VAKSINENEKT, VÅRSUG OG ALLE HAR SITT

Kjære folk!

Om du synes det er for tidleg eller for seint, om du har sove godt eller vore mykje vaken, så ynskjer eg deg ein god laurdagsmorgon. Laurdag er det uansett. Eg for min del likar desse helgemorgonane, – å setje seg ned og skrive medan dagen blir stadig ljosare der ute.

IMG_4696
God laurdagsmorgon!

Eit nyhende som har fanga merksemda mi
Akkurat no er det ikkje rom for andre helsesaker i media enn om coronaviruset. Eg freistar likevel å fokusere på eit anna virus.

Det er ikkje sjeldan at det dukkar opp ein vaksinedebatt i media. Slik har det vore i fleire år, – no sist for ein del dagar sidan då ein barnehageunge i Oslo vart innlagt på sjukehus med meslingar. Det gjekk heldigvis bra.

Det siste «mesling-talet» eg fann var dette: I 2015 døyde 142 000 menneske i verda av meslingar. Verdens helseorganisasjon (WHO) opplyser at dette var 15% fleire enn året før.

Meslingar er ein svært smittsam virussjukdom som spreier seg ved dråpesmitte. På verdsbasis er meslingar den vanlegaste dødsårsaka av dei barnesjukdommane som ein kan førebygge med vaksinasjon.

IMG_4688
Utslett – meslingar.

I 2019 gav WHO ut ei liste over dei største helseutfordringane verda står ovanfor. Blant utfordringar som ebola og global oppvarming, står vaksineskepsis og vaksinenekt. Dette er eit problem som det burde vere enkelt å løyse.

Obligatorisk innkalling til MMR-vaksinasjon er eit enkelt verkemiddel for å heve vaksinasjonsdekninga. Og kvifor skal det vere frivillig å vaksinere borna sine? Det forstår ikkje eg.

Vaksinemotstand er livsfarleg. Når foreldre vel å boikotte vaksineprogrammet, er ikkje det eit val dei gjer berre for sin eigen unge. Det kan ramme alle innbyggjarane, ikkje minst dei som av medisinske årsaker ikkje kan la seg vaksinere.

I 2016 erklærte Storbritannia at meslingane var utrydda. I 2019 dukka sjukdommen opp att. Me må ikkje tru at me ikkje er sårbare her på det vesle berget vårt.

Eit ord å snu og vende på
Eg er så sugen på vår, – difor er det vår som er ordet mitt i dag. Gradestokken vinglar mellom kalde og varme grader. Det har ikkje vore ein einaste snøflekk å sjå nokon stad i Holmestrand på lange tider, – før akkurat i dag då det såg ut slik då eg stod opp.

IMG_4736
Vintermorgon eller vårmorgon?

Under den vesle snøen ligg hagen og lokkar med små, grøne spirer sjølv om det er fleire minusgrader ute. Torsdag tok eg desse bileta:

Det er mars i morgon. Då er det vår, ikkje sant? Meteorologisk sett reknar me våren for den perioden der gjennomsnittstemperaturen er på 0 – 10 grader og temperaturen er stigande. Slik sett har det innimellom likna på vår lenge her sør på Austlandet, men med nokre få og merkelege vinterdagar innimellom.

No kjenner eg at våren byrjar å krible og klø litt forsiktig inni meg. Eg ventar på den kjensla som eg elskar; å kjenne seg som ei lita jente på veg ut i skogen med det nye forstørringsglaset mitt i handa. Med alle sansane vidopne skal eg

  • Ruske og rydde i hagen
  • Så frø og drøyme om sumarleg blomsterflor
  • Gå tur utan å måtte ta på meg ein haug med klede
  • Finne hestehov i møkkete vegkantar
  • Høyre fuglesong, stå heilt roleg og sjå små fjørballar leike seg i buskene
  • Gå på loppemarknad og Bondens marknad og kjøpe noko eg ikkje treng
  • Pynte meg utan å måtte ha med skobyte
  • Få bord ute i sola når eg er på kafé
IMG_4697
Frøpakkene ligg klare.

Eg gler meg ikkje fullt så mykje over at sola skin på vindaugsflatene slik at dei krev å bli vaska. Vårreingjering er berre moro etter at det er gjort. Då kan eg setje meg ned med vårsol i andletet og kjenne meg litt vårflink.

Ei lita kjensle
Dei fleste av dagane mine, er det berre meg, berre han og eg eller oss og nokre få andre. Men nokre gonger, når eg er midt iblant mange, då kan det av og til kjennes som veldig mykje.

IMG_4700

Alle desse menneska
dei lange og dei stutte,
dei gamle og dei unge,
dei tynne og dei litt meir butte
dei tenkjer alle sitt og
saknar,
lengtar,
syrgjer,
slit og ber sine bører,
gjer så godt dei kan
i kvart sitt liv.
Smiler.
Kva veit eg om alle dei andre?
Kva veit eg om noko i det heile?
Eg kan i alle fall freiste

å ikkje gjere det verre
for nokon av dei.

***

Som me veit, er eit skotår eit år som har eit dygn meir enn det eit normalår har. «Skot» viser at ein «skyt inn» litt ekstra i året. I dag, 29. februar, er det skotårsdag.

På skotårsdagen kan jenter, etter gamal skikk, ta initiativet til giftarmål. Dersom jenta fridde, kunne ikkje guten seie nei utan å få bot. Bota var at han måtte skaffe 12 par hanskar til jenta slik at ho kunne skjule at ho mangla ring.

IMG_4699

Me som ikkje skal fri, kan sjå på denne dagen som ein ekstra dag som me kan bruke til å gjere noko ekstra moro, ekstra snilt eller ekstra fint. Dette er eit ekstra høve til å vere ekstra merksam og kanskje finne noko me ikkje visste at me leita etter. Eit bortgøymt hanskepar kanskje?

Lukke til med dagen din!

Helsing frå Karen-Margrethe

Forfatter: Kjærefolk

Litt om meg: - Har avslutta ei mangslungen karriere innanfor norsk skulevesen. - Har eit meir enn 100 år gammalt hus i Ål i Hallingdal, og synes at det er stas. - Gift, mamma, farmor og bonus- både det eine og det andre. - Stort sett blid, glad og nøgd med livet. Kvifor byrjar ei litt gammel dame med blogging? Eg bloggar fyrst og framst fordi eg er glad i å skrive. Det kan jo også hende at det finnes einkvan som har interesse av å bli invitert inn i kvardagen og tankane til eit heilt vanleg kvinnfolk.

%d bloggere liker dette: