemd og spalteplass. Langt ifrå! Dette er berre for moro. Moro for meg og for mange med meg.
Eg sette meg godt til rette allereie torsdag i førre veke i god tid før den blanda stafetten byrja. Spaninga tok ikkje slutt før det siste skotet. Det vart den fyrste gulljubelen. Pangstart! Dag 2 vart det ny jubel; Marte Olsbu Røiseland vann gull og gulltårene rann. Deretter har det vore både opp- og nedturar. Flest opp, – og eg har jubla.

Kva er det som gjer skiskyting så spanande?
Skiskyting er ein kombinasjonsidrett som imponerer meg fordi denne idretten stiller så store og så ulike krav. Når utøvaren kjem mot standplass, har han eller ho ein gjennomsnittleg puls på 190-195. Når det siste skotet er fyrt av, ligg pulsen på omtrent 140. Så er det på med børsa for å kome seg av garde i skisporet att.
Blinken er 50 meter unna og måler 11,5 cm i diameter når utøvarane står, – og 4,5 cm når dei ligg. Skyttarane kan berre stole på seg sjølv når dei i tillegg til å kontrollere puls, dirrande nervar og musklar fulle av mjølkesyre, skal vurdere veret og vinden.
Eg er ikkje aleine om å like å sjå skiskyting på tv. Under verdscupavslutninga i Holmenkollen var det totalt 49 millionar sjåarar som benka seg framfor tv-skjermane. 2,68 millionar av dei var norske. Slik stod det i alle fall å lese på nettet, – og då er det vel sant.
Arrangørane sparar det aller mest spanande til slutt; i dag er det stafettar og i morgon sender dei utøvarane av garde i fellesstart. Det vert garantert høg puls framfor tv-skjermane og.
Eit ord å snu og vende på
Raudt blir rekna som ein varm farge og er den fargen i naturen som både stimulerer og varslar mest. Den markerer både at noko er farleg og giftig.

Som symbol har raudt stått for alt frå kjærleik og energi til sinne og krig.
Raudt er blodet sin farge og det seiest at pulsen vår aukar i raude rom. På blomsterspråket tyder raudt «eg lengtar etter deg». Dersom du sender rosa blomar til nokon, seier du at du er forelska, medan raude roser tyder «eg elskar deg».
Kva slags raudfarge blir det på ei eventuell regjering som skal bli støtta av denne gjengen?

Her er for moroskuld den fyrste setninga som dukkar opp når eg går inn på partia sine heimesider:
Rødt: «For Rødt er kampen mot Forskjells-Norge den aller viktigste.»
SV: «For de mange – ikke for de få»
Arbeiderpartiet: «Vi vil ha sterkere fellesskap. Vil du?»
Senterpartiet: «Nær folk i hele Norge»
MDG: «Ingen er perfekte, men alle kan gjøre litt.»

Me har vel alle hatt og me har vel framleis ymse omgang med denne raudfargen:
- I skuletida kom stilane våre attende frå læraren etter at ho hadde tatt raudblyanten i bruk.
- Når me skal lese og forstå ein tekst, er det ein klar fordel at me finn ein raud tråd, altså ein indre samanheng eller ein gjennomgåande idé i det me les.
- Ein person som blir omtala som raud, høyrer til på den politiske venstresida. Partiet Raudt har forresten dobla medlemstalet sitt dei to siste åra.
- Raud løpar er ei matte som blir rulla ut der prominente gjester skal gå.
Laurdag er godteridag. Dersom du får raudt godteri i godteposen i dag, er sjansen stor for at du kjem til å ete stoff frå insekt. Karmin kjem frå ein type skjoldlus som er rik på raudfarge.

Kanskje du er av dei som likar raudbetar, har vore raudruss eller er ein som har lett for å raudne?
Hugsar du kven Eirik Raude er?
Ikkje eg heller.
Ei lita kjensle
Eg skulle så gjerne ha lyfta stemninga endå litt høgare denne laurdagsmorgonen, men det er slett ikkje alle som kan seie at festkjensla er den mest framtredande. Dei fleste av oss vil ein eller fleire gonger i livet kjenne seg ganske aleine med alt som er vanskeleg. Det er det vel og verdt å hugse på.
Er du einsam då?
Når det er så stille
at veggane ropar
langsame ord
om att og
om att
Når dagane
blir så lange
at du skvett
av ditt eige
vesle «hallo»
Når du takkar
og tek imot
det kalde dynetrekket
og varmen frå dusjen
som kjærkomne
kjærteikn
Er du einsam då?
Rekk opp handa, alle dei som har kjent seg einsame. No er det er mange hender i veret. Mi og. Du er ikkje aleine!
***

Eg ynskjer alle, både i bygd og by, ein god laurdag.
Helsing frå Karen-Margrethe