POPULISME, CHESS OG KVEN LES KVA

Kjære folk!

Det er fastelavnsundag i dag. Frå gammal tid var dette kvelden før byrjinga på fastetida. Det var om å gjere å få i seg nok næring og dagen vart og kalla fleskesundag. Fastelavnbollane er det einaste me har att av skikken med å ete ekstra godt før ein gjer seg klar til å faste.

IMG_4649
Ver så god. Ta deg ein bolle!

Eit sitat eg vil dele
«Reinspikka populisme», seier me når Frp stadig snakkar om kva «folk» meiner, – og så ristar me på hovudet. «Populistar» blir senterpartistane kalla når dei nyttar kvar einaste anledning til å snakke om «reformene som skadar Distrikts-Noreg», – og så rynkar me på nasen.

Store Norske Leksikon definerer populisme slik:
«Populisme er betegnelsen på en ideologi, strategi eller kommunikasjonsform som appellerer til «folket», som motsetning til «eliten».

I Noreg har populisme blitt eit politisk skjellsord. Frp blir skulda for å vere høgrepopulisme, Senterpartiet for agrarpopulisme. Tullar me med begrepa her?

I Klassekampen 15. februar skriv Bjarne Rohde:
«Populisme handlar (…) ikkje om høgre eller venstre, eller for den del om vindkraft, innvandring eller EU. Populisme handlar om å høyre på folket. Det handlar om å ha makt, ikkje berre for å styre, men på vegne av noko større enn ein sjølv. Men for å kunne representere ei større bredde, for å kunne lytte til fleire perspektiv, må vi også invitere dei inn for å fortelje.» (Bjarne Rohde er fylkesleiar i Troms og Finnmark SV)

IMG_4651

Eg har høyrt politikarar nemne nasjonalisme og populisme i same andedrag. Det trur eg er ei farleg samanblanding.

Er det ikkje klokt å forstå populisme som det det er, som ein strategi eller eit retorisk grep? Me veit at populisme finnes i alle politiske retningar. Me kan like eller ikkje like politikarar som nyttar populistiske strategiar, men eg trur det er uklokt å redusere populisme til å vere berre eit skjellsord. Det er i alle fall ganske arrogant å ikkjeta omsyn til kva folk meiner.

For meg er det slik at når det er gjennomført spørjeundersøkingar, sendt ut noko på høyring, gjort forsking eller gjennomført ei meiningsmåling som fortel at eit stort fleirtal av folk meiner noko, – då er det ikkje populisme å ta omsyn til dette når den politiske strategien blir lagt for framtida. Men det er noko heilt anna når politikarar vel å bruke gruppenemningar som «skattebetalarane», «vanlege folk» eller «folk flest» som argument i politiske debatter utan å kunne vise til fakta. Det er det som fortener bruk av skjellsord. Slik generalisering ynskjer i alle fall ikkje eg å bli inkludert i.

 Ei oppleving eg vil bere med meg vidare
Den fyrste musikalen som Benny Andersson og Björn Ulvaeus skapte, var med på å definere for ein heil generasjon kva ein musikal var.

Då eg tok plass i Folketeateret fredag kveld, var eg nesten litt nervøs. Fleire av songane, for eksempel «I Know Him So Well» og «Anthem», har betydd såpass mykje for meg at eg var småredd for at noko skulle bli øydelagt denne kvelden.

IMG_4667
Svært spent på kva kvelden vil bringe.

Eg hadde sett at dei fleste avisene hadde trilla terningen og landa på 5. Eg var likevel usikker. Korleis ville det bli når alt skulle framførast på norsk? Ville solistane halde mål? Kunne dei klare å kalle fram litt gåsehud og nokre tårer? Ville 2 – 3 timar bli litt i lengste laget?

Eg er ei teater-sippe av rang, men eg vart ikkje berørt. Kvar blei det av gåsehuda og klumpen i halsen? Reint scenisk vart det nok av og til litt mykje skyving av kulisser hit og dit, men det er nok slik det måtte vere. Scena var fin den. Det gjorde heller ingenting at det av og til vart nokre sprekkar på toppane. Nei, Sanne Kvitnes, Marion Ravn og resten av gjengen song det dei var gode for. Av og til var det rett og slett vakkert, likevel nådde dei ikkje fram til meg. Dei kom ikkje over scenekanten og dei trefte ikkje hjartet mitt, – sjølv om Susanne Kvitnes har ei fantastisk røyst.

Musikal er ein krevjande disiplin. Dei som innehar dei berande rollene, skal kunne alt innan scenekunst, – ikkje berre synge. Eg skjønar godt at kjendisnamn gjer seg godt på plakaten, men det finnes artistar i Noreg i dag som er utdanna musikalartistar. Kvifor blir ikkje desse brukt? Kvifor får ikkje fleire av dei anledning til å skine på Folketeateret si scene?

IMG_4668

For all del. Gå og opplev Chess dersom du kan.
Handlinga var fortetta og handla ikkje berre om ei sjakkturnering under den kalde krigen. Her vart både fridomen og kjærleiken sett på spel.
Eg vil spesielt nemne dansarane. Dei var i ei klasse for seg og gav liv til handlinga når dei i små tablå fortalde oss om noko av alt det som låg bakanfor.
I grava sat 13 musikarar som absolutt gjorde seg fortjente til løna si. Dei spela som for livet og klarte å gje meg gode, symfoniske opplevingar. Eg må også nemne ljoset som skapte fine stemningar.

IMG_4640

Førestillinga fortjener heilt sikkert alle femmarane sine. Det er eg som bør få ein trear. Eg er for kritisk og har altfor høge forventningar til det meste.

Dette har eg tenkt på denne veka
Me les ganske mykje heime hos oss. Mannen min les historiske dokumentarar og biografiar. Eg les samtidsromanar og poesi. Dei bøkene me likar, får plass i bokhylla, alfabetisert etter etternamnet på forfattaren.

IMG_4642

Når eg er på ferie, les eg ofte lettbeinte romanar av utanlandske, kvinnelege forfattarar. Dette er stort sett slikt eg kan leggje frå meg, både fysisk og å la vere å tenkje meir på når eg reiser heim. Han les krim. Begge les berre for tidtrøyte og underhaldning når me er på ferie. Kall det gjerne ferieutflukt for hjernen. Dersom eg har tatt med meg for få bøker, må eg med litt uvilje gå laus på hans kriminalromanar. Eg les, men likar det eigentleg ikkje. (Eg veit det, – det finnes noko som heiter lesebrett, men eg vil ikkje vite om det. Eg vil ha bøker på papir.)

Dette har fått meg til å fundere over kva slags mennesketypar som les kva slags litteratur. Eg har søkt på det store nettet, stilt alle mogelege spørsmål og sett saman alle dei ordkombinasjonane eg kunne kome på. Resultatet vart heller magert. Men litt finn ein jo alltid.

Det er visst slik at dei som er ihuga lesarar av bokseriar, les meir enn dei som låner bøker på biblioteket og/eller kjøper bøker hos bokhandlaren. Ja vel, men eg finn ingenting om kven det er som vel kva og kvifor folk vel å lese akkurat det dei les.

Det seiest visstnok at folk les krim for å gløyme det verkelege livet. Andre meiner at krimbøker står for den kjappe underhaldninga som er skrive for folk som ikkje orkar å engasjere seg i seriøs litteratur. Eg trur dette er tull. Dei få krimbøkene eg har lese, var realistiske skildringar av nettopp vonde ting me kan møte i kvardagen. Ikkje var det dårleg skrive heller.

Grunnen til at eg ikkje likar å lese krim, er at mange skildringar er såpass råe og grove at eg ikkje blir kvitt dei bileta som vert til inne i hovudet medan eg les. Eg synes kvardagen kan vere krevjande nok utan alt dette.

IMG_4641
«En bok bør tjene som en øks for isen i vårt indre.»  Franz Kafka

Medan eg leita etter svar på kven som les kva, kom eg over ein studie som viser at folk som les mykje romantisk litteratur, krimbøker og thriller-historier, skårar høgare enn andre på empatitestar. Studien sa ingenting om at det var lesinga som var årsaka. Det kunne like gjerne vere at det er empatiske menneske som vel å lese slik litteratur. (Det var dette med høna og egget, du veit …)

I ein artikkel i Dagsavisen frå 2016 vart det referert til den engelske litteraturprofessoren Lisa Jardin som har funne ut at menn likar best å lese litteratur skrive av andre menn. Frå Noreg veit me at når det gjeld barne- og ungdomslitteratur, les jenter bøker for begge kjønn medan gutane helst les typiske gutebøker.

Cecilie Naper er førsteamanuensis i litteratursosiologi. Ho seier at dei to viktigaste tinga som bestemmer lesevanane til folk, er utdanning og kjønn. I ei undersøking har ho også funne ut at menn helst vil ha bøker med stive permar medan kvinner gjerne kan lese ein brukt paperback.

IMG_4644
«Den som leser mye, får av og til lyst til å skrive.» George Crabbe

Ja, ja, – då fann eg i alle fall ut noko som eg veit stemmer; det er ikkje kvaliteten på permen som bestemmer kva eg ynskjer å lese. Men eg er framleis like blank når det gjeld personlegdom og val av litteratur. Men er det så nøye? Eg veit jo heller ikkje noko om kven som likar blues betre enn opera.

***

I dag forlét eg storbyen og gler meg til ei ny og innhaldsrik veke.
Takk for meg denne gongen, Oslo.

IMG_4674

God sundag til alle!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere liker dette: